Fjos, Nikon, flink og litt religion

Eg sit og drøyer opninga av eska med mitt nye kamerahus, Nikon D300s. Det har stått i eska si sidan i går då eg reiste ein ærend til Stavanger for å handle på Stavanger foto. Der kan du komme med gamalt utstyr, og få redusert pris på det nye i innbytte. Eg fekk 1200 i innbytte for Nikon D70. Nyskaffa digsar får ofte stå og vente ei stund før eg pakkar dei opp. Akkurat i dette tilfellet måtte kamerahuset vente fordi eg fekk det litt travelt, men no har eg det ikkje travelt lenger. No slappar eg uforskamma mykje av. Slik er det når ein byrjer laurdagen med fjosstell, og attpåtil klarer å takle utfordringar med spinnande utforingsvogner og frosne røyr. Når ein har vore så flink på morgonkvisten er det uproblematisk å vere uforskamma avslappa. Ja, det er vel ikkje ein gong uforskamma når eg tenkjer meg om.

Ellers får eg vel takke På tro og Are for at eg etter å ha tenkt på det ganske lenge har funne ut at det å vere medlem av buddhistforbundet er noko tull. Eg får vel berre innsjå at det er noko muffins i alle slike etablerte tankemønstre som ein skal føye seg inn i uansett kor mykje ein kan hevde at alt er opp til ein sjølv. Ja, for det er opp til ein sjølv. Menneska er fine, litt hjelpelause av og til, men stort sett strevande, flinke og gode til å danne samfunn. Me lever no, det er alt me kan vite og gjere noko med. Eg skulle kanskje ha meldt meg inn i Human-Etisk forbund, men dei seier så mykje rart dei og. Så det spørs om dei kronene eg som norsk statsborgar har knytta opp mot meg berre skal renne inn i statskyrkja. Eg får vel innrømme at eg er litt glad i ho, sjølv om ho gjer meg kaldsveitte i hendene og ganske ofte får meg til å bryte ut -Ka? Det er i alle fall slik at om du køddar med kyrkja på Torvastad, då køddar du med meg. (Eg kan sjølvsagt kødde med både kyrkja og meg sjølv).

2 comments

  1. Edward seier:

    Enig i at alle etablerte tankemønstre setter seg fast, hvis man kan si det slik. Men det er ikke nødvendigvis filosofien eller læren bak som har kjørt seg fast men gjerne tilhengerene. Dette kvinnesynet som kom fram i denne episoden er nok ikke noe alle buddhister vil være enig i. F. eks. refererer Are til noe om dette på Buddhistforbundets nettsider som sier det motsatte. Vil bare nevn om at Buddhistforbundet reagerer sterkt på denne episoden av På tro og Are som du nevner (se under). Jeg kjenner meg igjen i følelsen av at det er vanskelig å være komfortabel med å «høre til» noen bestemt trossamfunn. Tro og livssyn er veldig personlig og individuelt. Stå på!

    http://buddhistforbundet.no/article/show/127/BUDDHISTFORBUNDET-PROTESTERER-OVERFOR-NRK?atid=2

  2. Kathrine seier:

    Filosofien eller læra er vel ofte så mangfoldig at ein uansett sjølv må finne ut kva ein skal tenkje og tru. Eller slik det ofte er så har den kulturen ein er del av lagt føringane: plukka ut over tid kva deler av læra ein skal halde seg til. Slik det jo sikkert var med desse buddhistane Are besøkte. Eg skjønte sjølvsagt at ikkje alle buddhistar tenkjer slik, det var vel berre det at det stadfesta i kor stor grad buddhismen for mange buddhistar (om kanskje ikkje etnisk norske buddhistar flest) trass alt er ein religion ikkje kun ein filosofi. Så var det noko flåsete skrive det at å tilhøyre buddhistforbundet er noko tull. Det er det sjølvsagt ikkje generelt sett. Men for meg er det «noko tull». Det var også flåsete at dette programmet var utløysande årsak. Det var vel berre det at det minna meg på at eg har tenkt å melde meg ut. Noko eg ikkje har fått gjort fordi epostadressa deira ikkje virka.. Godt nytt år!

Legg att eit svar