Stemingsrapport i juli

frokost

Slik kan ein også leve. Bobil-liv testing på Torvastad. Denne morgonen høyrde eg på den fine, grøne radioen, eg las litt i «The end of Mr. Y» og så skreiv eg noko som fekk meg til å smile lurt.

traktor

Denne traktoren kan eg kjøre, og ja, eg kan rygge med tilhengar. (Men nokre gonger må eg ta det i to-tre vender før han hamnar akkurat der eg vil ha han). I dag har 29 kjekke kyr fått seg friskt vatn.

sokker

Julepresangane fra i fjor er endeleg ferdigstrikka og overlevert.

bord

Slik blei det mørkebrune spisebordet etter oppussing med «krem» oljemaling. Det er allereie innvia med pizza og fabeldyrteikning. Heimesida til Haugaland kunstVerk er oppdatert.

Og her er ein fin-fin liten logo-film.

One comment

  1. RS seier:

    Å, så fine bilder! Og det frokostbordet såg heilt gull, ut! Du e flink te å laga deg koselige morgenstunder.

    Bordet våres blei jammen ikkje verst. Og ennå kulare blir det der inne med oransje bord. Nå må de bara for all del ikkje vær utsolgt..

Legg att eit svar