Dei finaste

<< >>

Ho syklar

Slik kan eg byrje, tenkjer eg. For ofte ser eg for meg mormora mi komme syklande innover frå Sveio til Haugesund. På vegen brukar ho å bli stoppa av ein

Ein sjølvbiografi tjuenullnull-tjueti

RS sa her ein dag eit eller anna om at det kjentes som om ho slutta å rekne åra i 2000 omtrent. Hugsen min er ikkje så presis, så eg

Dirigenten som blei til ei kake

Eg skal ha kjøt og potet til middag i dag, tenker dirigenten. Ho legg håret til rette på skuldrane, skrur fast øyredobbar og heng på seg smykke. Fjeset målar ho

Eeuhum, nei..

I går ettermiddag gjekk eg ein tur i nærleiken av kyrkja i den fine bygda eg har vakse opp i. Eg hadde knytta banda til hundane rundt livet slik at

Å temje ein traktor

Alle er flinke til å sleppe meg til slik at eg skal lære mest muleg om dyr, gras og traktorar. Far min forklarer i minste detalj som om eg var

Ein raud tråd

Det kan sjå ut som om dei valga eg har gjort i livet er heilt tilfeldige og spontane og at eg ikkje veit heilt kva eg vil med meg sjølv.

Flink!

I helga har eg vore avløysar hos desse dyra Når eg skal gje dei silo kjører eg denne vogna i forgangen. Ho er elektrisk og går anten fram elller tilbake

Cap

Cap har vore hos oss i ei veke. Han er ein skikkeleg gogut. Hengiven, lydhør, full av energi, men ikkje slik at det tek overhand. Han er godtatt av dei andre to hundane utan problem. I lag med sauene er han veldig interessert, men samstundes mild med dei, og han kjem når eg ropar. Me har berre vore inne i fjosen til no, men så snart vinden har løya litt skal påsetlamma få vere med på trening.

Gjetarhundkurs

gjkurs2

gjkurs1

I helga har eg og Ikko vore på gjetarhundkurs i Sandeid med Alexander Strøm. Flink instruktør og kjekke folk!

Ikko var kjempeflink. Superkonsentrert når han jobba med sauene, og hørte til og med på meg, spesielt når han fekk nærme seg sauene. La seg ned på kommando. Sleit litt meir med å få han til å gå vekk frå sauene. Han har mykje å slekte på i far sin, og liknar visst både i utsjånad og potensiale. Men han er knallhard. Eg likar han kjempegodt, han er morosam å jobbe med, men det har blitt tydeleg at han kan trenge ein meir erfaren førar.

Eg tenkte tanken før eg reiste på kurs. Både at det hadde vore litt greit om nokon hadde eit forslag til ein annan hund som ville fungere betre i lag med meg, og at det ikkje ville vere så usannsynleg at nokon såg kor god han kunne bli. Eg blei derfor ikkje så overraska då instruktøren spurte om eg var interessert i å bytte i mot ein mjukare hund han hadde. Eg slo til nokså fort, og sjølv om det kan vere ein underleg ting å gjere sa kjennes avgjersla rett. Ikko blei med Alexander med ein gong. Få det gjort så fort som muleg var min umiddelbare tanke. Eg merka at heile meg innstilte meg på overgangen, og det er ikkje kjekt å drøye.

Så eg hentar denne karen på fredag:

Ikkje alltid så greit å vere border collie heller

Så takk for god hjelp på kurs i kveld i Haugesund og omegn hundeklubb.
Når det blir for mykje å halde styr på så går det aldeles over styr for liten Ikko. Underleg at ein kar som kan vere så balstyrleg kan vere så forferdeleg likandes allikevel. Så me skal få det til. Kanskje me til og med får til å gjete sauer til slutt. Hadde nå berre sauene forstått at dei skal la seg gjete. Akk, ja. Så skal ein kanskje hive seg rundt og få seg litt hjelp på det området der også.

Eksemplarisk på båttur for å dra krabbeteiner.

krabbe1

krabbe2

krabbe4

krabbe3

Fint i juni

❤ At dei ansatte i lokalbutikken veit kven mor di er og kan gje ho lommeboka som du la att då du handla.
❤ Å vere syklande bonde.
❤ At favorittlammet frå lamminga kjem bort til deg og vil kose (ikkje alelam) (!).
❤ Å ha ein tankestraum der ein går tur med hundane og «seie» Helge ❤ i staden for Trond når ein planlegg dagane.
❤ At hunden smått byrjar høyre på deg.
❤ Heilspeil.
❤ Sterke, brune armar.
❤ Full silo.

Yey, masse fine ting!

❤ Ingen har finare bror enn meg! Han kan til og med skifte eksosanlegg på bilen min.

❤ Fin liten freudian-slip på jobb i kveld. Eg skulle seie: «Det var då eg hopte i høyet eg fann ut eg var allergisk.» Eg sa: «Det var då eg hopte i høyet eg fann ut eg var gravid.»

❤ Har hatt latterkrampe med tåresprett allereie tre gonger i år. To av dei var på jobb.

❤ Nevø som vil ligge i fanget mitt og drikke mjølk frå flaske før han skal legge seg.

❤ Vener som kjem og hentar meg i bil når eg har gått meg vill på Sæbø.

❤ Både Vikingstad-vêren og Grønningen-vêren har virka. Ingen tomme sauer!

❤ Ja, også «Lars and the real girl» då. Finaste filmen!

It’s camouflage

12. i 12. i 1912 klokka 12

Og mens resten av Norge feirer at det er hundre år sidan Thorbjørn Egner blei fødd, får me her inne, eventuelt berre meg, feire at det er hundre år sidan mormor blei fødd! Så skulle eg så gjerne ha skrive mykje og godt og lenge og fint om denne fantastiske dama som eg nok alltid har identifisert meg med i stor grad. (Ja, er nokså nøgd med meg sjølv òg). Men eg er svolten akkurat no, driv og bryggjer kaffi (ei drikke mormor nøyt i store slurpar med påfølgande mmm) og skal ha meg nokre brødskiver til lønsj. Skal ta godt med smør på, for det likte mormor også godt. Det blir nok brunost og tyttebærsyltetøy oppå smøret. Eg trur også mormor ville vore nøgd med meg i dag. I dag er eg budeie, har mjølka, gitt kalvane, måkt skit.

Og berre for å live opp litt, og fordi kaffi og brødskiver er varme og magen svoltnare enn før legg eg inn bilder frå fjosen på Stongå. Garden mormor gifte seg til, plassen som for meg er mykje mormor. Bildene er av kalven Knåvard, pusekatten makrell som viser meg kor ho og broren har vore om natta, og Makrell og meg som måker skit (Ho likar å sitte på skuldra når eg arbeider. Forrige fredag sat ho der i ein time i strekk)

Her er sikkert skrivefeil, kommafeil og andre feil, for det gjekk nokså fort. Så gjer ein som mormor gjorde då ho gjekk på skulen: ,,,,,…..,,,..,,,.. Spre eder!