Archive for Meta

God jul!

Har ikkje ei heil gran i hus, men måtte ut og hente ei grein.

Stova var plutseleg full av julekuler fordi eg trong eskene dei låg i.

Dei heimelaga meisebollene laga i farmor sine sandkakeformer måtte jo pakkast inn på høveleg vis.

Takk for alle fine pakkar! I natt har eg sove godt i ny nattdrakt med sauer på.

Og bessede så blei det kvitt ute.

Gjetarhundkurs

gjkurs2

gjkurs1

I helga har eg og Ikko vore på gjetarhundkurs i Sandeid med Alexander Strøm. Flink instruktør og kjekke folk!

Ikko var kjempeflink. Superkonsentrert når han jobba med sauene, og hørte til og med på meg, spesielt når han fekk nærme seg sauene. La seg ned på kommando. Sleit litt meir med å få han til å gå vekk frå sauene. Han har mykje å slekte på i far sin, og liknar visst både i utsjånad og potensiale. Men han er knallhard. Eg likar han kjempegodt, han er morosam å jobbe med, men det har blitt tydeleg at han kan trenge ein meir erfaren førar.

Eg tenkte tanken før eg reiste på kurs. Både at det hadde vore litt greit om nokon hadde eit forslag til ein annan hund som ville fungere betre i lag med meg, og at det ikkje ville vere så usannsynleg at nokon såg kor god han kunne bli. Eg blei derfor ikkje så overraska då instruktøren spurte om eg var interessert i å bytte i mot ein mjukare hund han hadde. Eg slo til nokså fort, og sjølv om det kan vere ein underleg ting å gjere sa kjennes avgjersla rett. Ikko blei med Alexander med ein gong. Få det gjort så fort som muleg var min umiddelbare tanke. Eg merka at heile meg innstilte meg på overgangen, og det er ikkje kjekt å drøye.

Så eg hentar denne karen på fredag:

Yey, masse fine ting!

❤ Ingen har finare bror enn meg! Han kan til og med skifte eksosanlegg på bilen min.

❤ Fin liten freudian-slip på jobb i kveld. Eg skulle seie: «Det var då eg hopte i høyet eg fann ut eg var allergisk.» Eg sa: «Det var då eg hopte i høyet eg fann ut eg var gravid.»

❤ Har hatt latterkrampe med tåresprett allereie tre gonger i år. To av dei var på jobb.

❤ Nevø som vil ligge i fanget mitt og drikke mjølk frå flaske før han skal legge seg.

❤ Vener som kjem og hentar meg i bil når eg har gått meg vill på Sæbø.

❤ Både Vikingstad-vêren og Grønningen-vêren har virka. Ingen tomme sauer!

❤ Ja, også «Lars and the real girl» då. Finaste filmen!

It’s camouflage

12. i 12. i 1912 klokka 12

Og mens resten av Norge feirer at det er hundre år sidan Thorbjørn Egner blei fødd, får me her inne, eventuelt berre meg, feire at det er hundre år sidan mormor blei fødd! Så skulle eg så gjerne ha skrive mykje og godt og lenge og fint om denne fantastiske dama som eg nok alltid har identifisert meg med i stor grad. (Ja, er nokså nøgd med meg sjølv òg). Men eg er svolten akkurat no, driv og bryggjer kaffi (ei drikke mormor nøyt i store slurpar med påfølgande mmm) og skal ha meg nokre brødskiver til lønsj. Skal ta godt med smør på, for det likte mormor også godt. Det blir nok brunost og tyttebærsyltetøy oppå smøret. Eg trur også mormor ville vore nøgd med meg i dag. I dag er eg budeie, har mjølka, gitt kalvane, måkt skit.

Og berre for å live opp litt, og fordi kaffi og brødskiver er varme og magen svoltnare enn før legg eg inn bilder frå fjosen på Stongå. Garden mormor gifte seg til, plassen som for meg er mykje mormor. Bildene er av kalven Knåvard, pusekatten makrell som viser meg kor ho og broren har vore om natta, og Makrell og meg som måker skit (Ho likar å sitte på skuldra når eg arbeider. Forrige fredag sat ho der i ein time i strekk)

Her er sikkert skrivefeil, kommafeil og andre feil, for det gjekk nokså fort. Så gjer ein som mormor gjorde då ho gjekk på skulen: ,,,,,…..,,,..,,,.. Spre eder!

Fint i mai

♡ 17.
♡ Å ikkje bli så utslått av varmen at ein trekkjer innandørs, men faktisk blir full av energi, lagar steinbed og plantar blomar og trer.
♡ For det er fleire måtar å skaffe seg bjørk på. Ein kan kjøpe ho, så bjørkefrø eller, som meg, berge dei som har vore så lure å slå rot under autovernet.
♡ Nevøen ålar seg bortover på mage og armar full av vilje til å komme seg opp og fram i verda.
♡ Niesa har funne ut at tante likar å bygge med Brio.
♡ Det går an å sykle med to hundar i springeren oppover Melandbakken forbi ein gøyande hund utan at det går gale på noko som helst vis.
♡ Dei gamle Ecco-sandalane eg fann i ein tilbudskasse i Oslo for nokre år sidan, allereie då veldig utdatert eller mulegvis klassiske, er fullt brukelege og faktisk litt søte.
♡ Sokkar i sandalane er lov (jo, det er det!).
♡ Det er framleis mormor-år (og Torbjørn Egner var så heldig å bli fødd på nøyaktig samme dag).
♡ Eg har klipt plenen. To gonger.
♡ Torvastad.

Svømme!

Har svømt! Planla å skrive så flott at eg hadde svømt 1500 meter og overgått elevane mine som svømte 1000 meter i Haraldshallen idag. Men tall må innom kalkulatoren fyrst. Det viste seg at eg hadde svømt 750 meter. Likevel, veldig fornøyd. Og eg hadde klart 1000 også, det blir neste gong. Det blir definitivt ein neste gong. Bassenget i Karmøyhallen har krympa ein god del siden sist eg var der, men til gjengjeld er eg ikkje nærsynt lenger.

Svømming er ein fantastisk måte å trene på. Det gjør ikkje vondt i det heile tatt heilt til du kjem opp av bassenget, og kjenner at alle musklane har vore aktive. Eg enser nesten ikkje verda rundt meg når eg svømmer. Eg unngår å kollidere med folk, men eg ville ikkje sett om det var kjensfolk i vatnet. Eit tak under vatn: utpust, eit tak over vatn: innpust. Jamt, trutt, tankelaust og fint.