Utekseminert

Denne veka har eg øvd på å stikke ein lang pinne opp i pompelibomben på sauer. Sagt med vaksne ord har eg gjennomført inseminasjonskurs på sau og kan snart putte små lammerompetroll inn i sauene på Skjølingstad. Om det blir aktuelt å gjere får tida vise. Fyrst måtte me tørrtrene inne i klasserommet:

inseminering

Et reproduktivt system utan sau rundt seg. Eller er det ein sau? Ein brøkdel sau?

inseminering

Etterpå fekk me øve oss på heilt intakte sauer med hjarteslag, men då låg kameraet i bilen.

I dag, då eg sat i Sauda og lytta intenst og aktivt oppmerksomt og konsentrert til alt som blei sagt, strauk eg meg over overarmen. Eg strauk ganske utan å tenkje over at det var det eg gjorde, men så merka eg at noko var annleis. Det var lik som ein klump der. Overarmen bulte på ein måte han ikkje har bult før. Det tok litt tid før det gjekk opp for meg: Det var ein biceps! Ja, eg har alltid hatt biceps i overarmen, noko anna ville vore upraktisk. No har eg ein stor biceps. (Større i alle fall). Det kan skyldast at eg har skufla silo og måkt skit. Her er han i all sin prakt:

bice

Legg att eit svar