Det fine i det å gå tom for bensin

Viss ein skal gå tom for bensin i morgonrøsjet på veg frå Karmøy til Haugesund, kor gjer ein det då? Jau, midt på Karmsundbrua på veg oppover. Det er tingen. Så då gjer ein nettopp det, om ein er slug, slik eg jo er. Ein ventar i det lengste med å mate bilen, riggar seg ut om morgonen og reknar med å nå punktet 10-15 meter frå toppen akkurat i det den siste dropen blir brent i motoren. Slik kan ein sørge for at alle dei som skal over sundet på jobb får seg ein roleg tur i sakte fart over brua. Dei får sjå ei kvinne stå avslappa på fortauet og nyte utsikta sørover i deilig, klår aprilluft. Ein snill og hjelpsom mann får lov til å vise kor flink han er til å rygge bilen opp på fortauet slik at han er litt mindre til hinder. Han får stor takk med seg vidare inn i dagen sin, og han har noko fint å fortelje til dei andre når han kjem på jobb.

bru

Etter ei stund kjem det gul bil frå NAF, og ut kjem ein mann med masse skjegg og akkurat passe godt med tid. Me kjører over toppen av brua, og matar bilen mens han framleis står på den gule NAF-bilen. Så må bilen få seg eit elektrisk støyt, for når ein stoppar midt på brua tom for bensin ville det vore lurt å skru av lysa på bilen.

Når ein har komme så langt, og bilen durar og går som om ingenting hadde skjedd har båten til jobb på Røvær lagt frå land. Det gjer at ein må sette seg på HKV fram til neste båten går klokka 10.50. Ein lagar kaffi, ser «Hjernevask» på nrk.no. På dette viset finn går det også an å oppdage at filmen «The nanny diaries» ligg på nrk.no. Kanskje ligg han der heilt til eg får sett han.

4 comments

  1. […] This post was mentioned on Twitter by Sonitus.org, Kathrine Wegner . Kathrine Wegner said: New post: Det fine i det å gå tom for bensin http://cli.gs/rNY3s […]

  2. RS seier:

    Hehe, va det deg, det, ja : ) Eg forsov meg, så eg rakk ikkje den køen du lagde, men hørte om an på jobb, der folk som ikkje hadde forsove seg hadde stått og venta i ein time. Hehe. Kult! Godt å hørra at du fekk god hjelp, jaffal! Eg hadde ikkje visst ka eg sko gjort, eg, sikkert :S Hehe. Fin historie på naivfilosofi blei det og : )

  3. Naivfilosofen seier:

    Ja, fekk litt dårleg samvit der eg stod, så måtte snu meg i andre retningen slik at dei ikkje såg at eg lo. Syns det var ganske komisk etter kvart.

  4. RS seier:

    Hehe, skjønne eg godt 😀

Legg att eit svar