Ein dansande brødskivesmørar og naturvitskapen oppsummert

brunostogsyltagurk

I dag har eg dansa til musikken på P2 mens eg smurte desse fine brødskivene. Det beste brødet som fins: grovbrød med sirup. Oppå skivene la eg gudbrandsdalsost og syltagurk. Ja, det er kjempegodt! Eg aner ikkje kva musikk eg dansa til, for eg svømte ein runde i bolla mi og etterpå hadde slikt forsvunne.

Eg har latt Bodyguard stå og dure i bakgrunnen i kveld. Ikkje fordi eg tykkjer det er ein spesielt spanande film, men fordi eg hugsar så godt den gong eg såg han på kino. I følge imdb.com var det i 92-93. Dei to fine syskenbarna mine var på vitjing, og då me gjekk bortover Skåregata etter å ha sett filmen song me «and aaaiai will always love yooouuu» av full hals og i fistel.

Til sist i dag, ein heil sundag til ende fann eg dette: Heile introduksjonsongen til den fantastisk fine situasjonskomedien The Big Bang Theory. Naturvitskapen oppsummert i ein song.

Legg att eit svar