Eeuhum, nei..

I går ettermiddag gjekk eg ein tur i nærleiken av kyrkja i den fine bygda eg har vakse opp i. Eg hadde knytta banda til hundane rundt livet slik at eg kunne ha hendene fri til å knipse nokre bilete eg håpar eg kan bruke i eit prosjekt eg no har arbeidd med i snart 10 år (kvifor det går så seint er fôr for ein annan post). Når eg gjekk bortover vegen høyrte eg nokre som sang ein kristen barnesang eg kjenner godt frå oppveksten. Eg trur det var «alle, alle vil vi ha med, vil vi ha med til himlen», men det kan ha vore ein av dei andre også. På veg tilbake til bilen stod han som bur i eitt av husa der, ute ved hekken sin. «Hei, kjenner du meg?» spurte han. Og eg måtte seie både ja og nei, for eg visste kven han var sjølv om eg ikkje hadde snakka med han før. Eg kjenner bror hans, nieser og nevøar. Slik er det i ein fin lita bygd. Han spurte etter namnet mitt, og fekk slik bekrefta at eg var den han trudde eg var. Dotter av far min og mor mi. Fine dei og. Like fine som bygda dei bur i. (Berre for å gjere det heilt klart, her er det ikkje sarkasme i orda, eg er umåteleg glad i både bygda og foreldra mine.)

Det er stas at folk veit kven eg er og kvar eg kjem frå. Det er trygt og godt å vite at ein ikkje er usynleg. Me rølte litt om hundane, og eg kunne fortelje at dei barnebarna som sprang rundt der, dei hadde eg passa på i barnehagen ein sommar. Så seier han, heilt utan samanheng med noko anna: «Er du kristen du?» Og eg måtte jo svare som sant er, at «eeuhum, nei er eg nok ikkje det». Eg kika flau ned i bakken då eg svara, som om det er noko eg sjemst for. Eg plukka litt på hekken hans, og skunda meg å mumle: «Men, eg oppfører meg nokså fint allikevel». Det høyrte han ikkje, for han snakka om nåden. «Men du har jo kjent på det sjølv, ikkje sant, tidlegare?» «Ja, du veit jo kvar eg kjem frå», svara eg. Han smilte trist, og eg kika litt rundt og omkring. Me rølte litt meir om lettare ting, og så sa me våre venlege farvel.

Det heile var underleg. Det var ikkje heilt vanleg prat over hekken, men kanskje er det slik han brukar prate over hekken. Eg brukte no dagen vidare, og tenkte ikkje så mykje over det som noko anna enn ein morosam historie. Det var fyrst no, når eg satte meg ned for å skrive ho, at eg kom til å tenke på at spørsmålet kanskje ikkje var tilfeldig. Kanskje går det rykter om desse ugudelege ungane som kom frå så fin ein heim, og korleis kunne det gå så gale? Om det er slik så gjer det meg ikkje sint. Eg kjenner meg ikkje overvåka eller urettvist snakka om. Eg kjenner meg synleg på positivt vis slik eg skreiv tidlegare i teksten. Men eg blir litt trist, for der er så unødvendig. Om eg er kristen eller ikkje fortel eigentleg ikkje så mykje om meg. Eg har samme oppfatning om rett og gale. Samvitet mitt er like stort, og gjer like vondt eller godt alt etter kva eg har funne på, eller sagt eller tenkt. Kanskje tenkte han at det var synd på meg som mangla Jesus eller noko slikt. Det er no ikkje heilt sant heller, for Jesus kan ein ha som førebilete uansett kva ein trur og ikkje trur. Det meinte Thomas Jefferson også då han skreiv «The Life and Morals of Jesus of Nazareth» populært kalla «The Jefferson Bible». Har ikkje lese boka, men det står på ei av listene mine at eg skal gjere det.

Ellers så er eit av dei finaste, mest etisk bevisste menneska eg har kjent her i livet ihuga ateist. Så det så.

Sjølv seier eg det meir slik som Bill Maher seier det i filmen sin Religulous: «I don’t know!» Eg veit jaggu meg ikkje, og det lever eg godt med. Det er eit spennande liv. Nysgjerrig, undrande, overraska og fascinert. Det er også eit meir avslappande liv i grunn, for eg svarer berre for det eg gjer overfor meg sjølv og menneska rundt meg.

Det einaste eg mista når eg lot barnetrua ligge igjen i barndommen var desse tankane som alltid gnagde på samvitet: «Du burde gå meir i kyrkja, lese meir i bibelen, be, du burde be!» Puh! Takk og lov livet. Vidunderlege livet som det ikkje finst forklaring på! (Smilefjes med stor D). Ei anna dame (som eg var heldig å gå på folkehøgskule i lag med) har kalla bloggen sin for noko eg kan skrive under på: Eg trur på eit liv før døden.

One comment

  1. RS seier:

    : )

Legg att eit svar