Ein raud tråd

Det kan sjå ut som om dei valga eg har gjort i livet er heilt tilfeldige og spontane og at eg ikkje veit heilt kva eg vil med meg sjølv. Eigentleg er det ganske så motsett. Logikken bak eit av valga tenkte eg å dokumentere her. For eg går på Vinterlandbruksskulen etter å ha studert i 8-9 år i Oslo, litt diverse sydd saman til ein heilskap fullført utan problem om ikkje med glans i og med at eg er lat. Men det kan eg komme tilbake til seinare ein gong akkurat når det fell seg slik. No tenkte eg å vise deler av den raude tråden som eg alltid har dingla i.

Fyrst kan me starte med varsom omsorg for dyr i tidleg alder:

pus

Litt seinare, eg var tre år trur eg, fekk eg ein heil bondegard av farmor.

gard

I fyrste klasse var eg gjetar:

gjetar

Her ser ein eit tvillingpar. Kven av dei er mest etla til å vere gardbrukar?

kalv

På ungdomsskulen då me skulle søkje på vidaregåande hadde eg lyst til å føre Tveit jordbruksskule opp som fyrsteval. Då sa Tommy at eg ikkje kunne det, eg som hadde så høge karakterar. -Ånei, sa eg. Eg kan tenkje meir sjølvstendig no. Men det er jo sjølvsagt ikkje Tommy si skuld. Eg hadde nok ikkje tort å flytte heimefra.

I staden sov eg i lag med katten:

rips

Dette skreiv Simon i russeårboka (fritt etter hugsen, for eg klarte ikkje finne årboka. Det at eg kan hugse det så godt vitnar mulegvis om at eg er skremmande opptatt av meg sjølv.):

«Kathrine ble sist sett kjørende med et dystert blikk i en hvit varebil iført kofte, blå kosebukse og rødt skjerf. Har du sett henne? Kontakt Noregs avløysarlag.»

(Simon er ein veldig god ven (heilt sant)).

Så til sist eit artig lite notat. For eg har vore glad i fire guteperler på ei snor. Den fyrste av dei har kjøpt ein gard. Nummer to gjekk på skogfag på NLH. Den tredje er odelsgut på Toten. Nummer fire har kjøpt eit småbruk. Perlekjedet skal eg behalde. På det er det plass til ei perle til.

7 comments

  1. RS seier:

    : ) Så kjekt å lesa! Huske godt det som blei skreve te russaårbokå, ja. Fantastisk : ) Må fylla på ein ting te: du va ei stond ganske gira på å gifta deg med ein svensk negerbonde ; )

  2. Naivfilosofen seier:

    Ja, den der får eg visst aldri lov å gløyme 😉

  3. RS seier:

    Hehe, passte jo godt inn i sammenhengen, da 😉 Nesten så eg håpe på at han blir den nesta perlå :) hihi

  4. Naivfilosofen seier:

    OiOiOi. Utfordring der, ja.

  5. Johan seier:

    Eg må sei at på bildet av deg å bror din, så ser det ut som at du e den som passe t gardbrukar. Mens bror din ser mer redd ut :)

  6. Johan seier:

    Eg meinte deg OG bror din. sorry, eg skreiv litt fort

  7. Naivfilosofen seier:

    På dialektskriftspråket er det meste lov 😉 Ja, han visste nok ikkje heilt korleis han skulle gå fram. Men i går kom det fram at han hugsa veldig godt at me hadde hatt ein familiedag i skogen då meg og han var godt under skulepliktig alder. Det var det ingen andre som hugsa. :)

Legg att eit svar