Små skattar

Det nærmar seg åremålsdag. Det som er så fint med å ha levd lenger og lenger for kvart år er at ein samlar seg så mange fine minne. Slike som ein kan ta på, og slike som ein berre har oppi hovudet. Eg skal vise fram to som ein kan ta på her i dag. Den eine hadde eg planlagt å leite fram, for eg sakna han litt. Den andre fann eg tilfeldig i leitinga. Eg ville ikkje visst at eg framleis hadde han i vare. Etter å ha flytta 11 gonger har eg blitt flink til å kaste, men heldigvis er eg god til å ta vare på det som har verdi.

Dette er forside og bakside til ein album eg fekk av ei japansk jente eg gjekk på Namdals folkehøgskule i lag med i 97/98. Ho har teikna meg, og tatt meg på kornet i ein del situasjonar. Forresten fann eg ein ting til då eg leita. Adressa hennar i Japan på den tida. Den visste eg heller ikkje at eg framleis hadde. Trur ikkje eg kjem til å leite ho opp, ho har det sikkert fint i sitt eige liv. Men litt artig er det likevel. Adressa skal eg ikkje kaste. For ordens skyld er Katrine oppe i høgre hjørne ikkje meg, men ein annan medelev.

yoko2

yoko

Det neste eg skal vise fram er eit prov på kor fint det kan vere å arbeide i heimetenesta. Mens eg studerte i Oslo arbeidde eg i bydel Vinderen i Oslo som pleieassistent. Eg byrja vinteren 2001 og hadde siste vakta mi sommaren 2006. Enkelte gatenamn, hus, folk og samtalar sit spikra for alltid. Det er ein interessant bydel å arbeide i når ein er filosofistudent. Ressurssterke menneske med spennande liv. Nok skrive om det. Ein av dei eg vitja hadde vore prest i Hong Kong. Han lærte meg ei fin helsing me skulle bruke då me sa farvel kvar gong eg hadde vore hjå han. Og han skreiv det ned på ein lapp til meg. Lappen fann eg att i går i ein gamal filofax. På baksida har eg skrive det han sa eg skulle svare.

hongkong2

hongkong

Comments are closed.