Vaskefille-freak out

Det var ikkje meininga å vaske heile huset både inni og utanpå i dag, men det er forsåvidt heilt greit å ha gjort det. Ganske så ryddig blei det her også. Det kan rett og slett hende at eg klarer å bruke hovudet til noko fornuftig i morgon på grunn av det. Ryddig hus, ryddig hovud. Det virkar ganske kult å vere slik filosofiprofessor som held på å drukne i papir, men slik fungerer ikkje eg. Ikkje er eg professor heller. Men bokhylla er framleis kaotisk. Det skal ho få vere. Bøker i rekker og stablar blanda med familiebilete og sjongleringsballar. På snora dansar nyvaska klede i vinden, og eg har dansegolv i stova. Eg kjem til å sakne den store edderkoppen som sat midt i eit av glasa kvar kveld, men det kan jo hende ho kjem tilbake og bygger nettet sitt opp igjen.

Dagens lærdom:
1. Det er meininga at det skal gå an å sjå ut av vindauga.
2. Brannvarslarar likar ikkje salmiakk.
3. Kvite ytterdører er dust.
4. Svarte fliser i dusjen er like dust.
5. Å vaske er i grunn ganske gøy.

Sidan vindauga no er så reine skal eg prøve å finne ut om det stemmer at eit fuglepar har reir rett utforbi gjerdet mitt. Kanskje eg til og med kan finne ut kva for slags fuglar dei er.

2 comments

  1. Gjertrud seier:

    Høres ut som ein super vellykka dag spør du meg. Eg hadde ein sånnein på lørdag. Ganske fornødde med meg sjøl. Moderen

  2. Kathrine seier:

    Er litt kry, ja. Dottera

Legg att eit svar