Dirigenten som blei til ei kake

Eg skal ha kjøt og potet til middag i dag, tenker dirigenten. Ho legg håret til rette på skuldrane, skrur fast øyredobbar og heng på seg smykke. Fjeset målar ho fint slik at augo ser ut som om dei skal til å dette over kanten. Om dei hadde gjort det ville ein ha sett to blenkande blåe klinkekuler trille bortover parketten og kanskje finne vegen ut døra og nedover vegen. Dirigenten trekkjer på seg høghæla, langhalsa spaserstøvlettar, smell døra godt igjen etter seg og tar til å klapre den korte vegen til øvingslokalet.

Dagen før hadde ho berre ete kjeks. Til frukost hadde ho funne to kjeksar i ei skål gjøymd bakerst i skåpet. Dei hadde ho spist i lag med ein kopp kaffi. Det var slike kjeksar med kremfyll og vaflemønster. For to dagar sidan hadde ho laga sjokoladekake. Ho hadde pynta kaka med sjokoladekrem, og sidan det var sjokoladekrem til overs hadde ho funne fram ei kremsprøyte, skjært ei glipe i kaka frå sida og sprøyta resten inn i kaka.

Dirigenten slikkar seg rundt munnen og finn melis i munnvikane etter skulebollene ho nettopp har spist. «Nei, i dag skal eg ha kjøt og potet til middag», mumlar ho bak fingrane som samlar opp skulebollerestane og legg dei inn på tunga.

Det er mange rosa og lyseblå hus i den litle byen ho bur i. På taket har mange av dei lakrisfarga heller. Framfor husa ser det ut som om nokon har pynta med marsipanroser. Dirigenten ser for seg store amerikanske muffinsar der ho klakkar over den melisfarga fotgjengarovergangen. «Kjøt og potet», seier ho litt for høgt. Flau legg ho handa over munnen og kikar seg rundt for å sjå om nokon høyrte det. På busstoppet sit ein mann som flirer mot ho. Ho sett eit par indignerte augo i han og skundar seg vidare med eit snøft.

Framme i øvingslokalet pakkar ho ut noteark mens koristane skravlar seg på plass i trappetrinna ved pianoet. «I kveld skal eg ha kake og potet til middag» nynnar ho lågt for seg sjølv. I augnekroken ser ho at det kjem ei svær sjokoladekakelangpanne inn. Ho har to lyslilla strømpebuksebein oppi høge svarte støvlar med kvite snøreband. Kaka duvar opp og ned som eit stort skip. Sikkelet renn frå innerst inne ved øyrene i munnen til dirigenten. Duften frå den ennå varme kaka dansar med mjuke bevegelsar inn i nasebora slik at dei byrja å vibrere svakt. Augnevippene hennar flagrar ukontrollert og ho vaklar litt før ho finn igjen balansen. «Kor skal eg sette kaka?» spør dama som kjem opp av støvlane. Dirigenten river seg laus frå det brune vidunderet og løftar blikket opp til ei krøllete såte som oser av Elnett frå L’oréal. Dirigenten klarer ikkje la vere å harke vekk hårsprayen som la frå seg eit klebrig belegg øvst i halsen. Ho tek seg kraftig saman, retter seg godt opp i ryggen, og svarer: «Berre sett ho på bordet der borte, du.»

Augo henna vrengjer seg vekk frå den duftande sletta av kakao og sukker. Damene syng. Dirigenten har kaka i sidesynet. Ho vaktar kaka som ein hund med det eine øyret vendt til sida redd for at nokon skal komme inn og snappe ho med seg, springe mot døra med kaka i hendene og hive seg inn i fluktbilen utanfor. Det er sjølvsagt ein kvit Toyota Hiace med raudbrune rustrender langs sidene. Damene syng. «Uti vår hage där växa blå bär. Kom hjärtans fröjd. Vill du mig något så träffas vi där. Kom liljor och aquileja, kom rosor och..» Det er då, midt i fyrste verset av «Ut i vår hage» det grusomme skjer. Ytterst i periferien av synet sitt registrerer dirigenten ei rørsle. Ho kan sjå to hender gripe om det svarte metallet kaka ligg i. Nerveceller i hovudet hennar reagerer spontant. Dei fyrer av signal i avsindig tempo. Dirigenten sin kropp bykser lynraskt til sides og kastar seg over kaka. Ei dame med kakespa i handa smeller inn i ei stolrekke og blir liggande med armar og bein i underlege posisjonar i ei smørje av grønntrekte stolar med furulegger. Oppå bordet på alle fire ligg dirigenten huka over kakefatet og et som eit rovdyr. Ho byrjar systematisk øvst i høgre hjørne av kaka, og tygger seg nedover på skrå mot nedre venstre. Damene blir ståande i trappetrinna med gapande munnar og stirande augo. Dei klarer ikkje å røre seg. Ikkje ein gong dama med kakespaen får hjelp, og ikkje tør ho prøve å reise seg heller, for dirigenten sender henne skarpe blikk med jamne mellomrom for å halde ho på plass. Då den motigaste av damene våger å røre på seg og tek ein steg mot den kakespisande dirigenten får ho ei snerr mot seg så fryktinngytande at ho straks byrjar å skjelve og må setje seg ned og klamre armane om seg.

Skrekkslagne blir damene vitne til forvandlinga. Det skjer gradvis, men merkbart og byrjar nedst i anklane. Langsamt blir dirigentbeina mjuke i konsistensen. Dei ser svampaktige ut og duftar svakt søt sjokolade. Endringa flyttar seg oppover, innunder skjørtet og ut av det igjen. Sjølve skjørtet ser etter kvart ut som eit marsipanlokk. Blusen liknar pynten på ei fløytekake, og spredt ut over både skjørt og bluse dukker det opp ein kakofoni av allslags pynt. Det er nonstop og sølvperler, marsipanroser og geletoppar, kakestrø i alle fargar og former.

Dirigenten har no ete opp heile kaka. Ho snur seg langsamt rundt til damene som alle står paralysert med gapande augo og munnar ute av stand til å sjå vekk eller røre på seg. Aggressiviteten har blitt erstatta med sjokolade. Dirigenten er mett. Ho veltar seg rundt med eit stønn, og blir sittande med marsipanrumpa midt i langpanna. Rundt munnen hennar, som er ein muffins med rosa melispynt, ligg det smular av sjokoladekake på eit sjokoladekakefjes. «Kjøt og potet» gruntar muffinsmunnen. Stemma er grautaktig, og nedover sjokoladekinna renn det store kvit-blå melistårer. Damene byrjar smått å røre på seg. Ho som ligg i stolsmørja tør å løfte hovudet, og får hjelp til å filtre seg ut av stolbeina. «Kanskje me bør ringe nokon», seier ho som hadde komme med kaka.» Fleire av dei nikkar, framleis i sjokk og undring over det som har skjedd. «Men kven i all verda er det som kan hjelpe med slikt?» undrar ei av dei andre. Ho som har ligge i stolrøysa kjem haltande bort til dei andre, oppriktig uroa for den grinande kakedirigenten til trass for den harde behandlinga ho sjølv har vore utsett for. «Kanskje eit bakeri?» Dei ser på kvarandre. Alvorlege andlet i ring heilt til eit av dei ikkje klarer å hindre at munnen rykker på seg. Det sprer seg raskt, slike rykk gjer gjerne det. Halvegs kvalt av latter pressar ei av dei fram: «Kva tenkte du dei skulle gjere? Sette ho til utstilling i vindauga?» «Selge ho!» skrattar ei av dei andre. «Vlææ!» vræler dirigenten.

Dei kikar bort på marsipansjokoladekakemuffinsen i langpanna på bordet. «Eg er litt kaffitørst eg», seier ein raudhåra sopran. «Kaffien er trekt den», svarar ein høg alt. No stirer alle bort på marsipansjokoladekakemuffinsen. Marsipanskjørtet har fått små kondensdropar i eit lag rundt all pynten. Det er varmt å vere kake med hjartepumpe. Alle dameaugo har fått eit glassaktig lag av kaffitørst og sukkersug. Den høge alten går målbevisst bort til marsipansjokoladekakemuffinsen og held ho i eit fast grep. Men det er ikkje nødvendig å holde så hardt. Dirigentkaka er utslitt, mett og varm. Ho er døsig. Ho gurglar ut protestar, men let seg likevel skjære i passe store stykker slik at alle få seg noko søtt til kaffien. Etterpå skravlar dei ei stund før dei går kvar til sitt.

2 comments

  1. RS seier:

    Hahaha! Du e geniale 😀 Fantastisk! Likte godt «kakofoni» og «furuleggar», mellom andre velformulerte morosaker. Hehe : ) Best eg mate deg videre med slike tulleidear, og vips sit du med eit magasin fullstappa av jesus og kakemonstre som møter veggen. Tøft at det heila blei avslutta med ein slags kanibalisme. Heh

  2. Kathrine seier:

    Fôr meg!

Legg att eit svar