Tag Archive for Agronomkurs

Ein raud tråd

Det kan sjå ut som om dei valga eg har gjort i livet er heilt tilfeldige og spontane og at eg ikkje veit heilt kva eg vil med meg sjølv. Eigentleg er det ganske så motsett. Logikken bak eit av valga tenkte eg å dokumentere her. For eg går på Vinterlandbruksskulen etter å ha studert i 8-9 år i Oslo, litt diverse sydd saman til ein heilskap fullført utan problem om ikkje med glans i og med at eg er lat. Men det kan eg komme tilbake til seinare ein gong akkurat når det fell seg slik. No tenkte eg å vise deler av den raude tråden som eg alltid har dingla i.

Fyrst kan me starte med varsom omsorg for dyr i tidleg alder:

pus

Litt seinare, eg var tre år trur eg, fekk eg ein heil bondegard av farmor.

gard

I fyrste klasse var eg gjetar:

gjetar

Her ser ein eit tvillingpar. Kven av dei er mest etla til å vere gardbrukar?

kalv

På ungdomsskulen då me skulle søkje på vidaregåande hadde eg lyst til å føre Tveit jordbruksskule opp som fyrsteval. Då sa Tommy at eg ikkje kunne det, eg som hadde så høge karakterar. -Ånei, sa eg. Eg kan tenkje meir sjølvstendig no. Men det er jo sjølvsagt ikkje Tommy si skuld. Eg hadde nok ikkje tort å flytte heimefra.

I staden sov eg i lag med katten:

rips

Dette skreiv Simon i russeårboka (fritt etter hugsen, for eg klarte ikkje finne årboka. Det at eg kan hugse det så godt vitnar mulegvis om at eg er skremmande opptatt av meg sjølv.):

«Kathrine ble sist sett kjørende med et dystert blikk i en hvit varebil iført kofte, blå kosebukse og rødt skjerf. Har du sett henne? Kontakt Noregs avløysarlag.»

(Simon er ein veldig god ven (heilt sant)).

Så til sist eit artig lite notat. For eg har vore glad i fire guteperler på ei snor. Den fyrste av dei har kjøpt ein gard. Nummer to gjekk på skogfag på NLH. Den tredje er odelsgut på Toten. Nummer fire har kjøpt eit småbruk. Perlekjedet skal eg behalde. På det er det plass til ei perle til.

Utekseminert

Denne veka har eg øvd på å stikke ein lang pinne opp i pompelibomben på sauer. Sagt med vaksne ord har eg gjennomført inseminasjonskurs på sau og kan snart putte små lammerompetroll inn i sauene på Skjølingstad. Om det blir aktuelt å gjere får tida vise. Fyrst måtte me tørrtrene inne i klasserommet:

inseminering

Et reproduktivt system utan sau rundt seg. Eller er det ein sau? Ein brøkdel sau?

inseminering

Etterpå fekk me øve oss på heilt intakte sauer med hjarteslag, men då låg kameraet i bilen.

I dag, då eg sat i Sauda og lytta intenst og aktivt oppmerksomt og konsentrert til alt som blei sagt, strauk eg meg over overarmen. Eg strauk ganske utan å tenkje over at det var det eg gjorde, men så merka eg at noko var annleis. Det var lik som ein klump der. Overarmen bulte på ein måte han ikkje har bult før. Det tok litt tid før det gjekk opp for meg: Det var ein biceps! Ja, eg har alltid hatt biceps i overarmen, noko anna ville vore upraktisk. No har eg ein stor biceps. (Større i alle fall). Det kan skyldast at eg har skufla silo og måkt skit. Her er han i all sin prakt:

bice

Egg

I fjosen på Skjølingstad har to høner og tre-fire ender fått midlertidig opphaldsløyve. Dei la ikkje egg lenger der dei budde, dei berre stod og skalv og fraus. Eg skulle hatt bilete av dei og, det har eg ikkje. Men eg har bilete av alle dei egga eg fekk ta med meg heim i går.

egg

Det blei fortent omelettlønsj i dag etter god arbeidsinnsats før nestsiste veke før vinterferien. Den første vellykka omeletten eg har laga. Alle dei andre eg har laga har sett ut som eggerøre iblanda innhald.

omelett

Og når eg er i gang med dyr og produkter fra dei kan eg jo også servere dykk litt mindre lekre bilete fra undervisninga i Sauda på onsdag. Me la like godt eit jur på pulten for å sjå koss det ser ut inni.

jur

Lyst på mjølk?

spene

Agronomspirer på skogtur

Vinterlandbruksskulen har vore på tur i skogen. Der såg me ein diger maskin som rulla kor som helst i terrenget, som klypte av trea nede ved bakken og slurpa dei gjennom seg slik at alle greinene for av treet på ein, to, tre, vips! Slik:

skogtur

Slik såg stammane ut etterpå. Det var ein fin dag for sola skinte så triveleg

skogtur

Gutane syntes leketøyet var kjekt og spanande.

skogtur

Og kva trur de denne mannen snakkar om? -Jau, kransekaker!

skogtur

Og, ja. Eg var og med på tur.

skogtur

Agronomspirer på tur

Agronomelevane ved Vinterlandbruksskulen i Ryfylke har vore på tur i Ryfylke og på Jæren. Me har sett mjølkerobotar, vikingtidsauer, automatiske foringsvogner, juletre, nydelege kalvar som sprett omkring, ikkje snurten av ein einaste gris, ein stor haug sukkerroer og ein heil masse skit.

Her held eit juletre i handa mens eg instruerer fotografen i ikkje å ta biletet akkurat slik:
juletre

Mjølkerobotar og automatiske foringsvogner var fascinerande å sjå på, men ikkje særleg triveleg. De som imponerte mest var eit nytt fjøs med ammekyr, rase Limousin. Stemninga i fjøset var god, kyr og ungdyr rolege og trivelege.

Det var ikkje berre eg som likte dei:
limousinkos

Her ligg kalvane i lag med mødrene sine på mjuk halm og kosar seg:
kalvar

Dette bildet viser ikkje kor fine kalvane er, men tenk deg karamellar:
ammeku

Her: glorifisert:
limousin

Tida råka fare forbi

Det viser seg at det ikkje ennå er ein månad sidan eg skreiv at var like ved å slutte på Vinterlandbruksskulen, men det er omtrent berre ei god og drøy veke om å gjere. Og eg har ikkje slutta. Eg var så høgt ønskt der inne at alt blei jenka til og dytta på plass for å få meg til framleis å kjøre fram og tilbake frå det ytterste til det innerste av Haugalandet. No kjører eg imidlertid i ein automatgirt Honda som eg har fått låne av ein veldig snill onkel Sigmund.

Eg skal ikkje klage på noko, eg er fullstendig omringa av omtanke, kjærleik og masse fine ting. No har eg fått eigen nøkkel til Haugesund KunstVerk, huset har fått internett, og i går hadde me masse besøk i samband med Kulturnatt i Haugesund. På ei veke har flotte, menneskelege kunstverk pussa og fiksa og ordna og malt slik at huset kunne omfavne alle dei som stakk innom. I dag har i tillegg tidsrekninga vår gitt meg ein ekstra time.

blomar

Ingen skam å snu

Det ser ut til kanskje å mulegvis vise seg at det vil bli nødvendig å endre lite, ørlite granne på kvardagen, potensielt og truleg, mulegvis nok en gang, kanskje.

Fordi.

Det ser ut til at det kan bli litt vanskeleg å få til å skaffe nok praksis til at agronom-tittelen er i boks. Då desse tankane byrja melde seg gjekk det og plutseleg opp for meg at eg har klart å skaffe meg fri kvar onsdag, og at eg har fått til ei ordning slik at hundane kan vere med ut til Røvær kvar dag der dei ligg og kosar seg på ein skinnfell i ein kjellar mens eg er på jobb for å prøve å lure vett og forstand inn i elevane utan samstundes å knuse fantasi, kreativitet og individualitet.

Så.

Det kan vise seg at sjølv om eg skulle få til den praksisbiten, (for eksempel ved å kunne skaffe han på etterskudd i sommarferien) så har den onsdagen som vil bli frigjort til å sitte på HKV og skrive blitt altfor freistande.

Eg sit i tenkjeboksen
tenkjeboksen
Avgjersla er ennå ikkje tatt.