Ho syklar

Slik kan eg byrje, tenkjer eg. For ofte ser eg for meg mormora mi komme syklande innover frå Sveio til Haugesund. På vegen brukar ho å bli stoppa av ein tyskar som vil sjå papira hennar. Ho er ikkje redd. Ho viser dei fram og syklar vidare, sterk og modig. Ho veit at tyskarane, dei er ikkje farlege. Ikkje dei einskilde tyskarane ho møter på veg inn til Haugesund. Dei er menneske alle saman. Og menneske likar ho, likte ho, det veit eg. -Det er noko fint i alle menneske, kunne ho kanskje sagt. Eg veit ikkje om ho har sagt det, men eg tenkjer meg at det kunne ho nok ha sagt. Og dette skal vere mi historie som tek tak i mormora og morfaren min og dreg dei inn i noko dei berre nesten har vore med på. Eg spinner eit nett til dei som eg trur dei ville kunne gje sitt samtykke til å ligge i. Der kan dei kvile seg saman og sjå bort på blomar og dyr. Dei kunne ligge trygt spunne inn i materiale frå naturen, lagt til kvile i mold inne blant blomar, særleg markblomar, rosa, kvite, gule og blå. Spe, men sterke som kjem att år etter år. Det er ikkje sant det eg kjem til å skrive, men nokre som kjente desse to vil kanskje likevel sjå dei smyge seg gjennom historia og nikke nøgd til kvarandre.

One comment

  1. Gjertrud seier:

    Glede meg te fortsettelsen.

Legg att eit svar