Nyttårsforsett

I år skal eg prøve alt eg kan å late att augo, seie eit eller anna tullete til meg sjølv, eg tenkjer «kososmose» eller noko slikt, riste på hovudet og schnappe ut av det kvar gong eg stivnar til og låser blikket alle andre plassar enn der det er folk som berre vil meg vel. (Det er jo faktisk ingen som vil meg vondt.) For det hender at eg lagar eit slikt forsvar når det blir for vanskeleg å vere ute i verda. Men sidan eg ikkje eigentleg er under angrep, så sårar eg berre dei som er rundt meg. Og sidan eg er så veldig klar over at eg gjer dette her, og at eg på grunn av det er slem mot dei rundt meg så blir forsvaret endå større. Og akkurat det siste der, det kan eg ikkje forklare, men i alle fall så fører dette tullet mitt berre til at eg blir sur og lei meg og går heim til slutt ved veldig dårleg samvit.

tegn

Skigardsvise (siste vers)
Har du ein skigard? Å jau, du har nok ein, for alle har 

ein ting ein gjerne vil stenge ute, 
ein ting ein ikkje syna vil ein kvar.

Men desse stengsler treng ikkje vara, 
ein skigard kan du kliva om du vil!

Ein skigard kan’kje vara evig, veit du, 
kan aldri vara evig.

Stanley Jacobsen

Sagt på ein litt enklare måte så skal eg prøve å vere øm og sårbar og open og mjuk som ein kosebamse. Eg skal vere snillare, litt mindre sarkastisk, gje fleire klemmar, gje fleire kompliment og sist, men størst skal eg gje mykje meir vørnad til dei eg er glad i.

Eg skal skrive kort til Liv som eg fekk kort frå i dag. Liv som var så fin då ho gifta seg i fjor sumar og som er flink til å springe, til å stå på ski, til å lage mat og til å forske på Rikshospitalet.

Eg skal besøke Janna og kike inn i fjosen hennar der ho har ammekyr som er så spanande å få vite litt meir om. Janna som er så snill og fin at eg alltid tenkjer på ho når eg skal skrive inn eit godt menneske i dei historiane som eg og skal bli flinkare til å setje meg ned for å jobbe med. (Og så er ho så morosam i tillegg, fine jenta.)

Eg skal vitje Ingebjørg og Torleiv som har flytta inn i det nye huset sitt, og både dei og Åslaug og Johannes og Ruth Synnøve og Simon skal få fleire klemmar kvar.

Eg skal halde fram med å tenkje på, og å gje vørnad på facebook når eg tykkjer det høver seg til alle dei som eg ikkje lenger ser omkring meg, men som eg ein gong blei glad i og derfor framleis er det for all evig tid eg er over jorda og ikkje under jorda som ein del av ho. (For når eg søv er litt av meg og huset mitt nedanfor jordoverflata!) Det er mange som ofte er innom hovudet mitt og som eg smiler til der. Lars Erik er der, Kristine, Siri, Ane, Eldrid, Hans Christian, Marianne, Line og Asbjørn er der, Nils Petter, Einar og utroleg mange andre som vandrar gjennom dette rare hovudet, for det er det eg ofte bruker det til, og kanskje er det derfor eg ikkje er så god i hovudrekning.

Familien min er så liten, så han kan få mykje, mykje meir. Dei seks som bur på austlandet, tante Bodil, onkel Egil, Synnøve, Gunn, Lars og Nicolai sviver ofte gjennom tankane. Mamma og pappa som er så snille at eg raudnar av varme og kjærleik. Den gode, opne broren min som skal gifte seg til sumaren med flinke, fine Anke, student og fotpleiar. Anke som alle meiner liknar på meg, og det var det første eg fekk høre om ho som snart blir svigerinna mi (men eg har tenkt lenge allereie at det er det ho er). Den gode systera mi som kallar meg for søte søster og som er like søt sjølv, og som har laga eit forunderleg lite Tilde-vesen saman med fine svogeren min, eit vesen som snart er utrolege tre år, og som alleie har snakka flytande i nesten to. Fantastiske onkel Knut som er den tolmodigaste fjoslæraren, som lar meg sleppe til, og som har tru på meg og kastar meg ut i det eg ikkje er heilt sikker på at eg vil klare sjølv, men berre når han trur eg kan klare det, og det trur han, og det er det som er så fint. Finaste onkel Sigmund som har latt meg få låne bilen sin utan å tenkje seg om to gonger heilt sidan eg solgte bobilen, og det gjorde jo livet så mykje lettare å ha med å gjere.

Familien min er så liten at når denne finaste broren satte seg oppi karlsvogna saman med mormor og morfar berre litt over ein månad etter at eg tok dette biletet, fekk me plass til alle namna våre i dødsannonsa i Haugesunds Avis.

helgemin

Alle lys eg tenner, tenner eg for han, men han skal og snart få eit lys framfor minnestøtta si.

bilde
Til jul fekk eg dette biletet laga berre for meg.
Og han som har laga det, det er han eg tenkjer på kvar gong ambulansen kjører forbi. For slik er det med meg. Når ambulansen kjører forbi, då tenkjer eg på det som ligg nærast inne ved hjarterota. Slik har det alltid vore.

Så skal eg fabulere og filosofere saman med alle desse flotte menneska her. Dei som er eg så heldig å få kjenne.

Eg trur og at eg skal skrive fleire postar som denne, for dette var ein god post å arbeide med.

Godt nytt år får ein seie. Takk for alle dei åra som eg har levd omringa av kjærleik.

6 comments

  1. RS seier:

    Så fin tekst, Kathrine : ) Nyttårsforsett som handle om andre ting enn økning av aktivitetsnivå og fettforbrenning e gode ting ; ) Me vil følla opp me flære klemmar, komplimenter, flære kreative resultater, kveldsar og andre måltider med gode venner og familie : ) Og så må me jammen snart dra på tur igjen! Fabelfolk goes New York? Kosemose fra Ruth 😀

  2. RS seier:

    Og, himla fint Johan-bilde 😀

  3. Naivfilosofen seier:

    Takk og takk :) Og godt begynt med komplimentene :) Fine pusekatt du hadde lagd av Simon forresten 😉

  4. Liv seier:

    Godt nyttår, Kathrine! Det va veldig bra skreve og flott nyttårsforsett! Fine bilde òg. Du e ein kunstnar og ein snill og god person. Fint å lesa første måndagen i 2010 på slutten av jobbdagen. Store klem

  5. Bodil-Eileen seier:

    Kjære niesa mi.
    Her sitter jeg og leser så øyet blir stort og vått.Selv om vi bor langt fra hverandre er heldigvis veien kort for gode tanker.Takk for at du deler så raust av din tanker med oss.
    Stor klem til fra tante.

  6. Naivfilosofen seier:

    Det er stas at orda mine varmar. Glad i dykk alle! Hørte om komleutfarten, håpar det smakte. 😉

Legg att eit svar