Archive for Dyr

kveldssol

Sauene nyter kveldssola, ferdige med foreldreansvaret for i år.

Ei saueforteljing med lukkeleg slutt

I dag har me hatt inne sauer og lam for å vege alle lamma. Då nytta me høvet til å ta ei oppteljing av både sauer og lam. Ein sau og dei to lamma hennar mangla, og etter ein lunsjpause gjekk eg ut for å leite. Sauene våre er på heimebeiter som alle er i gåavstand frå sjølve garden. Eg har ein mistanke om kva retning eg skal gå, og finn dei nokså lett.

Eg går nordover «Nord hos han Einar» og får auge på ein sau og to lam aleine (heldigvis) i naboen sitt beite heilt nede i på Sæbøsida i Gråbjørg, bekkedalen som skil Sæbø frå Skjølingstad. På litt nærare hald ser eg at det er våre dyr (dvs bror min sine). I denne dalen ender ein smal bekk ut i ei vik som peiker mot Røvær. Sjølve dalen er på vår side av gjerdet. Han er ikkje brukandes til så mykje, her er det nokså vått, men det hender sauene går ned dit og finn eit strå og to. Eg går langs gjerdet for å finne ut kor dei har gått over. Kanskje kan eg få dei til å gå tilbake dit dei kom i frå. Nesten heilt nede i vika finn eg ei nokså stor glipe under gjerdet der eg er sikker på at dei kan komme seg tilbake. Eg reknar med det er der dei har snike seg over. Sau og lam går langs gjerdet eit stykke lenger oppe, så eg går for å hente dei. Eg gjetar dei roleg langs med gjerdet, men då me kjem til glipa går dei ikkje gjennom. Dei er heilt rolege, så eg putlar litt rundt for å finne noko eg kan dekke til glipa med etterpå. Når eg kikkar opp igjen ser eg at sauen har gått over på andre sida av gjerdet. Ho har ikkje gått gjennom glipa, men antakeleg hoppa over gjerdet ein plass der det står litt på skrått og derfor er lågare. Sauen har nok tenkt i sitt sindige sinn at -Der kjem Kathrine. Då vil nok ho at me skal gå heim igjen, så då gjer eg det.

ronja-3

Lamma derimot fekk ikkje heilt med seg dette. Dei står igjen på feil side av gjerdet. Sauen står og ventar på dei, og brekar litt for å seie at dei må følge etter ho. Det får dei ikkje til. Dei går langs gjerdet sørover, og sauen går eit stykke sørover rette vegen i forhold til dit me skal gå for å komme dit dei andre sauene er. Men, men må jo også få med oss lamma. Eg snakkar med lamma og med sauen. Sauen kjem tilbake og går heilt bort til gjerdet og pratar litt med lamma sine. Eg må prøve å få lamma bort til glipa i gjerdet, men då må eg også få sauen til å følge med oss nordover. Eg fortel sauen kva med må gjere samtidig som eg går eit lite stykke bak og til side for lamma slik at eg kan gjete dei langsmed gjerdet. Eg pratar og smattar på både lam og sau. Sauen forstår kva me held på med. Ho følger med på rette sida av gjerdet, og me går roleg langsmed gjerdet nordover. Sauen lengst aust, lamma i midten langs gjerdet, og meg eit lite stykke oppe i skråninga inne i Sæbøbeitet.

Når me kjem til glipa i beitet må sauen gå heilt ned i vika ut på sanden. Det er heldigvis fjære. Lamma finn ikkje opninga, og går heilt ned langs gjerdet der det ender ut i sjøen. Men me prøver igjen. Eg på eine sida av dei, sauen på andre sida. Samarbeidet er så flott at det skulle vore festa på film. Nokre meter sørover igjen berre. Eg er heilt sikker på at det kjem til å gå bra denne gongen. Eg er ein gjetar. Rette avstand til dei er viktig. Rette ro i stemme og rørsler. Eg godsnakkar og skryt med mild stemme. Lamma står like framfor glipa og tenkjer seg om. Det eine lammet bøyer hovudet og undersøker. Kan dette vere vegen til ho mor? Våger seg fram, smetter under gjerdet. Det andre lammet følger etter. Eg tek like godt same vegen eg óg. Det vanskelege jobben eg gjort!

Eg veit ikkje kor lang tid det tok. Ti minuttar? tretti? Uansett så var det gøy. Fascinerande. Ein studie i etologi. Nesten like fin er resten av turen. Me må gjennom fire beite for å komme dit dei andre er. Sauen kan vegen. Sau og lam går foran, eg følger etter. Me tar det roleg. Kvar gong me må opne grinda til neste beite står sauen fint og ventar med lamma sine. Sauen veit kva Kathrine vil. Sauen vil det same. Tilbake til flokken, til alle dei andre. Ho har sett dei heile tida. Sett dei er i Hylfihoien. Då er det ingenting å krangle om. Berre minuttar etter at sauen og eg fekk lamma inn på rette sida av gjerdet har me spasert gjennom fire beite og komme oss inn i det femte. Sau og lam er nøgd, og eg er stolt av både meg sjølv og av sauen.

ronja-2

(Fine Ronja har fått illustrere innlegget)

Svartefot

I fjor fekk me ei overrasking. Ei av ti innkjøpte sauer av rasen Norsk kvit sau fødte to lam med kålsvarte føter og gråbrunsvarte detaljar. Det er ikkje uvanleg at sauer av denne rasen har svarte prikkar, men denne sauen har nok noko ekstra i stamtavla som ikkje dei andre har. Eit av lamma har fått bli, mykje fordi ho er så veldig kjekk og grei. Ho heiter Ronja og skal bli mor neste år.

ronja

ronja2

ronja3

I dag har ho fått søsken, tre i tallet. To av dei er nokså kvite, men i ein litt gråare nyanse enn dei andre lamma me har. Eit tredje, eit saulam, har fått skikkeleg svarte føter og masse fine svarte detaljar.

svartefot2

svartefot4

svartefot3

Eit av lamma har blitt flaskelam. Her får det litt ekstra pleie på fjoskjøkenet. Eg gir det ein ekstra dose råmjølk, Cap slikkar det reint og tørt. Mykje ein gjetarhund skal lære.

svartefot

Kos i fjos

Lamminga er godt i gang på Skjølingstad. Lam nr. 20 kom i dag. Det er ventande omtrent 78 lam. Me brukar ikkje å gje namn til alle, men nokre heldige får likevel æra.

Dette er Primula, fyrste lammet i år. Flott saulam som har eit heilt jur for seg sjølv.

fjoskos2

Så har me Lykkeliten. Sonen til ein sau som ikkje eigentleg var eit godt morsemne. Ein av tre puslingar i forfjor som blei med over nyttår for å bli litt større slik at dei kunne bli påskemåltid. Så blei det slik at dei fekk ein sjanse. Eg trur kanskje mor hans er ein sau med psykisk utviklingshemming. Ho avviser han ikkje på vanleg vis. Forstår berre ikkje heilt kva som er meininga med han. Lammet får drikke om me står og held på sauen. Treng ikkje holde ho fast, berre stoppe ho frå å gå vekk. Holde ein hand på ho. Lammet har fått litt flaskemjølk også. Når me kjem med flaska blir sauen heilt i hundre. Ho vil ha flaske. Har vore flaskelam sjølv og ikkje heilt fått med seg at ho har blitt vaksen.

fjoskos1

Men i dag tok eg dei på fersken i å få måltidet til utan hjelp.

fjoskos4

Denne dama trudde me skulle ha to lam i fjor, men så fekk ho tre. Då var ho fyrstegongsfødande, og blei nokså tynn. Men ho har næringsvét, og har fått ekstra mjøl i drektighetsperioden. Nå har ho laga seg fire lam.

fjoskos5

Så har me denne makalause karen som har forstått forskjellen på fjos og beite. Han tuslar roleg rundt i fjosen. Ligg og kikkar. Sauene er så vande med han at dei ikkje bryr seg om han. Like gjetarinteressert når me er ute.

fjoskos3

Cap

Cap har vore hos oss i ei veke. Han er ein skikkeleg gogut. Hengiven, lydhør, full av energi, men ikkje slik at det tek overhand. Han er godtatt av dei andre to hundane utan problem. I lag med sauene er han veldig interessert, men samstundes mild med dei, og han kjem når eg ropar. Me har berre vore inne i fjosen til no, men så snart vinden har løya litt skal påsetlamma få vere med på trening.

Gjetarhundkurs

gjkurs2

gjkurs1

I helga har eg og Ikko vore på gjetarhundkurs i Sandeid med Alexander Strøm. Flink instruktør og kjekke folk!

Ikko var kjempeflink. Superkonsentrert når han jobba med sauene, og hørte til og med på meg, spesielt når han fekk nærme seg sauene. La seg ned på kommando. Sleit litt meir med å få han til å gå vekk frå sauene. Han har mykje å slekte på i far sin, og liknar visst både i utsjånad og potensiale. Men han er knallhard. Eg likar han kjempegodt, han er morosam å jobbe med, men det har blitt tydeleg at han kan trenge ein meir erfaren førar.

Eg tenkte tanken før eg reiste på kurs. Både at det hadde vore litt greit om nokon hadde eit forslag til ein annan hund som ville fungere betre i lag med meg, og at det ikkje ville vere så usannsynleg at nokon såg kor god han kunne bli. Eg blei derfor ikkje så overraska då instruktøren spurte om eg var interessert i å bytte i mot ein mjukare hund han hadde. Eg slo til nokså fort, og sjølv om det kan vere ein underleg ting å gjere sa kjennes avgjersla rett. Ikko blei med Alexander med ein gong. Få det gjort så fort som muleg var min umiddelbare tanke. Eg merka at heile meg innstilte meg på overgangen, og det er ikkje kjekt å drøye.

Så eg hentar denne karen på fredag:

Ikkje alltid så greit å vere border collie heller

Så takk for god hjelp på kurs i kveld i Haugesund og omegn hundeklubb.
Når det blir for mykje å halde styr på så går det aldeles over styr for liten Ikko. Underleg at ein kar som kan vere så balstyrleg kan vere så forferdeleg likandes allikevel. Så me skal få det til. Kanskje me til og med får til å gjete sauer til slutt. Hadde nå berre sauene forstått at dei skal la seg gjete. Akk, ja. Så skal ein kanskje hive seg rundt og få seg litt hjelp på det området der også.

Eksemplarisk på båttur for å dra krabbeteiner.

krabbe1

krabbe2

krabbe4

krabbe3