Ein slags CV

Nokre milepælar er viktigare enn andre. Nokre av mine milepælar har inntruffe unormalt seint i livet. Andre altfor tidleg. Uansett er det stort sett morosamt å leve.

21. februar 1978: Keisarsnitta ut i lag med bror min frå ei kusmasjuk mor.
Juni 1979: Sleppe tak i salongbordet.
1982: Nakne granskingar i lag med naboguten på eit toalett i Misjonsvegen (me var trulova).
1984: Miste ei syster.
1986: Lære å lese.
1987: Mjølke ei ku.
1988: Tankeeksperimentere vekk pultar, menneske, hus og stire med blanke augo inn i veggen på ein stol ved ein pult i 2. etasje på Håland skule.
1989: Hjelpelaust forelska.
1991: Nærsynt
1992: Oppdage at tante og onkel «måtte» gifte seg.
1993: Lære å multiplisere.
1997: Drikke alkohol.
14. januar 1998: Sleppe tak i barnetrua.
September 1998: Kysse ein gut.
Juli 1998: Sko med høge hælar.
1999: Røyke i eit skogkratt på ein fjellknaus i Arendal.
Januar 2000: Vettlaust slått i bakken forelska.
2001: Strikke ein genser.
Desember 2001: Mjukt og godt forelska.
4. februar 2002: Miste ein bror.
Hausten 2002: Vere grusom.
2003: Kjøpe sminke.
2004: Lunt forelska.
2005: Dritings på sprit.
2006: Kjøpe hund.
2007: Blackout i halve sekund på blanke formiddagen på tur med hund på grunn av søvnmangel og dagleg panikk.
2008: Tatt for å vere gut.
2009: Sminke seg.
2010: Ikkje nærsynt lenger.
Juli 2011: Gå med finsko til dongeribukse (i eit kvarter).
28. august 2011: Skrive ein slags CV.

2 comments

  1. Hilde seier:

    Det er nesten så jeg må hoppe opp på deg med stail som ein av dine firbeinte venner og logre av rein rå begeistring!

  2. Kathrine seier:

    Ser fram te det neste gong me treffest! 😀

Legg att eit svar