Tag Archive for Agronomkurs

Bobiliusifjus

Eg innser at eg kunne ha sove ein time til. Dette er ein av fordelene med å sove ein natt i Sauda i ein kald bobil eg irrasjonelt trur skal eksplodere heilt plutseleg utan førevarsel: Eg kan sove to timar lenger enn eg pleier (kanskje, som eg tenkjer nå, til og med tre). Eksplodere, ja. Eg har litt gasspanikk. Eg har ikkje stengt gassen, men eg vurderer det sterkt. Eg har allereie skrudd av varmtvatnet (som gassen varmar opp). Gasskomfyren har eg brukt, men varmeomnen har eg ikkje tent ennå. Det burde eg nok gjere. Eg er væpna frå tåneglene, langt ut på handledda og opp i halsen med ull, men dei stakkars hundane mine.. Eg rekner med at dei legg seg under ullpledda dei har i buret sitt, men kanskje eg skal snurpe saman nokre gamle ullbolar eg kan pakke dei inn i i tillegg. Eller, sjølvsagt, eg kan våge å tenne varmeomnen.

Men eg har tømt doen! Det gjekk bra, men det var ikkje særleg kjekt.

I dag skal me ha husdyrlære og økonomi. Mot slutten av dagen skal me på besøk i eit hønseri med frittgåande høns. Dei har visstnok fleire etasjar, ein for kvar aktivitet i eit hønseliv. Ete, vagle, rote i sanden, krangle, verpe osv. Spanande!

Eg planlegg å skrive ein post om det underlege fenomenet at det går fortare og fortare å kjøre ei strekning sjølv om det tar nøyaktig like lang tid. Han kjem ikkje i dag, eg skal gruble litt meir over fenomenet først. Dagen skal snart byrje. Om nokon har lyst til å bidra i livet mitt treng eg forslag til sangar (eg kan teksten på meir eller mindre) eg kan synge/kauke i bilen att og fram. Det er eit skikkeleg effektivt vaknemiddel.

Morgonstund på HKV

God morgon

Eg har dusja i ein grøn dusj og er nokså rein. I dag skal eg for første gong kjøre til Sauda på agronomkurs etter å ha vore på Røvær. Eg kjenner duringa frå bobilen i kroppen sjølv om eg akkurat no sit inne på eit godt opplyst kjøken i Haugesund ganske roleg på ein krakk. Eigentleg gruer eg mest for å debutere som dotømmar på Esso, Raglamyr. Det er ikkje eit problem å tømme doen. Eg har tømt mange doer i mitt liv (ufattelig basjne dobøtter). Men korleis gjer ein det? Kva om eg ikkje får det til? Og kva om eg vegrer meg og berre kjører rett forbi Esso, Raglamyr slik at eg aldri får debutert som dotømmar, og aldri lærer korleis ein gjer det? Sove i bobil ganske aleine i Sauda utan strøm (?) og andre kjekke fasilitetar. Pytt, det skal eg greie.

Må hugse knekkebrød.

Eg stemmer raudgrønt

Eg har vore og førehandsstemt. Berre for å få det gjort. På veg sørover R47 bestemte magen min kva eg skulle stemme. Det blei ikkje heilt slik eg hadde tenkt med hovudet, men det får så vere. Magen er min meister. Det viktigaste er at eg stemmer raudgrønt, og det gjer eg verkeleg.

Eg er medlem av Arbeiderpartiet, stemte (heisann) SV og for å støtte Senterpartiet skal eg ta dette her agronomkurset. Eg er ei av dei åtte damene. :). Eg måtte stemme SV for å få med ein av desse langhåra lorkane fra Rogaland for å hindre desse energihungrige AP-folka fra å pumpe opp all olja. Hadde ikkje Venstre vore så opptatt av at dei er borgarlege skulle eg nok funne ein måte å støtte dei på og.

raudgr

Galskap i ordna former

Til hausten skal eg ta eit ganske langt skritt nærmare desse kyrne, hønene, traktoren og strevet. Eg skal reise til Sauda (2 timar kvar veg) to kveldar og ein dag i veka for å gå på agronomkurs. Samstundes skal eg jobbe fire dagar i veka ute på Røvær. Eg skal og klare å forberede undervisninga, ha praksis på gard og ta eksamen i 15 st.p. i engelsk for barnetrinnet.

Planen for å løyse denne litle utfordringa på best muleg måte er nå å kjøpe ein bobil og lage eit lite rede i han. Då kan eg sove kor som helst på vegen. Eg ser og mange andre mulegheiter. Eg byrjar å glede meg til å ha med huset overalt som ein liten snigel. Kanskje eg til og med vil bli meir sosial. Eg kan ta med heile huset når eg kjem på besøk, og når dei er leie av meg kan dei berre hive meg ut i bilen og lukke døra igjen. I går blei det foreslått at eg burde ha med meg ein ljå slik at eg kunne ordne litt rundt meg der eg slo leir. Så kunne hundane ta ein runde rundt bilen for å markere territoriet vårt. Forslaget om å skaffe ein sigøynarkjole og kastanjettar lar eg vere eit lite stykke nede på prioriteringslista.

Det blir viktig å ha det koseleg, lunt og triveleg i bilen, så eg tenkjer eg må skaffe han snart slik at både meg og dei firbeinte kan bli godt etablerte. Her er den foreløpige «må ha»-lista eg laga i går kveld:
Radio.
Utvalgte bøker.
Skoleutstyr.
Dei mest brukte kleda.
Tegnesaker.
Godt med batteri og oppladarar.
Utstyr til hundane.
Mac, mat og personlig hygiene.
Talgalys.
Koseutstyr sånn at det blir koseleg.
Lomovegg.
Kjørl.
Vannkokar.
Stormkjøken.