TruHåpKjærleik

orkide

I familien vår er orkidèer knytta til trøyst i ein vanskeleg situasjon. Då bror min gjekk bort for ni og eit halvt år sidan ønska far min å kjøpe ein orkidè for å ha med på skulen hans då han skulle fortelje klassekameratane hans kva som hadde skjedd. Men ingen butikkar var opne, og dei ville heller ikkje opne før skulen starta dagen etter. Han slo det derfor frå seg. Då han opna døra heime den kvelden var det fyrste han såg ein orkidè som stod på bordet i stova. Den hadde ein av dei beste venene hans vore innom med, og slik fekk han tatt med seg blomen som symbol på det vakre og sjeldne mennesket bror min var.

Orkidèen på biletet fekk eg i innflytningsgåve av onkel Knut og Anbjørg for tre år sidan. Han har stått utan blomar i omtrent to år, men i dag oppdaga eg denne nye stengelen, byrjinga på nye blomar.

Legg att eit svar