Fine kvardagen

Det har gått opp for meg at eg i løpet av det forrige året klarte å få eit nytt og betre liv. Det starta altså ikkje i januar og ramla tilbake til det gamle i januar (samme januar), men byrja vel heller så smått i juli 2009, og har rykka seg stadig framover. Litt slik fram og tilbake, men likevel aldri heilt tilbake dit det var. Og sidan det slett ikkje var ille då heller så får eg vel seie meg nøgd. Men sjølvsagt, eg tek i mot nye framskritt, det er berre å komme med dei. Eg har komme fram til fem nye klinkekuler i lykkeposen:

Haugaland KunstVerk
Sjølvsagt. Dei gode venene mine som eg har kjent og som har kjent meg sidan dei aller verste tenåra og som derfor kjenner til mine kwørks, samla hovuda her vest mens eg ennå las filosofi på Austlandet. Dei ville lage til eit fellesskap der vi kunne velte oss i kvarandre sine morosame innfall og ulike kreative talent. Fabelfolk blei klekt ut, og eg var med i satelitt på andre sida av fjellene. Etter kvart fekk dei også kontakt med profesjonelle kunstnarar i Haugesund, og slik, etter mykje arbeid, blei Haugaland KunstVerk til. Når det hadde komme så langt hadde også eg komme meg på rette sida, og Wergelandsgt. 19 blei fylt av gode menneske. Eg må av og til klype meg i armen for å minne meg på kor heldig eg er som får vere eit av dei gode menneska.

Fjosstell og agronomikunnskap
Kvar torsdag og fredag ettermiddag går eg i bror sin fjos og steller med sauene. Tidleg i haust har ein eller annan vêr snike seg til slik at det har komme eit januarslam. Innimellom er eg avløysar hos ungdyra på Stange. Det står på programmet i dag. Det er berre veldig kjekt. Og i fjor fekk eg meg agronomkompetanse frå Vinterlandbruksskulen i Ryfylke. Eg blei kjent med fleire fine folk, og fekk meg ein del god kunnskap. Ikkje minst fekk eg vite kor mykje eg ikkje veit, og som eg må setje meg inn i.

Ikkje teve
Eg har sagt opp teveabbonementet. No har eg vore utan teve i omtrent eit halvt år, og eg saknar det ikkje. Eg betalar sjølvsagt framleis tevelisens, for kjære vene, kva skulle me gjort utan NRK. Eg høyrer på P2 (og likar veldig godt det nye morgonprogrammet, «Ukas P2-artist» og «Mytekalenderen» mellom 0603 og 0630). Eg ser ein del program på nrk.no (takk for «Koselig med peis», «Sognepresten» «Nye triks» og «Passe kul»), og har mykje meir tid tilgjengeleg til andre gjeremål enn å sitte og glo. (Eg hadde lett for å skru på og vanskeleg for å skru av).

Stå opp klokka 0420
Skrivestund med morgongull i munn saman med P2. Utan desse morgonstundene hadde eg vore endå verre enn eg er når eg i sjeldne stunder er litt ugrei.

Ny sykkel
Vidunderlege fritidsaktivitet. Fint viss det kunne slutte å sludde. (Meld deg inn i Syklistenes landsforening då vel)

2 comments

  1. Rs seier:

    Finfint å lesa om lykkeposen :) klypinga i armen er så visst naudsynt.

  2. Johan seier:

    Fint innlegg :) Koselig var det

Legg att eit svar