Archive for Fint

Det fine i det å gå tom for bensin

Viss ein skal gå tom for bensin i morgonrøsjet på veg frå Karmøy til Haugesund, kor gjer ein det då? Jau, midt på Karmsundbrua på veg oppover. Det er tingen. Så då gjer ein nettopp det, om ein er slug, slik eg jo er. Ein ventar i det lengste med å mate bilen, riggar seg ut om morgonen og reknar med å nå punktet 10-15 meter frå toppen akkurat i det den siste dropen blir brent i motoren. Slik kan ein sørge for at alle dei som skal over sundet på jobb får seg ein roleg tur i sakte fart over brua. Dei får sjå ei kvinne stå avslappa på fortauet og nyte utsikta sørover i deilig, klår aprilluft. Ein snill og hjelpsom mann får lov til å vise kor flink han er til å rygge bilen opp på fortauet slik at han er litt mindre til hinder. Han får stor takk med seg vidare inn i dagen sin, og han har noko fint å fortelje til dei andre når han kjem på jobb.

bru

Etter ei stund kjem det gul bil frå NAF, og ut kjem ein mann med masse skjegg og akkurat passe godt med tid. Me kjører over toppen av brua, og matar bilen mens han framleis står på den gule NAF-bilen. Så må bilen få seg eit elektrisk støyt, for når ein stoppar midt på brua tom for bensin ville det vore lurt å skru av lysa på bilen.

Når ein har komme så langt, og bilen durar og går som om ingenting hadde skjedd har båten til jobb på Røvær lagt frå land. Det gjer at ein må sette seg på HKV fram til neste båten går klokka 10.50. Ein lagar kaffi, ser «Hjernevask» på nrk.no. På dette viset finn går det også an å oppdage at filmen «The nanny diaries» ligg på nrk.no. Kanskje ligg han der heilt til eg får sett han.

Fine ting tjuesjuande mars

❀ I dag har eg skoga og fjosa og vore flink. No er eg ikkje heime i sofaen, men på ei skrivestove i eit stort kvitt hus i Haugesund. Det er også flinkt.

❀ Og tidlegare i dag best som det var, såg eg at nokon hadde teikna eit hjarte bak på bilen min midt på reservehjulet. Det kan ha vore der lenge, ikkje veit eg, og eg har vel ein mistenkt, men det er morosamt berre plutseleg å oppdage det. Det var fint og flott og godt.

hondahjarte

❀ Ein av dei finaste onklane i verda og den aller finaste tanta er på vitjing, og snart kjem systra og taws og svogeren for det er påske og snøen er heilt vekke og det grønkast overalt.

❀ Og i bilen på veg inn til Haugesund blei Kari Svendsen intervjua på P2. Dei prata og spilte fine visesongar ho har sunge, og slik hadde det seg at eg blei minna på, og fekk høyre ein song som det ikkje er lenge siden eg kosa meg med, men som eg heilt hadde gløymt. Fine Rudolf Nilsen:

Jeg hadde tenkt
Tekst: Rudolf Nilsen
Melodi: Jon Arne Corell

Jeg hadde sett deg lenge, der du kom

for alltid vet jeg det, når du er nær –
og hadde tenkt å hilse lett og koldt,

fordi jeg ennu har deg altfor kjær.

Slik vilde jeg forsvare meg med kulde

og også verge deg på samme vis,

så alle våre nye drømme skulde

som sene blomster visne inn i is.

Jeg hadde tenkt … Men da du stanset

med dette hemmelige gode blikk

og dette fjerne smil, jeg vet så meget om -

da skjønte jeg at planen ikke gikk.

Jeg tok din hånd og følte fra dens flate

et varsomt strøk, det lille kjærtegn, vi
bestandig brukte i en folksom gate

den gang da ennu intet var forbi.