Vise til far

Eg har ein utrolig fin fyr til far, og han har fødselsdag i dag. Han blir seksti år.

Han likar ikkje å ligge på internett, så her kjem verken bilete eller namn, men eg tenkte eg skulle dele den visa me spelte til han på eit stereoanlegg med sprengte høgtalarar då me feira. (Han fekk visa på CD også). Visa er ikkje skrive til han, men til ein annan far. Eg oppdaga visa ein tidleg morgon då Sigrid Moldestad var «Ukas P2-artist. Det er ei grusomt fin vise som pressar tårene fram.

Takk, Sigrid Moldestad. Og takk for at du er far min, pappa.

Legg att eit svar