Ikkje-fotografert 050909

1. Timo hukar seg ned for å bæsje. Då set ein sommarfugl seg til ro på hovudet hans. Admiralen sit der heilt til Timo er ferdig. Ei svart og oransj sløyfe i tinningen.

2. Farbror Melker syklar forbi meg på Matlandsletta. Han har på seg kvit joggebukse, kvit t-skjorte og kvit solhatt.

3 comments

  1. Atle Grimsby seier:

    Ojsann!

    Ha fotoapperatet klart det kommer nye muligheter :-) Ikke gå glipp av denne Worldwide movement 09:09 http://thebigklosowski.com/2009/04/13/my-photography-for-world-wide-moment-and-i-need-your-help/

    mvh
    @atgrims

  2. Naivfilosofen seier:

    Spennande. No er klokka 07.47. Eg sit i Sauda i ein bil med seng og komfyr og slikt. Eg et knekkebrød med meierismør og drikk te. Skulen byrjar 09.10, dette skal eg greie. :)

  3. Naivfilosofen seier:

    Eller ikkje.. For det er sjølvsagt ikkje 09.09 norsk tid, men Tokyotid. Og klokka var 09.09 i Tokyo klokka 02.09 i natt. Då sov eg. I bobilen som vinden rista i og regnet tromma på.

Legg att eit svar