Kaffiposeroteskuff

Mormor var veldig glad i kaffi. Når ho opna ein ny kaffipose klipte ho toppen av posen og slapp han ned i roteskuffen, den øverste skuffen like bak ho og Helge ❤ på biletet oppforbi. Kvifor ho slapp toppane ned i skuffen og ikkje rett i søpla er det ikkje godt å svare på. Det var ikkje slik at ho hadde bruk for dei til noko. Uansett, etter ei stund blei det jo ganske mange slike posetoppremser i skuffen, og eg fekk oppdraget å plukke dei ut for å hive dei. Å vere på kjøkenet saman med mormor var så fint at eg godt kunne ha plukka posetoppremser ut av alle skuffane på heile kjøkenet. Fleire gonger har eg kjent på trongen til å sleppe mine posetoppremser ned i roteskuffen. Kanskje skal eg heidre mormor dette året også ved å gjere det. Eg må berre velje roteskuff fyrst.

Her sit eg forøvrig på skuldra hennar på eittårsdagen min. Det er vel nokså opplagt at det ikkje gjer vondt.

Legg att eit svar