Mjusik

Eit av dei verste spørsmåla eg får er: «Kva musikk likar du?» Eg veit aldri kva eg skal svare. Eg likar sjølvsagt å høyre på musikk. Det hender eg høyrer på musikk. Eg har ei Ikeahylle full med musikk, og har starta eit abbonement på Wimp. Men Ikeahylla har ikkje fått nytt tilskudd sidan eg flytta heimatt til Vestlandet for tre år sidan, og når eg opnar Wimp veit eg ikkje heilt kva eg skal høyre på. Eg kan sikkert synge med på dei fleste songar som er blitt spilt på radioen dei siste 30 åra, men klarer ikkje å hugse kven som speler. (Klar overdriving, eg er ikkje dum, men likevel). Eg lever godt med alt dette, og kosar meg stort sett. Eg likar rock, punk, indie, visesong og elektronika, men eg tviler på at det er eit godt svar på spørsmålet. Det eg kan seie heilt sikkert er at eg ikkje kan fordra ABBA og Elvis, og at eg har eit problematisk forhold til Robin.

Viss det ikkje var for at eg hadde slike (til tider litt elitistiske, ja, eg skreiv det) vener som høyrer på alt slikt som er riktig å høyre på om du veit kva som er godt for deg (Ikkje spør kva det er, eg anar ikkje. Men det er kjekt å høyre på, stort sett), hadde eg ikkje hatt noko problem i det heile tatt. Dei flotte venene mine som er musikalske og som sprer god musikk omkring gjer meg litt beklemt når me kjem inn på tema. Også seier eg svært lite. For ikkje å gjere skam på dei. Men nok er nok.

Eg innrømmer herved at når det berre er klassisk musikk på P2 då skrur eg over på Radio 102 (lokalradioen på Haugalandet for dei uinnvidde) der dei speler ei uendeleg rekke hitar frå dei siste 30-40 åra, og eg syng med. (Ja, unntatt i dag då ABBA kom og eg måtte skunde meg å skru over på P3).

Musikk er svært viktig for meg. Nokre songar har fulgt meg i mange år, og nokre av dei har eg allerede delt. Nokre tek meg tilbake til Namdals Folkehøgskole, til Pentagon på Ås, til Kvartsveien på Ås, til Kringsjå, Sogn, Bjølsen, Ullevålsvegen. Mange tek meg sjølvsagt enda lengre tilbake. Eg kan ikkje høyre «Sola eg god, sola er toppen» med Børudgjengen utan å sjå bror min og meg gaulsynge framfor den raude kommoden på soverommet vårt som me delte fram til me var 8-9 år.

Og kvar gong eg høyrer «Nothing else matters» med Metallica byrjar eg å grine.

I kveld likar eg denne:

Eg er visst langt frå perfekt for tida.

3 comments

  1. Simon seier:

    Det at du hate ABBA gjør deg godkjent i mine auge!

  2. Kathrine seier:

    Strålande 😉

  3. […] This post was mentioned on Twitter by Kath.W. Skjølingstad, Kath.W. Skjølingstad. Kath.W. Skjølingstad said: RT @kathrinewegner Mjusik http://bit.ly/9QfU0i […]

Legg att eit svar