Ei saueforteljing med lukkeleg slutt

I dag har me hatt inne sauer og lam for å vege alle lamma. Då nytta me høvet til å ta ei oppteljing av både sauer og lam. Ein sau og dei to lamma hennar mangla, og etter ein lunsjpause gjekk eg ut for å leite. Sauene våre er på heimebeiter som alle er i gåavstand frå sjølve garden. Eg har ein mistanke om kva retning eg skal gå, og finn dei nokså lett.

Eg går nordover «Nord hos han Einar» og får auge på ein sau og to lam aleine (heldigvis) i naboen sitt beite heilt nede i på Sæbøsida i Gråbjørg, bekkedalen som skil Sæbø frå Skjølingstad. På litt nærare hald ser eg at det er våre dyr (dvs bror min sine). I denne dalen ender ein smal bekk ut i ei vik som peiker mot Røvær. Sjølve dalen er på vår side av gjerdet. Han er ikkje brukandes til så mykje, her er det nokså vått, men det hender sauene går ned dit og finn eit strå og to. Eg går langs gjerdet for å finne ut kor dei har gått over. Kanskje kan eg få dei til å gå tilbake dit dei kom i frå. Nesten heilt nede i vika finn eg ei nokså stor glipe under gjerdet der eg er sikker på at dei kan komme seg tilbake. Eg reknar med det er der dei har snike seg over. Sau og lam går langs gjerdet eit stykke lenger oppe, så eg går for å hente dei. Eg gjetar dei roleg langs med gjerdet, men då me kjem til glipa går dei ikkje gjennom. Dei er heilt rolege, så eg putlar litt rundt for å finne noko eg kan dekke til glipa med etterpå. Når eg kikkar opp igjen ser eg at sauen har gått over på andre sida av gjerdet. Ho har ikkje gått gjennom glipa, men antakeleg hoppa over gjerdet ein plass der det står litt på skrått og derfor er lågare. Sauen har nok tenkt i sitt sindige sinn at -Der kjem Kathrine. Då vil nok ho at me skal gå heim igjen, så då gjer eg det.

ronja-3

Lamma derimot fekk ikkje heilt med seg dette. Dei står igjen på feil side av gjerdet. Sauen står og ventar på dei, og brekar litt for å seie at dei må følge etter ho. Det får dei ikkje til. Dei går langs gjerdet sørover, og sauen går eit stykke sørover rette vegen i forhold til dit me skal gå for å komme dit dei andre sauene er. Men, men må jo også få med oss lamma. Eg snakkar med lamma og med sauen. Sauen kjem tilbake og går heilt bort til gjerdet og pratar litt med lamma sine. Eg må prøve å få lamma bort til glipa i gjerdet, men då må eg også få sauen til å følge med oss nordover. Eg fortel sauen kva med må gjere samtidig som eg går eit lite stykke bak og til side for lamma slik at eg kan gjete dei langsmed gjerdet. Eg pratar og smattar på både lam og sau. Sauen forstår kva me held på med. Ho følger med på rette sida av gjerdet, og me går roleg langsmed gjerdet nordover. Sauen lengst aust, lamma i midten langs gjerdet, og meg eit lite stykke oppe i skråninga inne i Sæbøbeitet.

Når me kjem til glipa i beitet må sauen gå heilt ned i vika ut på sanden. Det er heldigvis fjære. Lamma finn ikkje opninga, og går heilt ned langs gjerdet der det ender ut i sjøen. Men me prøver igjen. Eg på eine sida av dei, sauen på andre sida. Samarbeidet er så flott at det skulle vore festa på film. Nokre meter sørover igjen berre. Eg er heilt sikker på at det kjem til å gå bra denne gongen. Eg er ein gjetar. Rette avstand til dei er viktig. Rette ro i stemme og rørsler. Eg godsnakkar og skryt med mild stemme. Lamma står like framfor glipa og tenkjer seg om. Det eine lammet bøyer hovudet og undersøker. Kan dette vere vegen til ho mor? Våger seg fram, smetter under gjerdet. Det andre lammet følger etter. Eg tek like godt same vegen eg óg. Det vanskelege jobben eg gjort!

Eg veit ikkje kor lang tid det tok. Ti minuttar? tretti? Uansett så var det gøy. Fascinerande. Ein studie i etologi. Nesten like fin er resten av turen. Me må gjennom fire beite for å komme dit dei andre er. Sauen kan vegen. Sau og lam går foran, eg følger etter. Me tar det roleg. Kvar gong me må opne grinda til neste beite står sauen fint og ventar med lamma sine. Sauen veit kva Kathrine vil. Sauen vil det same. Tilbake til flokken, til alle dei andre. Ho har sett dei heile tida. Sett dei er i Hylfihoien. Då er det ingenting å krangle om. Berre minuttar etter at sauen og eg fekk lamma inn på rette sida av gjerdet har me spasert gjennom fire beite og komme oss inn i det femte. Sau og lam er nøgd, og eg er stolt av både meg sjølv og av sauen.

ronja-2

(Fine Ronja har fått illustrere innlegget)

Comments are closed.