Archive for Dyr

Ikko gjetarhund

Jepp, no har eg tre hundar. Nei, eg har ikkje tenkt å hive dei to eg hadde frå før på sjøen.

Det er slitsomt å ha kvalp. Det er endå slitsommare å ha kvalp når ein av dei andre hundane klarte å knekke foten nokre dagar før kvalpen kom. No ligg kvalpen i bur og et på ein tyggepinne. Han med knekt fot har også fått tyggepinne, men han har visst ikkje matlyst. Ikkje så rart etter å ha operert. Han ligg også i bur. Der skal han ligge ei stund.

Kvalpen har roa seg fint i sitt bur. Når han er inne er han i bur. Slik kan alle ha ro. Så går me ut med jamne mellomrom for å leike, trene og tisse. Han søv roleg heile natta i buret aleine i stova. Snart skal ha få seg hus ute. Kvalpen skal bli gjetarhund håpar me. Han er lovande trur eg. Roleg og avbalansert, ikkje redd for noko, nysgjerrig og sjølvstendig. Han har hatt ei aktiv fyrste veke. Vore med på til Røvær, leika med elevane, vore på seiltur, helsa på HKV-hundar og øvd på «sitt» og «legg deg».

Synestesi i fjosen

Då bokstavar og tall hadde fått seg plassar i hovudet mitt då eg var lita hadde dei også fargar og personlege eigenskapar. Dette var heilt sjølvsagt for meg, eg stilte ikkje spørsmål ved det, snakka ikkje om det, eg trudde alle hadde det slik. Heile skuleløpet hadde eg desse bokstavane og tala med meg levande, somme ugreie og vanskelege, somme kjærare og nærare enn andre.

Fyrst då eg i 13-14 års alderen las om synestesi i Illustert vitenskap gjekk det opp for meg at det fenomenet eg kjente så godt, ofte kosa meg med, men ikkje såg på som verken rart eller spesielt, faktisk ikkje er noko alle kjenner til. Eg hugser eg lo, blei skikkelig oppstemt og ganske stolt. Eg var ikkje i tvil om at eg var synestetikar. Eg har aldri dikta opp verken fargar eller andre eigenskapar, eg treng ikkje lure på korleis dei ser ut eller vil te seg i sosiale samanhengar, det er så sjølvsagt, det er berre slik det er.

Så var det fjosen. I fjosen er det ei kvige som er lysare brun enn dei andre. Ho har nummer 24. (Når eg skulle skrive 24 no, skreiv eg 23. Det vil bli klart etter kvart kvifor dette er greit å poengtere.) Kvige nr. 23 er svart. For nokre dagar sidan viste nr. 24 (måtte konsenterer meg no) brunsteikn. Eg såg etter kva nummer ho hadde. 24. Snudde meg rundt. Måtte sjekke ein gong til. 24? Sikker? Sjekke ein gong til. Snudde meg og gjekk ut i gangen for å notere i brunstkalenderen. Noterte: 23 B 0800. Heldt fram med arbeidet i fjosen. Dagen etter var bonden sjølv i fjosen i lag med meg, og stussa over notata mine. Eg oppklarte så godt eg kunne. Peikte på kviga med brunstteikn. Eg visste godt kva for to dyr som hadde nummera 23 og 24 og at eg hadde ei tendens til å blande dei saman. Det hadde ennå ikkje gått opp for meg akkurat kvifor.

Etter at bonden sjølv hadde gått ut, sjekka eg notata mine for eg blei litt usikker. Då oppdaga eg at eg hadde notert feil. Eg lo då eg fortalte det, og forklarte det med at «i mitt hovud passar ho best til å vere 23». Då sa det pling. Sjølvsagt. 2 er blå, ganske lys. 3 er gul, også ganske lys. Begge tala er ganske tynne, nesten litt gjennomsiktige, og dei er forsiktige av seg. Passar godt på den lyse, litt forsiktige kviga. 2 er framleis blå, men saman med 4 som er raud-oransj blir 2 i 24 ein tanke mørkare. Talet 4 er også mykje tøffare av seg. Passar mykje betre på den svarte kviga som ikkje alltid er like grei å ha med å gjere. (Fæl til å kneke med hovudet om du står ved sia hennar for å ordne noko). Ikkje rart det blei krøll.

Dette er forresten 24 (som burde vore 23) i kalveversjon

Utover dette burde 19 vore 13 og 13 burde vore 15. Heldigvis passar 25 ganske godt til sitt nummer. Skulle kanskje berre gje dei namn fyrst som sist.

Laus kalv

Eg er laus! Eg er ikkje der eg skal vere lenger. Herreku! Kalven trippar av garde med Kathrine hengande fast få sekund med klypen i nokre hårtuster oppå halerota. Sjå, kalven er laus! Det kollektive kukoret rautar, hoppar og dansar. Kathrine! Hjelp oss. Ein av oss er ikkje der han skal vere! Kva gjer me no? Herreku! Adrenalinet smeller ut i alle endar av kroppen. Musklane handlar, pulsen går taktfast og hurtig. Stemma er roleg, andletet raudt. Sååå, det går bra. Nå kjem du her. Ho legg høgrearmen om halsen hans og kniper til. Tek spenntak og vrengjer kalven rundt. Kukoret heier og dansar i veg, prøver visst komme seg laus for å hjelpe til. Kathrine får kalven på rett kjøl og kan skue han i rompa inn att der han skal vere. Såå, no er det over. Stemma er roleg, pusten er tung, pulsen rasar. Kukoret klarar ikkje roe seg ned. Såå, det er over no. Jau, men kalven var jo laus! Herreku! Det er jo ikkje meining i slikt! Såå, no skal eg vase litt rundt hjå dykk og jamne i graset. Det gjekk så bra så. ÅÅ, hjelpe oss, så skummmelt det var. Dei hoppar og dansar ei stund til. Flinke de er. Såå ja. Skummelt det var. Må de ete og vere greie.

For eit rot!

Fekk til noko ordentleg til slutt då eg introduserte målpinnen (targetstick) for Timo (som han tok med ein gong) utforbi døra der Sigval var innestengt. Sigval fekk ein gløtt på døra og ein pølsebit for kvart klikk. Før det var det mykje rot og tull og vås (frå mi side).

Sjølvsagt. Ein veit det så godt.
Det er lurt å planlegge kva ein skal trene og korleis ein skal gjere det før ein byrjar.
Sjølvsagt. Ein veit det så godt.

Dobbeltrening

Sigval må tole å vere aleine på rommet eller i bilen utan å bjeffe hovudet av seg. Timo kan alltid øve på å stå eller sitte og bli. Dette lar seg jo fint kombinere. Sigval er på rommet, Timo sit eller står i stova der han har fått beskjed om å bli. Eg ruslar mellom dei med gobitar. Ennå er det tidleg i øvinga, så Sigval er aleine omtrent eit halvt minutt. Etter kvart når eg aukar tidsrommet kan eg gjere nokre øvingar med Timo mens Sigval ventar.

Det eg gjorde feil i dag var å fekte for mykje med høgrehanda. Når eg skulle gje Timo beskjed om å stå og bli løfta eg fingeren altfor nær han, og han trudde eg ville han skulle sitte. Det var jo det fingeren gav han beskjed om. Eg bør også sette Sigval inn på rommet før eg gjer Timo beskjed om å sitte slik at han ikkje blir forvirra. Alternativt kan eg ha han i band slik at eg slepp å seie noko. Vere tydelegare i bunn og grunn. Eg holdt også på litt for lenge. Etterpå var det leikestund på plenen.

TimoSigvalTrening

Eg har tidlegare skrive om Timo her. No har eg bestilt adferdskonsultasjon på Fjellanger hundeskole utforbi Bergen. Konsultasjonen varer i ein og ein halv time. På førehand har eg fylt ut eit skjema om Timo eg har sendt til dei. Dei ville også at han skulle få seg ei skikkeleg undersøking hos veterinær, så det fekk han på torsdag. Då eg kom for å hente han hadde han oppført seg eksemplarisk. Han hadde ikkje vore i nærleiken av å oppføre seg aggressivt mot dei, men hadde spent seg i kroppen såpass mykje at dei ikkje kunne gjennomføre alle dei nevrologiske undersøkingane. Dei oppfatta han som nervøs, ikkje aggressiv. Det er jo i grunn den tanken eg har hatt stort sett bort sett frå at det ikkje stemmer med at han legg seg ned i lekeadferd/jaktadferd når han ser ein hund komme mot oss. Håpet er at dei kanskje kan forklare han på Fjellanger.

Utover det så er han jo i grunn ein superhund. Han har bronsemerke i lydnad, er både rask og oppmerksom på kommandoar på agilitybanen, og tar nye øvingar i klikkertreninga veldig raskt. Og han synest det er kjempegøy. Han er også veldig flink til å slappe av i sofaen.

timo

TI-motimotimo

Det er (dessverre) ikkje ofte eg les ei heil bok ein laurdag formiddag. Men det har eg gjort i dag: «Forstå din hund. Om hundens normale og unormale atferd» av Anders Hallgren. Boka tek for seg grunnleggjande fysiologi, flokkatferd og språk, ulike former for atferd og ulike former for problematferd. Og, sjølvsagt, grunnar til at problematferd kan oppstå og måtar å trene på for å få bukt med dei.

Timo er ein whippet. Whippetar er normalt rolege hundar med godt gemytt. Dei kan vere litt reserverte som myndar flest, men det blir sagt om rasen at det er den mest «hundete» av myndane. Dei som kjenner myndar veit kva eg meiner. Då Timo kom til meg hadde han fyrst budd hos ein annan familie ei lita stund. Han var omlag 5-6 månadar då eg fekk han. Dei som hadde han før meg fekk levere han tilbake til oppdrettaren. Det passa visst ikkje allikevel. Han hadde komme i vegen for ein eller annan familiesituasjon, ei flytting, eg hugsar ikkje heilt, og det får vere som det er. Då han blei levert tilbake kunne han ikkje stå på den eine bakfoten. Då han kom til meg fungerte bakfoten fint. Timo fungerte også fint. Han var glad og nøgd, og fann seg fort til rette hos oss, som då var ein mann, ein saluki og ein meg. Han sprang laus i osloparkane, møtte mange andre hundar, var eksemplarisk snill og grei. Me gjekk på valpekurs, vidaregåande kurs, tok bronsemerket og, etter kvart, miljø- og toleransekurs. For etter kvart, då Timo nærma seg to år, byrja han å få litt problem då me møtte hundar langs vegen. Eg hugsar ikkje eigentleg kva tid det byrja eller kor vanskeleg det var frå starten av. Kan hende har eg som fersk hundeeigar forsterka problema. Eg veit ikkje. Det eg veit er korleis me har det akkurat no.

Timo er framleis elskeleg. Han blir veldig glad i alle han blir kjent med, både folk og hundar, berre han får litt tid på seg. Men når me går tur og det kjem ein hund mot oss langt der framme stivnar han til. Øyrer og augo står på stilk. Han legg kroppen framover og skal bort til hunden. Når me til slutt møter hunden bjeffar han, går i, høyrer ikkje kommando, er heilt blokkert. Eg held han igjen med bandet, eg er jo nødd til det. Det er muleg eg forsterkar aggresjonen slik, men så lenge eg ikkje har fått han ut av det i tide er det ikkje anna eg kan gjere.

Eg har fått mange råd og forklaringar. Han har vore på hundepensjonat som problemhund (der dei syntes det var heilt komisk, for han var jo ikkje noko problem). Laus blant mange hundar er han heller ikkje det. Han er ikkje tøff eller aggressiv. Forklaringa eg stort sett har halde meg til er at han er redd. Så var eg på eit foredrag i Karmøy hundeklubb i haust. Der blei fokuset lagt på jaktatferd. Kan hende er det noko i det. Fordelen med å ha fått mange forklaringar og råd er at ein blir betre og betre på å stille seg kritisk til dei, ikkje hive seg blindt på eit nytt treningsopplegg. Myndar jaktar med synet. Dei skal oppdage byttet på lang avstand og spurte etter det for å fange det. Ein grunn til at ein ikkje kan jakte med dei her i Noreg, det er ikkje lov fordi deira instinkt er å nedleggje byttet. Eg blei råda til å nappe han ut av det med eit skarpt «nei!». Eg skulle slett ikkje tenkje at han er redd, det er heilt uvesentleg, for uansett så får han ikkje lov til å holde på slik. Og eg prøvde. Han høyrer på meg før han ramlar tilbake igjen. Hunden der framme må han halde kontroll med. Det eg fann ut var at han måtte ha fokus på meg heile tida. Me blei utslitt begge to, og etter ein slik tur var han så kokt i hovudet at han nappa ein joggar i rumpa. (Den var ny).

Eg trur alle råda eg har fått har noko for seg. Men som Hallgren skriv i boka si er det viktig å møte slike råd kritisk, og å vite at ein kvar hund er berre seg sjølv, og ikkje så lett kan leggjast i ei fast form. Tidlegare har eg vore på eit anna foredrag i Karmøy hundeklubb halde av ein hundemassør. Hu forklarte at ein del problematferd kan skuldast fysisk smerte. Dette kan vere knytt til sjukdommar eller skadar i musklar og ledd. Dette har eg hatt i bakhovudet lenge. Timo ser ikkje ut til å ha det vondt. Når har spring laus spurtar han over haug og hammar som ei fjellgeit på speed. Men slik er hundar. Dei viser gjerne ikkje at dei har det vondt. Og det å springe slik er jo så gøy!

Det var vel det som etter kvart gjorde meg så oppslukt i dag. For Hallgren fokuserer ein del på smerte som årsak. Og dei tilfella der smerte i følge han er ein sannsynleg årsak passa godt på Timo. Han har ein lang rygg der mykje kan gå galt. Han har (sannsynligvis) blitt sparka ganske hardt i rumpa som liten. Han vrir seg i vellyst om han blir massert på korsryggen. Sidan eg ikkje berre kan gå til ein dyrlege og seie at han eller ho skal undersøke Timo frå topp til tå, må eg sjølv ha ei viss formeining om kor problemet kan ligge. I dag har eg derfor stira ein del på rumpa hans då me gjekk tur. Eg skal stire litt til i ulike vinklar før eg prøver å finne ein dyrlege som gidd høyre på meg. Heldigvis er han lett å jobbe med. Han fann seg i å gå i veldig sakte fart like framfor meg mens eg gjekk bakover. Han dansa rundar for meg til høgre og venstre. Det hjelpte sjølvsagt å ha ein gobit i handa.

Når alt dette er skrive trur eg ikkje dette nødvendigvis er ein vidunderkur. Eg skal framleis jobbe og trene med han uansett kva me finn. Men det skal ein nå gjere allikevel. Mental trening er gøy og treng ikkje ta lang tid. I dag har Timo og Sigval søkt etter gobitar i leikestativet på Hollenderhaugen.

(…)en hund som egentlig er snill og god på alle måter, men som iblant har et ekstremt dårlig humør og er veldig irritert. Den er så å si altfor snill til å kunne være så aggressiv, eller altfor stabil til å være så redd. (…) Denne hannhunden var positiv, åpen, gomodig og vennlig, men svært aggressiv mot alle hunder. Han angrep ikke bare andre hannhunder, men også tisper og valper. Denne aggresjonen passet ikke på noen måte til denne hunden. Treningen hjalp ikke heller annet enn for en uke eller to. Etter mange besøk hos veterinær og flere undersøkelser fant til slutt dyrlege Håkan Björklund i Stockholm feilen. Hunden hadde et lite stivt strå som hadde satt seg fast inne i det ene øret og irriterte trommehinnen. Da det var fjernet, ble hunden normal.

Timo vil nok alltid vere Timo. Men har han vondt ein plass så skal eg gjere mitt beste for å gjere det betre. Og om me ikkje finn noko så skal eg trene han slik at han ikkje treng te seg som ein tosk på tur, for eg trur ikkje han likar det i det heile tatt.