Archive for Fint

God jul!

Har ikkje ei heil gran i hus, men måtte ut og hente ei grein.

Stova var plutseleg full av julekuler fordi eg trong eskene dei låg i.

Dei heimelaga meisebollene laga i farmor sine sandkakeformer måtte jo pakkast inn på høveleg vis.

Takk for alle fine pakkar! I natt har eg sove godt i ny nattdrakt med sauer på.

Og bessede så blei det kvitt ute.

Små skattar

Det nærmar seg åremålsdag. Det som er så fint med å ha levd lenger og lenger for kvart år er at ein samlar seg så mange fine minne. Slike som ein kan ta på, og slike som ein berre har oppi hovudet. Eg skal vise fram to som ein kan ta på her i dag. Den eine hadde eg planlagt å leite fram, for eg sakna han litt. Den andre fann eg tilfeldig i leitinga. Eg ville ikkje visst at eg framleis hadde han i vare. Etter å ha flytta 11 gonger har eg blitt flink til å kaste, men heldigvis er eg god til å ta vare på det som har verdi.

Dette er forside og bakside til ein album eg fekk av ei japansk jente eg gjekk på Namdals folkehøgskule i lag med i 97/98. Ho har teikna meg, og tatt meg på kornet i ein del situasjonar. Forresten fann eg ein ting til då eg leita. Adressa hennar i Japan på den tida. Den visste eg heller ikkje at eg framleis hadde. Trur ikkje eg kjem til å leite ho opp, ho har det sikkert fint i sitt eige liv. Men litt artig er det likevel. Adressa skal eg ikkje kaste. For ordens skyld er Katrine oppe i høgre hjørne ikkje meg, men ein annan medelev.

yoko2

yoko

Det neste eg skal vise fram er eit prov på kor fint det kan vere å arbeide i heimetenesta. Mens eg studerte i Oslo arbeidde eg i bydel Vinderen i Oslo som pleieassistent. Eg byrja vinteren 2001 og hadde siste vakta mi sommaren 2006. Enkelte gatenamn, hus, folk og samtalar sit spikra for alltid. Det er ein interessant bydel å arbeide i når ein er filosofistudent. Ressurssterke menneske med spennande liv. Nok skrive om det. Ein av dei eg vitja hadde vore prest i Hong Kong. Han lærte meg ei fin helsing me skulle bruke då me sa farvel kvar gong eg hadde vore hjå han. Og han skreiv det ned på ein lapp til meg. Lappen fann eg att i går i ein gamal filofax. På baksida har eg skrive det han sa eg skulle svare.

hongkong2

hongkong

Fint i juni

❤ At dei ansatte i lokalbutikken veit kven mor di er og kan gje ho lommeboka som du la att då du handla.
❤ Å vere syklande bonde.
❤ At favorittlammet frå lamminga kjem bort til deg og vil kose (ikkje alelam) (!).
❤ Å ha ein tankestraum der ein går tur med hundane og «seie» Helge ❤ i staden for Trond når ein planlegg dagane.
❤ At hunden smått byrjar høyre på deg.
❤ Heilspeil.
❤ Sterke, brune armar.
❤ Full silo.

Yey, masse fine ting!

❤ Ingen har finare bror enn meg! Han kan til og med skifte eksosanlegg på bilen min.

❤ Fin liten freudian-slip på jobb i kveld. Eg skulle seie: «Det var då eg hopte i høyet eg fann ut eg var allergisk.» Eg sa: «Det var då eg hopte i høyet eg fann ut eg var gravid.»

❤ Har hatt latterkrampe med tåresprett allereie tre gonger i år. To av dei var på jobb.

❤ Nevø som vil ligge i fanget mitt og drikke mjølk frå flaske før han skal legge seg.

❤ Vener som kjem og hentar meg i bil når eg har gått meg vill på Sæbø.

❤ Både Vikingstad-vêren og Grønningen-vêren har virka. Ingen tomme sauer!

❤ Ja, også «Lars and the real girl» då. Finaste filmen!

Fint i mai

♡ 17.
♡ Å ikkje bli så utslått av varmen at ein trekkjer innandørs, men faktisk blir full av energi, lagar steinbed og plantar blomar og trer.
♡ For det er fleire måtar å skaffe seg bjørk på. Ein kan kjøpe ho, så bjørkefrø eller, som meg, berge dei som har vore så lure å slå rot under autovernet.
♡ Nevøen ålar seg bortover på mage og armar full av vilje til å komme seg opp og fram i verda.
♡ Niesa har funne ut at tante likar å bygge med Brio.
♡ Det går an å sykle med to hundar i springeren oppover Melandbakken forbi ein gøyande hund utan at det går gale på noko som helst vis.
♡ Dei gamle Ecco-sandalane eg fann i ein tilbudskasse i Oslo for nokre år sidan, allereie då veldig utdatert eller mulegvis klassiske, er fullt brukelege og faktisk litt søte.
♡ Sokkar i sandalane er lov (jo, det er det!).
♡ Det er framleis mormor-år (og Torbjørn Egner var så heldig å bli fødd på nøyaktig samme dag).
♡ Eg har klipt plenen. To gonger.
♡ Torvastad.

Fint i sommarregnjuli

☂ Timo og Sigval har nettopp fanga og delt ei padde i hagen. Dei pressa ho inn i hjørna ved varmepumpa. Sigval beit av ein (sannsynligvis) fot, Timo gulpa i seg resten. Fangsten var tydeleg ikkje god på smak, men ellers virka dei nøgde med seg sjølv.

☂ Det å sjå på skyene flyte frå sør mot nord er overraskande interessant. Om du kikker vekk berre ein liten augneblink kan dei endre seg radikalt. Dei antar underlege former, gå frå lyse, florlette til mørke, tette på få sekund sjølv om dei berre sig sakte bortover når du held dei under oppsikt.

☂ Niese på fire år som kan bruke ord som ingrediens på heilt riktig plass i setningen og fortel lange historiar om maurtuer og gjess før ho plutseleg spør der ho sit på sofaen om eg veit kven onkel Helge er.

☂ Framtidsfiksjon på HKV i lag med filosofen vegg i vegg samstundes som filmklubben sitt program for hausten snekrast saman i fyrste etasje.

☂ På handletur med søster der to par finsko og eit par vernestøvlar er med i bilen heim. Fin balanse.

Fine ting å gjere i ferien

☀ Agility på Årabrot.
☀ Hjort i kikkerten.
☀ Kjøre vatn til desse dyra:

☀ Gjere kyrkjelege feltgranskingar.
☀ Kjenne på høggravid svigerinnemage.
☀ Strikke nevøhue.
☀ Fotografere gamlefjosen:


☀ Gjere fint lite.