Ein nøktern, liten biografi

Inga Kristine Helgesdotter Nesheim blei fødd på Nesheim i Sveio 12. desember i 1912. Ho var ein god forteljar, og både barn og barnebarn har kost seg med å høyre ho fortelje historiar frå barndommen sin i Sveio. Ho voks opp på eit lite småbruk. Faren, Helge Johan, reiste ut på fiske i tillegg til å drive garden. Mora, Anna Serine var utlærd skreddar, og sydde truleg for folk. Inga hadde 8 sysken, seks eldre, to yngre. Daniel og Adolf var tvillingar fødd i 1899, Ingeborg 1901, Oskar Wilhelm 1903, Berta Marie 1905, Hilda Serine 1910, Sigurd Johan 1915 og Ingvald fødd 1918.

Inga gjekk på Bua barneskule i sju år, og var så ute i «teneste» ulike plassar i Sveio mellom anna hjå familiar som fekk barn. Seinare var ho i tenestejente ulike plassar i Haugesund. I slutten av 1930-åra byrja ho å arbeide på Haugesund sjukehus. Like før krigen arbeidde ho blant anna på det ho sjølv kalla «Epidemien», der det var ein del smittepasientar. Denne avdelinga låg rett over vegen for Nils Sørhaug bilforhandlar, bak bygninga der Helgelands musikk har butikklokale. På sjukehuset hadde ho fleire ulike oppgåver, etter kvart også på hovudsjukehuset. Ho var avdelingshjelp med ansvar for vasking og servering av mat, kjøkenassistent og seinare kokke. Dette var ei tid ho mintest med stor glede. Ho fortalde mange historiar, småe episodar som skjedde under krigen både med nordmenn og tyskarar.

Eldste systra til Inga, Ingeborg, budde i Haugesund og hadde tidleg familie. Der var Inga ofte på besøk og koste seg med tanteungane sine. Ei anna syster, Hilda, var busett på Torvastad på Karmøy med familien sin frå ca 1934. Her var Inga også på besøk og blei kjent med Thomas Wegner Selsaas som dreiv nabogarden saman med far sin. Desse to blei etter kvart kjærastar. Dei forlova seg 29. juli 1949 og gifta seg 12. august 1950. Inga var 38 år, Thomas 45. Til trass for at dei starta livet sitt saman då dei var såpass opp i åra, fekk dei 2 born saman, Gjertrud Kristine (1952) og Knut (1955).

Etter at Inga gifta seg var ho bondekone og husmor på heiltid. Ho deltok aktivt i alt arbeidet på garden, og sa alltid at ho likte mykje betre å jobbe ute enn å vere inne og tørke støv. Frå 1953 hadde dei tenestejente som budde i huset hjå dei. Ho heitte Berta og var der nok for å jobbe, men også for å ha ein plass å bu sidan ho ikkje hadde noko eige og heller ikkje var i stand til å ta anna arbeid. Thomas blei bedd om å «ta seg av ho» då dei som hadde hatt ho i teneste ikkje lenger halde fram med det. Ho blei buande i huset til slutten av 1970-åra. Inga sa ofte seinare at det var veldig slitsom å alltid ha «framande» i huset, sjølv om Dadda-Berta nesten var som ein av familien. Ho hadde litt lønn kvar månad i tillegg til kost og losji. Som hjelp på garden hadde dei også ulike drengar og slåttekarar. Thomas hadde mange verv i det offentlege. Han var blant anna medlem av overformynderiet, takstmann og tillitsmann for Landbruksbanken (tidlegare Småbruks- og bustadbanken).

Thomas og Inga levde godt på garden på Stange, Torvastad i over 45 år. Dei fekk etter kvart 5 barnebarn, tre av dei lever i dag. Dei opplevde å miste eit barnebarn i 1984, men blei spart for å miste minsteguten som døydde brått og uventa i 2002. Thomas døydde i 1996, på dagen 90,5 år. Inga døydde i 2001, 88 år gammal.

Comments are closed.