Du mista noko!

Inga Kristine syklar nedover bakken i full fart. Ho tråkkar godt når motstanden kjem der bakken blir slakare eit lite stykke før ho skal sykle oppover. Ho skal greie det denne gongen. Denne gongen skal ho komme seg heilt opp til toppen utan å måtte gå av sykkelen. Ho tråkkar alt ho har. Augo er festa langt oppe i bakken, ho ser heilt til toppen av han om ho strekkjer seg. Men ho gjer ikkje det. Ho veit at ho må halde konsentrasjonen om føtene, dei sterke føtene som trør sykkelen opp i høg fart. Inga Kristine og sykkelen er det nesten ikkje muleg å skilje no. Dei er eitt med kvarandre, dei arbeider i lag om eit enkelt mål. Dei skal nå toppen av bakken saman som ein heilskapleg masse av stål og krom, musklar, blod og sveitte.
-Hei! Du mista noko! Inga Kristine bråbremser. Ho har last bakpå sykkelen. Last som ikkje tilhøyrer ho. Ho skal levere, ho har eit oppdrag. Ho snur seg spørjande i den retninga lyden kom frå. Hiv etter pusten.
-Du mista farten!

Dette trur eg er ei sann historie. Mormor fortalde ho fleire gonger, slik ho gjorde med mange historiar frå barndom og ungdom. Nokre av dei hugsar eg godt. Andre kjennest meir som ein draum etter at frukosten er svelgt og tennene pussa. Eg har nokre bilete att, men dei heng ikkje saman og eg hugser ikkje kva poenget var. I den eine ser eg berre for meg eit lite islagd vatn, nokre ungar og eit par våte sko. Kanskje kjem nokre av dei tilbake. Om ikkje skal eg sy saman dei brokkene eg har til historiar som ikkje er sanne, men som heller ikkje er heilt usanne, på eit vis.

Legg att eit svar