Mormor-året 2012

I år ville mormor Inga Kristine Selsaas fylt 100 år. Eg har derfor heilt på eige initiativ avgjort at 2012 skal vere mormor-året! Meir nøyaktig ville ho fylt 100 år den tolvte i tolvte i tjuetolv klokka tolv. Markeringa kjem hovudsakleg til å gå føre seg her på denne nettstaden med mulege utløparar til fjesboka. Likevel er det ikkje godt å vite korleis året formar seg. Det er berre å henge seg på.

Det er fleire grunnar til at mormor treng ei markering, eller snarare at eg har lyst til å markere mormor. Mormor treng vel strengt tatt ingenting, ho har sikkert blitt til både blome- og meitemarkceller. Kanskje er det også ein liten bit av ho i kyr og sauer som beiter på Torvastad. Om me dreg den der lenger kan me også sjå føre oss at me har hatt deler av ho til middag ein sundag, men det er i grunn ikkje nødvendig å gjere akkurat det.

Ein liten historie frå då morfar døydde kan fungere som ein illustrasjon. Dette var i byrjinga av mars 1996. Morfar rakk å bli 90 og eit halvt år. Presten, mormor og mor mi sat i stova heime hos oss for å planleggje gravferdsgudstenesta. Då dei hadde sitte der ei stund, kom eg ruslande opp frå rommet mitt i kjellaren og satte meg i ein stol i lag med dei. Heilt spontant snudde presten seg mot meg og sa, begeistra: «No veit eg kor du har det frå!» Det var som om han hadde gått og lurt på korleis i all verda desse to foreldra, som det ikkje er noko i vegen med, kunne fø fram ein slik underleg skapning. Så, endeleg, etter å ha møtt på denne mormora, som sikkert hadde sitte der og vore litt sånn underleg rar og herleg som ho var, har han fått ei forklaring. Det blei ikkje utbrodert noko vidare anna enn i mitt eige hovud, men det var slik eg oppfatta det. Og eg blei så glad! Det er utan tvil det finaste komplimentet eg har fått nokon sinne. Eg har saktens høyrt fine ting om meg både før og etter, men det er ingen av dei som kjem i nærleiken av å bli forklart som person ved denne mormora som eg nok både då og no identifiserer meg så sterkt med. Eg ser sjølv at dette verkar intenst, men det er jo trass alt Mormor-året i år, så då har ein vel lov til å ta i ekstra.

Her kjem meir om mormor etter kvart. Eg tek i mot bilete. Ho var ikkje så glad i å bli fotografert, men nokre finst veit eg. Her er eit der ho nokså typisk gøymer seg bak noko, i dette tilfellet meg, jula 1978.

2 comments

  1. Gjertrud seier:

    Herlig Kathrine. Eg glede meg te fortsettelsen.

  2. Kathrine seier:

    Så kjekt! Veit du forresten kor skulebiletet er?

Legg att eit svar