Tag Archive for Billedgalleriet

Filmfestival!

Som nestenhaugesundar (Torvastad) og filmelskar var det på høg tid at eg faktisk kjøpte meg festivalpass og gassa rundt. Den norske filmfestivalen i Haugesund opna 18. august og varer til den 26.

Eg byrja dagen friskt i går, laurdag med «Letters to Juliet» Det kunne eg forsåvidt spart meg for, for makan til makkverk.

Heldigvis var neste film «Micmacs-Det glade vanvidd» fantastisk fin. Hadde eg kunna fransk hadde han nok vore endå meir morosam. Det ante meg at dei ordspela som krampaktig vart forsøkt oversett til norsk var litt meir elegante på originalspråket. Men det gjorde ikkje så mykje, eg kosa meg i vissheiten om at filmen var endå betre enn det eg oppfatta -som var meir enn godt nok. Viss du likar «Den fabelaktige Amelie fra Montmartre» (same regissør, Jean-Pierre Jeunet), hatar våpen, og er heilt på det reine med at søppel har sin eigen estetikk då er dette filmen for deg. Det eg har notert meg i panna no er å leite fram dei andre filmane frå denne mannen. Han lagar så fine verdenar.

Neste film på programmet mitt var «På vei«. Ein film frå Bosnia og Herzegovina om Muslimar, vesten, religion, menneske, parforhold og familie. Flotte skodespelarar, fine bilete, god historie.

Etter at eg hadde slukt den filmen óg, var det på tide med ei pause. Hundar skulle luftast og både menneske og hundar måtte få seg mat. (Sjølv om mennesket hadde vore fornuftig og tatt med seg gulrotbitar og eplebitar i små plastboksar.) Så skulle Filmfestivalutstillingen opnast på Haugesund Billedgalleri. Festivalutstillar er Leonard Rickhard. Viss ein klikker på lenkene hos Billedgalleriet får ein vite meir om han. Etter utstillingsopningane på Billedgalleriet har det blitt tradisjon at me inviterer kunstnarane og andre gode menneske bort til HKV, fest og baluba. Denne gongen blei det servert wienerpølser og ost med fiselukt. Me tok ein uhøgtideleg versjon denne gongen. Det virka som om folk koste seg. Eg lurte meg likevel vekk nokre timar for å sjå «Bad Family». Aki Kaurismäki, fine skodespelarar, bruntonar og lange tause blikk. Ei god avrunding på filmdagen.

Etter litt meir festing trakk eg meg oppover trappene til skrivehola mi på loftet på HKV der eg har laga ei seng av pallar. Senga er 160 cm lang (eg er 163). Madrassen oppå pallane har eg tidligare kutta ein bit av for å lage hundeseng. Den stoppar omtrent ved knea mine. Eg har sove som ein slik stein, ein slik som ligg i ro, du veit. No har eg kaffi og knekkebrød i kroppen og er snart klar for «The Kids Are All Right» klokka 10.45. Ja, så eg må visst springe.