Synestesi i fjosen

Då bokstavar og tall hadde fått seg plassar i hovudet mitt då eg var lita hadde dei også fargar og personlege eigenskapar. Dette var heilt sjølvsagt for meg, eg stilte ikkje spørsmål ved det, snakka ikkje om det, eg trudde alle hadde det slik. Heile skuleløpet hadde eg desse bokstavane og tala med meg levande, somme ugreie og vanskelege, somme kjærare og nærare enn andre.

Fyrst då eg i 13-14 års alderen las om synestesi i Illustert vitenskap gjekk det opp for meg at det fenomenet eg kjente så godt, ofte kosa meg med, men ikkje såg på som verken rart eller spesielt, faktisk ikkje er noko alle kjenner til. Eg hugser eg lo, blei skikkelig oppstemt og ganske stolt. Eg var ikkje i tvil om at eg var synestetikar. Eg har aldri dikta opp verken fargar eller andre eigenskapar, eg treng ikkje lure på korleis dei ser ut eller vil te seg i sosiale samanhengar, det er så sjølvsagt, det er berre slik det er.

Så var det fjosen. I fjosen er det ei kvige som er lysare brun enn dei andre. Ho har nummer 24. (Når eg skulle skrive 24 no, skreiv eg 23. Det vil bli klart etter kvart kvifor dette er greit å poengtere.) Kvige nr. 23 er svart. For nokre dagar sidan viste nr. 24 (måtte konsenterer meg no) brunsteikn. Eg såg etter kva nummer ho hadde. 24. Snudde meg rundt. Måtte sjekke ein gong til. 24? Sikker? Sjekke ein gong til. Snudde meg og gjekk ut i gangen for å notere i brunstkalenderen. Noterte: 23 B 0800. Heldt fram med arbeidet i fjosen. Dagen etter var bonden sjølv i fjosen i lag med meg, og stussa over notata mine. Eg oppklarte så godt eg kunne. Peikte på kviga med brunstteikn. Eg visste godt kva for to dyr som hadde nummera 23 og 24 og at eg hadde ei tendens til å blande dei saman. Det hadde ennå ikkje gått opp for meg akkurat kvifor.

Etter at bonden sjølv hadde gått ut, sjekka eg notata mine for eg blei litt usikker. Då oppdaga eg at eg hadde notert feil. Eg lo då eg fortalte det, og forklarte det med at «i mitt hovud passar ho best til å vere 23». Då sa det pling. Sjølvsagt. 2 er blå, ganske lys. 3 er gul, også ganske lys. Begge tala er ganske tynne, nesten litt gjennomsiktige, og dei er forsiktige av seg. Passar godt på den lyse, litt forsiktige kviga. 2 er framleis blå, men saman med 4 som er raud-oransj blir 2 i 24 ein tanke mørkare. Talet 4 er også mykje tøffare av seg. Passar mykje betre på den svarte kviga som ikkje alltid er like grei å ha med å gjere. (Fæl til å kneke med hovudet om du står ved sia hennar for å ordne noko). Ikkje rart det blei krøll.

Dette er forresten 24 (som burde vore 23) i kalveversjon

Utover dette burde 19 vore 13 og 13 burde vore 15. Heldigvis passar 25 ganske godt til sitt nummer. Skulle kanskje berre gje dei namn fyrst som sist.

Comments are closed.