Archive for Ikkje-fotografert

Ikkje-fotografert ein morgon i september

Ein flokk kvite ulldottar har samla seg sovande i ein fint forma nestensirkel like ved gjerdet langs R47, Bøvågen, Karmøy.

Ikkje-fotografert 050909

1. Timo hukar seg ned for å bæsje. Då set ein sommarfugl seg til ro på hovudet hans. Admiralen sit der heilt til Timo er ferdig. Ei svart og oransj sløyfe i tinningen.

2. Farbror Melker syklar forbi meg på Matlandsletta. Han har på seg kvit joggebukse, kvit t-skjorte og kvit solhatt.

Ikkje-fotografert gut

Tynn, svartkledd gut som snart skal på scenen har et stort keyboard under armen. Han legg det frå seg på eit bord. Set seg på ein stol ved sidan av, stilt og aleine.