Archive for Kortprosa

Laus kalv

Eg er laus! Eg er ikkje der eg skal vere lenger. Herreku! Kalven trippar av garde med Kathrine hengande fast få sekund med klypen i nokre hårtuster oppå halerota. Sjå, kalven er laus! Det kollektive kukoret rautar, hoppar og dansar. Kathrine! Hjelp oss. Ein av oss er ikkje der han skal vere! Kva gjer me no? Herreku! Adrenalinet smeller ut i alle endar av kroppen. Musklane handlar, pulsen går taktfast og hurtig. Stemma er roleg, andletet raudt. Sååå, det går bra. Nå kjem du her. Ho legg høgrearmen om halsen hans og kniper til. Tek spenntak og vrengjer kalven rundt. Kukoret heier og dansar i veg, prøver visst komme seg laus for å hjelpe til. Kathrine får kalven på rett kjøl og kan skue han i rompa inn att der han skal vere. Såå, no er det over. Stemma er roleg, pusten er tung, pulsen rasar. Kukoret klarar ikkje roe seg ned. Såå, det er over no. Jau, men kalven var jo laus! Herreku! Det er jo ikkje meining i slikt! Såå, no skal eg vase litt rundt hjå dykk og jamne i graset. Det gjekk så bra så. ÅÅ, hjelpe oss, så skummmelt det var. Dei hoppar og dansar ei stund til. Flinke de er. Såå ja. Skummelt det var. Må de ete og vere greie.

Lagar ikkje andre planar

Når ein er ein litt mislykka tredveåring som ikkje har fått alt slikt som ein skulle ha fått på plass på plass, men utover det har det svært så godt kan ein lage rare middagar og ete dei i sofaen etter å ha vore på både den eine og den andre jobben før ein låser seg inn på ein koseleg plass full av bilete og bøker som er varme iført klede som luktar fjos og hår i hale som er mjukt å vaske for det har vore under ei lue og det har vakse seg langt, i lag med to hundar med varme kroppar og hengivne auge og etter den rare middagen kan ein ta ein ytterst sjeldan røyk som gjer ein svimmel og knisete, ein liten rus fordi ein ikkje røyker i det heile tatt eigentleg og røyken blir toppa med ein munn whisky frå turen til København, og den flaska kjem til å vare kanskje eit år og susete i hovudet kan ein setje seg rak i ryggen slik eg er no for å levle ut kroppen att og når ein grer håret som har blitt så langt fleksar musklane i overarmen seg så flott for ein har måka så mykje skit og lempa så mykje silofôr i det siste og tidligare på dagen strøyk ein kvigekalven med kvit stripe over nasen på halsen og snakka mjukt til ho for det er slikt som gjer det så godt å leve og er det ikkje artig dei vegane livet tek ein med på?

Testar yapb igjen

Alt for deg, min kjære. :)