Sirkelsyn

Eg likar at årstidene skiftar, at tida går. At alt fungerer. Sola står opp og går ned. Dagane blir jamnt kortare og kortare inntil den dataoen kvart år då dei blir lengre og lengre igjen. År etter år. Plantane trekk næringa til seg og legg seg til å sove heilt til sola kitlar dei neste vår slik at dei veks og får farge. Eg likar at håret mitt skiftar farge. For kvart år blir det fleire og fleire kvite hår oppi det mørkebrune. Eg likar at ungar blir fødd og at gamle døyr. Alt går i ring år etter år mens tida flyttar seg jamnt og støtt. Det er når eg tenkjer på slikt eg kan forstå korfor sola, månen og stjernene har hatt gudestatus. Det er lite anna i denne fine, rare verda ein kan lite sterkare på. Kanskje er det der gudane som me ikkje heilt klarer å sleppe tanken på, likevel ligg.

Legg att eit svar