Tag Archive for Film

Trolljegeren!

Fantastisk idé svært så humoristisk gjennomført. Strømlinjer og mystiske hol i bakken, forvridd asfalt, rotvelt og ødelagte bruer har fått ein heilt ny dimensjon. I går då eg gjekk tur med hundane såg eg begeistra opp i lufta på dei kjekke gjerdene som gjekk på kryss og tvers mellom to svære betongsylindarar. Visste du ellers korfor trolla ikkje toler dagslys? Ikkje? Då kan du jo sjå filmen.

trolljegeren

Bilete er henta frå filmweb.no, klikker du her kjem du dit.

Gøymde meg i ein film

For det var fredag og eg hadde ingen å leike med. Så krøyp eg inn i «Dan in Real Life» saman med fine Steve Carell og Sondre Lerche. Det gjekk heilt fint det, for no smiler eg igjen. Og i morgon er det laurdag, og då skal eg grave litt i molda.

Filmfestival! III

Det regnar. Korfor det er aktuelt å nemne i denne samanhengen vil bli klarare etter kvart. I går såg eg «Vinterkrig«. Det passa veldig bra, for elevane mine var på skulekino og såg den same filmen i dag. Då fekk ikkje eg vere med. Det er så mykje lettare å vurdere filmanmelding-oppgåva eg skal gje dei når eg har sett filmen sjølv. Det var ein fin film, det skal han ha. Mykje trist og fælt. Det verste var i grunn når hesten brakk foten. Godt gjort i og med at ein far blir skoten framfor sonen sin i same filmen.

Eigentleg hadde eg planar om å dra heim for å sove, men så blei eg lokka med av gode vener som fora meg med krabbesushi. Det er tilt tvil til kor rå krabstiksen var. Men kanskje er det eg som ikkje heilt har forstått konseptet sushi. Takk for maten i alle fall! Ja, dei lokka meg altså med inn for å sjå «Broderskap«. Dansk film om homofile nazistar. Finst det noko dummare enn nazistar? Eg trur du må leite lenge under alle tuene. David Dencik er ikkje så vond å se spele. Han er like god til å grine i denne filmen som i «Utenfor kjærligheten«.

Dette var i går. I dag skulle eg også på kino. Men så hadde eg så god tid at eg kjørte til Amandasenteret for å kike på ullsokkane deira. Eg gadd ikkje å ta av meg det knall rosa regnsettet. Eg gadd heller ikkje ta på meg hetta på det knall rosa regnsettet. Eg tenkte at eg såg ut som ein jordbæris. Med sjokolade på toppen. Og litt kvitt strø. I staden for å kjøpe ullsokkar kjøpte eg to buffar og ein sjokolade. Då eg stod i kassen fekk eg skrøyt frå han som stod framfor meg. Han var imponert over handlinga mi, og lurte på kor lenge eg kunne leve på det eg hadde kjøpt. «Tja, ein time, kanskje», svara eg. Men då eg hadde sagt det blei eg brått mykje sultnare. På veg ut av senteret kjøpte eg to pitsastykker og ein brus. Så gjekk eg den lange vegen tilbake til bilen utanfor senteret, i staden for å gå inne på senteret til den utgangen eg hadde parkert ved. Det regna ned i nakken min. I bilen skrudde eg på radioen og spiste pitsa. Heilt til radioen slukna. Drit. Ikkje liv i bilen lenger. Ut på tur i regnet for å kjøpe startkablar. Framleis utan hette på hovudet. Såg etter kvart ut som ein drukna jordbæris med lakris på toppen. Banka på ruta til ein mann som såg ut som om han satt og venta på kona si. Det var fort gjort å få bilen i gang. Det kan bli spanande i morgon tidleg, for eg hadde ikkje radioen på i så mange minuttar.

Skreiv eg at det regna? Ned i nakken på meg? Ja, men eg skreiv vel ikkje at det rant ned over halsen på meg også. Eller at eg slett ikkje hadde støvlar på meg. Og at når eg skulle kjøre tilbake til sentrum rant det vatn frå regnjakkeermene som trekte godt inn i genseren. Kanskje har de gjetta det allereie. Eg kjørte heim.

I den varme dusjen tok eg ein prat med magen min. Eg fortalde at han ikkje kom til å få så mykje dritmat lenger. Eg trur hovudet kjem til å bli glad. Du verda så sur ein blir av sukker. Det regnar framleis. Eg likar det. No regnar det vannrett.

Det er filmfestival i morgon også, heldigvis.

Filmfestival! II

Sundagen byrja med «The Kids Are All Right«. Eit syskenpar som har kvar si mor og same sæddonor til far sporer faren opp og så blir det ganske festlig. Morosam, gode skodespelarar, ein skrudd familie som får det til på eit vis, herlig. Julianne Moore og Annette Bening er like dysfunksjonelle begge to på kvar sine måtar.

Over til nokre andre barn i Sverige, «7X/XXXXXXX-lika barn leka bäst» i litle Edda2. Skremmande, mørkt, men med ørsmå glimt av noko positiv. Handlinga er lagt til eit høgblokkstrøk i Sverige og kretsar rundt sju ungdommar og møtet deira med ein pistol. Valdtekt, fråverande foreldre, mobbing og til slutt ei kjensle av kanskje å takle situasjonen likevel.

Vidare til endå eit barn som både er der og slett ikkje er der samstundes. «Eamon» Tragisk og komisk. Det var då det var på tide å ta seg av hundar igjen. Det gjekk også opp for meg at eg hadde gløymt å spise. Snikande hovudverk i venstre tinningen. Ein tur heim med hundar og hovud som fekk seg mat. Nokre tablettar fekk hovudet også. Eg kunne gitt meg der, men så var det slik at «Scott Pilgrim vs. the World» skulle visast klokka 19, og det med regissøren Edgar Wright og sjølvaste Michael Cera på scenen før filmen. Eg slokna på sofaen nokre minuttar, men viljen sigra. Med vaflemønster på kinnet kjørte eg til Haugesund igjen. Det som er rart er at når eg kom fram hadde eg framleis vaflemønster på kinnet. Er ikkje sikker på om det er normalt. Tinningen dunka framleis, men eg kom meg fram og opp heilt bakerst. Så kom Wright og Cera på scenen, og omtrent i det Michael Cera sa «I really like Kvikklunsj» forsvant dukinga heilt. Filmen? Bra! Akkurat som han skulle vere.

Men sjølv om hovudet no var klart og lett som ein vårdag blei det ikkje «Four Lions» på meg. Eg tok hovudet med meg heim for å kvile det. I morgon er også ein dag. Han byrjar med å forme unge sinn på Røvær og endar med å forme mitt eige sinn i kinosalen.

Filmfestival!

Som nestenhaugesundar (Torvastad) og filmelskar var det på høg tid at eg faktisk kjøpte meg festivalpass og gassa rundt. Den norske filmfestivalen i Haugesund opna 18. august og varer til den 26.

Eg byrja dagen friskt i går, laurdag med «Letters to Juliet» Det kunne eg forsåvidt spart meg for, for makan til makkverk.

Heldigvis var neste film «Micmacs-Det glade vanvidd» fantastisk fin. Hadde eg kunna fransk hadde han nok vore endå meir morosam. Det ante meg at dei ordspela som krampaktig vart forsøkt oversett til norsk var litt meir elegante på originalspråket. Men det gjorde ikkje så mykje, eg kosa meg i vissheiten om at filmen var endå betre enn det eg oppfatta -som var meir enn godt nok. Viss du likar «Den fabelaktige Amelie fra Montmartre» (same regissør, Jean-Pierre Jeunet), hatar våpen, og er heilt på det reine med at søppel har sin eigen estetikk då er dette filmen for deg. Det eg har notert meg i panna no er å leite fram dei andre filmane frå denne mannen. Han lagar så fine verdenar.

Neste film på programmet mitt var «På vei«. Ein film frå Bosnia og Herzegovina om Muslimar, vesten, religion, menneske, parforhold og familie. Flotte skodespelarar, fine bilete, god historie.

Etter at eg hadde slukt den filmen óg, var det på tide med ei pause. Hundar skulle luftast og både menneske og hundar måtte få seg mat. (Sjølv om mennesket hadde vore fornuftig og tatt med seg gulrotbitar og eplebitar i små plastboksar.) Så skulle Filmfestivalutstillingen opnast på Haugesund Billedgalleri. Festivalutstillar er Leonard Rickhard. Viss ein klikker på lenkene hos Billedgalleriet får ein vite meir om han. Etter utstillingsopningane på Billedgalleriet har det blitt tradisjon at me inviterer kunstnarane og andre gode menneske bort til HKV, fest og baluba. Denne gongen blei det servert wienerpølser og ost med fiselukt. Me tok ein uhøgtideleg versjon denne gongen. Det virka som om folk koste seg. Eg lurte meg likevel vekk nokre timar for å sjå «Bad Family». Aki Kaurismäki, fine skodespelarar, bruntonar og lange tause blikk. Ei god avrunding på filmdagen.

Etter litt meir festing trakk eg meg oppover trappene til skrivehola mi på loftet på HKV der eg har laga ei seng av pallar. Senga er 160 cm lang (eg er 163). Madrassen oppå pallane har eg tidligare kutta ein bit av for å lage hundeseng. Den stoppar omtrent ved knea mine. Eg har sove som ein slik stein, ein slik som ligg i ro, du veit. No har eg kaffi og knekkebrød i kroppen og er snart klar for «The Kids Are All Right» klokka 10.45. Ja, så eg må visst springe.

Det fine i det å gå tom for bensin

Viss ein skal gå tom for bensin i morgonrøsjet på veg frå Karmøy til Haugesund, kor gjer ein det då? Jau, midt på Karmsundbrua på veg oppover. Det er tingen. Så då gjer ein nettopp det, om ein er slug, slik eg jo er. Ein ventar i det lengste med å mate bilen, riggar seg ut om morgonen og reknar med å nå punktet 10-15 meter frå toppen akkurat i det den siste dropen blir brent i motoren. Slik kan ein sørge for at alle dei som skal over sundet på jobb får seg ein roleg tur i sakte fart over brua. Dei får sjå ei kvinne stå avslappa på fortauet og nyte utsikta sørover i deilig, klår aprilluft. Ein snill og hjelpsom mann får lov til å vise kor flink han er til å rygge bilen opp på fortauet slik at han er litt mindre til hinder. Han får stor takk med seg vidare inn i dagen sin, og han har noko fint å fortelje til dei andre når han kjem på jobb.

bru

Etter ei stund kjem det gul bil frå NAF, og ut kjem ein mann med masse skjegg og akkurat passe godt med tid. Me kjører over toppen av brua, og matar bilen mens han framleis står på den gule NAF-bilen. Så må bilen få seg eit elektrisk støyt, for når ein stoppar midt på brua tom for bensin ville det vore lurt å skru av lysa på bilen.

Når ein har komme så langt, og bilen durar og går som om ingenting hadde skjedd har båten til jobb på Røvær lagt frå land. Det gjer at ein må sette seg på HKV fram til neste båten går klokka 10.50. Ein lagar kaffi, ser «Hjernevask» på nrk.no. På dette viset finn går det også an å oppdage at filmen «The nanny diaries» ligg på nrk.no. Kanskje ligg han der heilt til eg får sett han.

Humanisme

Eg er vel snart innmeldt i Human-Etisk Forbund. Eg har ikkje gjort det tidligare for eg har reagert på at dei i nokre tilfelle har sparka litt blindt rundt seg utan at eg veit heilt kvifor dei er sinte. Eg har ikkje noko i mot kritikk av religionar, men eg kjem nok aldri til å bli ein overbevist ateist. De kan vel eigentleg kome av at eg har vanskeleg for å seie «Ja, slik er det!» Eller «Nei, ikkje på vilkår». Eg seier heller «Eg trur det, eg er nokså sikker». Dette i tillegg til at verda vår er altfor stor og merkeleg til at me kan forstå ho heilt med våre små hjernar som er så fastlåst i logikken me sjølve fungerer etter. Men det er langt fra tilfredstillande å forenkle dette ved å seie at ein som er større og flinkare og forstår mykje meir enn oss har laga dette. Han der store og flinke vil helst ikkje at me stiller spørsmål ved det han sa til nokre menn for fleire tusen år sidan og som nokre andre menn skreiv ned nokre hunderår etter.

Då eg skulle melde meg ut av statskyrkja for nokre år sidan meldte eg meg inn i buddhistforbundet. Eg kjem aldri til å vere praktiserande buddhist, men me er alle buddhistar, og det må jo vere den fredeligaste religionen på jord. Om me då skal kalle buddhismen ein religion. For meg er buddhisme eit filosofisk tankesett. Det er tankane som interesserer meg, ikkje rituala. Derfor kan eg like gjerne migrere til human-Etisk Forbund.

Eg er lærar i Religion, livssyn og etikk både på ungdomstrinnet og mellomtrinnet. Eg lærer sjølv mykje nytt når eg skal starte eit nytt emne, og i vår har eg lært om humanismen og ikkje minst om Human-Etisk Forbund. Det største humanistiske forbundet i heile verda. Ingen utfordrarar. Det er stilig. Det fortel mykje om landet vårt og om historia vår. Eg tror blant anna det fortel kor flinke me er til å tenkje sjølve.

Etter at eg tilfeldigvis ramla innom Humanisterna i Sverige sin test: Hur religiös är du? las eg fleire andre bloggarar som og hadde tatt testen, og som kritiserte han på fleire ulike punkter. Eg skal ikkje gå inn på det her, men de kan lese kritikkane blant anna hjå Den Tvilsomme Humanist og hjå Syltegeek. Grunnen til at eg trekkjer dette fram her er at denne lesninga gav meg eit enda bedre inntrykk av norske humanistar, og at mine fordommar mot dei nok ikkje var basert på eit bredt nok kunnskapsgrunnlag. Det er sjølvsagt slik at ein innanfor Human-Etisk forbund kan få lov å tenkje sjølv.

Og, det var ikkje eg som valde filmen, men i kveld skal eg på Edda kino og sjå «Angels and Demonds». Slik apropo berre. Eg har ikkje ein gong sett «The Da Vinci Code» ennå. Ikkje at eg ikkje har prøvd, men eg fann visst på noko anna ein halvtime uti filmen.