Archive for Fint

Fine kvardagen

Det har gått opp for meg at eg i løpet av det forrige året klarte å få eit nytt og betre liv. Det starta altså ikkje i januar og ramla tilbake til det gamle i januar (samme januar), men byrja vel heller så smått i juli 2009, og har rykka seg stadig framover. Litt slik fram og tilbake, men likevel aldri heilt tilbake dit det var. Og sidan det slett ikkje var ille då heller så får eg vel seie meg nøgd. Men sjølvsagt, eg tek i mot nye framskritt, det er berre å komme med dei. Eg har komme fram til fem nye klinkekuler i lykkeposen:

Haugaland KunstVerk
Sjølvsagt. Dei gode venene mine som eg har kjent og som har kjent meg sidan dei aller verste tenåra og som derfor kjenner til mine kwørks, samla hovuda her vest mens eg ennå las filosofi på Austlandet. Dei ville lage til eit fellesskap der vi kunne velte oss i kvarandre sine morosame innfall og ulike kreative talent. Fabelfolk blei klekt ut, og eg var med i satelitt på andre sida av fjellene. Etter kvart fekk dei også kontakt med profesjonelle kunstnarar i Haugesund, og slik, etter mykje arbeid, blei Haugaland KunstVerk til. Når det hadde komme så langt hadde også eg komme meg på rette sida, og Wergelandsgt. 19 blei fylt av gode menneske. Eg må av og til klype meg i armen for å minne meg på kor heldig eg er som får vere eit av dei gode menneska.

Fjosstell og agronomikunnskap
Kvar torsdag og fredag ettermiddag går eg i bror sin fjos og steller med sauene. Tidleg i haust har ein eller annan vêr snike seg til slik at det har komme eit januarslam. Innimellom er eg avløysar hos ungdyra på Stange. Det står på programmet i dag. Det er berre veldig kjekt. Og i fjor fekk eg meg agronomkompetanse frå Vinterlandbruksskulen i Ryfylke. Eg blei kjent med fleire fine folk, og fekk meg ein del god kunnskap. Ikkje minst fekk eg vite kor mykje eg ikkje veit, og som eg må setje meg inn i.

Ikkje teve
Eg har sagt opp teveabbonementet. No har eg vore utan teve i omtrent eit halvt år, og eg saknar det ikkje. Eg betalar sjølvsagt framleis tevelisens, for kjære vene, kva skulle me gjort utan NRK. Eg høyrer på P2 (og likar veldig godt det nye morgonprogrammet, «Ukas P2-artist» og «Mytekalenderen» mellom 0603 og 0630). Eg ser ein del program på nrk.no (takk for «Koselig med peis», «Sognepresten» «Nye triks» og «Passe kul»), og har mykje meir tid tilgjengeleg til andre gjeremål enn å sitte og glo. (Eg hadde lett for å skru på og vanskeleg for å skru av).

Stå opp klokka 0420
Skrivestund med morgongull i munn saman med P2. Utan desse morgonstundene hadde eg vore endå verre enn eg er når eg i sjeldne stunder er litt ugrei.

Ny sykkel
Vidunderlege fritidsaktivitet. Fint viss det kunne slutte å sludde. (Meld deg inn i Syklistenes landsforening då vel)

Fint i ein mørk månad

☀ Langdag på HKV med diskusjonar som kan gjere einkvar hjerne møyr.
☀ Turar med hundane i dobbelt tempo gjer menneske og hundar nøgd.
☀ Nyvaska hundar og ein og ein halv hund med nyskrapte tenner.
☀ Vatn i eit stort glas.
☀ Planar om å hente sykkel på Torvastad.
☀ Produktive morgonar startar klokka tipåhalvfem.

Finfint i fyrstninga av året

❄ Å vakne opp på HKV 1. januar etter fin-fin fest utan å ha vondt nokon plass.
❄ Langsam rydding og restemateting i fleire stille HKV i 2011-timar.
❄ Reint kjøleskap.
❄ Å stå opp klokka 0420 etter nokre timar svevn for ein lang, fin morgon.
❄ Kvardag
❄ Baggu full av grønsaker og ein nøgd mage.
❄ Ny design hjå favorittnettordboka
❄ Femåring:

Fine ting i desember

✷ Å få ein god klem av ein god ven som held deg godt fast sjølv om du luktar fjos.
✷ Jublande ungar i snøen på Røvær.
✷ Å skulle til å skrive på fjaseboka at det umuleg kan finnast noko meir idiotisk i eit heilt lass univers enn ein PC, for så å finne ut at Mac-en er minst like idiotisk, og til sist oppdage den einaste idioten i stova: ho som har kobla ledningane feil.
Lightroom 3 på veg i posten.
Dra meg i flettå.
Wham! Last christmas.
Love actually
✷ Kristine som tar bilete av den broderte julekalenderen sin kvar dag og legg det ut på fjaseboka.
✷ Carl Frode Tiller
✷ Har ennå aldri vore på julebord, men skal på juleverkstad to gonger.
Espen Eckbo som Ove Hoff på Storbynatt.
✷ Og til slutt, ein julepynta fjos:
På tradisjonelt vis har fjoskollegaene mine satt opp julekrybba med vegen fram til stallen. Gjetaren med sin noko overdimensjonerte sau (med nisselue) har komme lengst. Bak han kjem ein engel, og lengst bak ser me dei tre vise menn.
julefjos
Jesus er sjølvsagt ikkje født ennå.
julefjos
Han ligg her på ein tallerken (eller på ei sky alt etter som ein ser det).
julefjos
Opptoget kjem nærare og nærare for kvar dag fram til julafta
julefjos
Det er fint lite ein ikkje kan pynte.
julefjos

julefjos

julefjos

julefjos
Og om nokon lurte der dei sit og stappar i seg knallgod mat:
julefjos

fint i oktober

❄ Det er kvitt på bakken slik at eg blir tvinga til å ta bussen.
❄ Stavanger er ein fin by.

❄ Haugaland KunstVerk har laga film.

❄ Knallgrønn augeskugge.
Kulturnatt i Haugesund
❄ Godt og varmt og lyst og fint og han med fjær på veggen på skrivestova på HKV.

Slikt som er fint tjuefjerde juni tjueti

På veggen på lærarrommet siste dagen før sommarferie:

muleg

Og desse orda på bondelaget.no:

«Jenter er like godt egna til å overta som gutter, kanskje 
bedre.»

Til sist lurte eg på om eg kanskje skulle ta til å leite etter nokon som bondeblogga. Eg opna googlelesaren min og den fyrste posten eg opna låg her: http://www.virrvarr.net/blog/2010/06/17/tre-ting-som-er-awesome/ og tok meg rett hit: http://funkyfarm-lh.blogspot.com/2010/06/00385-00386.html Stilig?

Serialitet kallar ein det. Underlege livet som tek ein på tilfeldige turar slik at ein berre kan segle med.

Snart kjem ein post om svigerinnehønene Gjertrud, Gisela, Hark, Stripå og Minsten. Egg!

Fine ting nest siste dagen i mai

Slikt som er fint heime:

finemai

Har snekra blomekasse og planta ut sjølvdyrka sukkererter, erteblomar og beibitomatar i lag med kjøpte tagetes og ein blå ein som eg ikkje veit namnet på.

finemai
Oppi ei krukke der eg har planta endå meir tagetes (for eg kjøpte tjue stykker for å gjera det enkelt), har eg planta litt sjølvdyrka persille.

finemai
Denne fann eg når eg henta fram gamle notatbøker, lappar, idear djotta ned på det raraste (deriblant ei bil-aktivitetsbok frå shell eller esso eller noko slikt). Slik som dette er det ennå ofte. Aner ikkje kor gamal denne serviettbiten er.

finemai
Her er den nyaste lappen min. Han er digital og ligg på iGoogle-en min.

Slikt som er fint på HKV

finemai
Te? kaffi? kondomar?

finemai
Og tusenfryd som står utfatteleg ranke etter å ha budd i eit lite plast-shotglas i over ei veke.