Tag Archive for ebok

Fyrsteinntrykk, Kindle

Kindle er no opplada og har fleire bøker i seg. Fyrsteinntrykket gjorde meg litt uroa. Det virka som om skjermen var så ustabil og flimrete. Eit søk mens eg venta på oppladinga førte meg til ein mann som ikkje var så begeistra, men forsåvidt var det bra å sjå at det ikkje var unormalt sjølv om det er irriterande. Kvar gong du blar flimrar skjermen i svart ein augneblink før han roar seg ned. Eg reknar med det blir ei vane. Eg kan jo alltids nytte høvet til å lukke augo. Eg kjem vel til å sjå ut som Herbjørn Sørebø, men han var jo ein fin fyr.

Å lese er ikkje noko problem. Skjermen er god å sjå på. Eg har ikkje lest mange sidene ennå, så ei grundigare vurdering får eg vente med. Eg har allereie fått lyst til å kladde på skjermen, vant til iPhone som eg er, men eg trur at viss eg stiller meg inn på «lo-fi er kult» når eg les, kjem det til å gå bra. Knastane er ru å ta på. Det hjelper deg å føle deg fram, men det er jo også litt uvant for ein macbrukar som er vant til at alt er smooth og nais.

ssparar
For kvar gong eg no har satt Kindle i dvale kjem det opp eit nytt, fint svart-kvitt bilete. Som her, nokre fuglar. Darwin sine finkar mulegvis.
ssparar
Og Jules Verne. Hadde også Virginia Wolf oppe, men ho tok eg ikkje bilete av. Eg reknar med ho dukkar opp igjen. Innstillingane har eg ikkje vore innom ennå. Der kan eg sikkert styre dette meir.
plugg
Denne pluggen var alt eg fekk å putte i veggen, men usbkabelen reknar eg med kan puttast inn i ladaren til iPhonen.
bokliste
Eg har vore på gutenberg.org og lasta ned nokre klassikarar. I tillegg har eg lasta ned ei norsk bok på feedbooks.com «Tvilsbekjennelser» skrive av Arnfinn Pettersen Alle desse har eg lasta ned til macen, og putta inn i Kindle manuelt. «Daniel Deronda
hadde eg lasta ned på amazon frå før, og den fann Kindle då eg kobla meg opp på trådlausen.
futteral
Slik ser Kindle ut i futteralet (som har skreddarsydde fester).
Det som gjenstår no er å leite rundt i innstillingane. Eg har også lyst til å finne ut kor eg får tak i desse to-vekes prøveabbonementa på to ulike aviser. Dei spratt ikkje fram av seg sjølve. Ja, også får eg vel byrje å lese.

Ebøker!

Eg lasta ned «The curious case of Benjamin Button» til iphonen min for lenge sidan. Berre for å sjå korleis ei ebok ville ta seg ut på han. Men eg gjorde ikkje så mykje meir enn å laste ho ned. Ikkje før i går kveld når eg låg på Sauda fjordhotell sitt Sportell og var sur fordi dei ikkje hadde skrudd på varmtvatnet. Eg opna ho og byrja å skrolle nedover med peikefingeren. Då poppa det opp eit tips. «Tap center area to Start or Stop Autoscrolling» Eg gjorde så, og teksten byrja rulle nedover. Med ein gong tenkte eg:
-Men tenk om det går for fort eller for seint.
Som vanleg når eg les på senga låg eg på sida med boka rett framfor augo. Det er den einaste situasjonen augo mine klarar seg utan hjelpemiddel. Handa mi vippa litt fram og tilbake. Når handa mi vippa oppover mot panna gjekk det fortare, når ho vippa nedover mot haka gjekk det seinare. Då, akkurat då, var eg solgt. Og eg las vidare. På den litle skjermen gjekk det strålande. Tenk kor mykje meir strålande det vil gå på ein litt større skjerm..

ebok