Det e løye med det

Da eg for halve mitt liv sidan skulle føre på første, andre, tredjevalg til vidaregåande, hadde eg litt lyst til å føre på Tveit jordbruksskule. Ganske raskt blei eg snakka i fra det, eg hadde jo så gode karakterar, eg måtte jo gå på allmennfag. Og det var sikkert godt at eg gjorde det. Det var kanskje godt at eg og etter desse tre åra gjekk på folkehøgskule i Namdalen, to og eit halvt år på Landbrukshøgskolen på Ås og fire år på Universitetet i Oslo. Alt dette som har ført meg hit eg er i dag. Ein cand.mag. satt saman av biologi, kjemi, matematikk, fysikk og filosofi. Ein mastergrad i filosofi på toppen av dette.

Kan hende kunne eg ikkje gjort annleis, det veit me jo ikkje. Sjølv om eg ser nå at eg kunne ha gjort andre valg som raskare og meir presist hadde ført meg dit eg gjerne skulle vore nå. For eg er ikkje heilt på plass ennå, men eg har aldri vore så nærme som nå. Eg har visst kva eg ville, men ikkje korleis eg skulle klare å oppnå det og derfor valt det eg kunne forsvare med fornufta. Eg har valt utfra magen og spirrevippane som steig opp i augene når eg skumleste ein brosjyre, ein nettstad, ein annonse. Men heile tida spilt dette opp mot mitt sindige, fornuftige sinnelag.

Nå er eg lærar på ein liten skule som ligg på ei øy utanfor Haugesund. Eg har og den siste månaden når eg har rokke det trekt i kjeladress og støvlar for å lære å stelle i fjosen.
Så glad blir eg etter å ha vore i fjosen:

glad

Dei som kjenner meg veit at slike smil kjem berre innanfra i mitt fjes. Eg kan ikkje lyge fram den kjensla der.

Legg att eit svar