Ny haust

Eg likar skifte av årstid. Haustregnet plikrar på rutene mine. Skuleåret er framleis ferskt. Me ventar på morgonfrost og den herlege vinterlukta. For min del er eg nøgd med dagane mine. Eg koser meg med kremen av kremete norske ungdommar mandag, tirsdag, torsdag og fredag, men eg koser meg like mykje med traktor, kviger og fjos onsdagar og diverse andre dagar. Alle dagar ispedd mynder, religionsfilosofi og pittesmåe historiar.

Kvigene gjer som eg seier, dei kjem når eg ropar og eg kan få dei til å gå dit eg vil. Eg ryggar med tilhengar og futtar rundt på traktoren. Lærer stadig noko nytt og blir betre på det eg allereie har lært.

I morgon skal eg til Sola og høre på Ariane Schelderup frå Barne-og ungdomsfilosofene. Det er duka for kvitebjørnen igjen, Ryfylket si markering av Rasmus Løland sitt forfattarskap. Dette året er temaet filosofi og identitet. Eg håpar eg får nytta dei to prosjektvekene etter haustferien godt.

Oppsummert langt over leggetid: Det er godt å leve.

Viklevinkling

Kva er det som skal viklast ut når utviklinga går sin gang?
Ligg framtida snurra i hop i ein kveil?
Ligg alt klart slik at me berre kan setje oss i godstolen og kike på
at utviklinga går sin gang?
Kven er denne utviklinga som skal gå sin gang?
Og kven er me som berre sit og glor?

Sirkelsyn

Eg likar at årstidene skiftar, at tida går. At alt fungerer. Sola står opp og går ned. Dagane blir jamnt kortare og kortare inntil den dataoen kvart år då dei blir lengre og lengre igjen. År etter år. Plantane trekk næringa til seg og legg seg til å sove heilt til sola kitlar dei neste vår slik at dei veks og får farge. Eg likar at håret mitt skiftar farge. For kvart år blir det fleire og fleire kvite hår oppi det mørkebrune. Eg likar at ungar blir fødd og at gamle døyr. Alt går i ring år etter år mens tida flyttar seg jamnt og støtt. Det er når eg tenkjer på slikt eg kan forstå korfor sola, månen og stjernene har hatt gudestatus. Det er lite anna i denne fine, rare verda ein kan lite sterkare på. Kanskje er det der gudane som me ikkje heilt klarer å sleppe tanken på, likevel ligg.

Nokre byrder må ein ha

I går kveld fann eg ei lita bok eg noterte ulike sitat i mot slutten av forrige århundre. Ho er ikkje heilt full, så det er plass til fleire. Det er ei fin bok også, ho ser slik ut:

notatbok

Her er eit av dei henta frå «Tilværelsens uutholdelige letthet» av Milan Kundera.

Men er det nå sant at tyngden er grusom og lettheten vakker? Den tyngste av alle byrder knuser oss, får oss til å gå tvekroket under sitt åk og knuger oss mot bakken. Men i følge all tids kjærlighetsdiktning ønsker kvinnen å få byrden av mannens kropp over seg. Den tyngste av alle byrder er altså samtidig et bilde på den mest intense livsfyllbyrdelse. Jo tyngre byrden er, desto nærmere jorden er livet vårt, og desto virkeligere og sannere er det. Det fullstendige fravær av enhver byrde fører til gjengjeld til at mennesket blir lettere enn luft, flyr sin veg, fjerner seg fra jorden og fra den jordiske tilværelsen, at mennesket bare blir halvt virkelig og at dets bevegelser er like frie som de er betydningsløse. Hva skal vi da velge? Tyngde eller letthet? (…) Parmenides svarte at det lette er positivt, mens det tunge er negativt. Hadde han rett eller tok han feil? Det er spørsmålet. Bare én ting er sikker: Motsetningsparet tungt/lett er det mest tvetydige av alle motsetninger.

Be like Jesus

Jeg følger Austin’s Atheism Blog som oppdateres ofte med masse interessant av både politisk og filosofisk karakter. I dag fulgte jeg ikke en link, men et uttrykk i en post «follower of Jesus» som jeg googla. Noen kristne har begynt å bruke uttrykket i et forsøk på å distansere seg fra de mere lugubre sidene av kristendommens historie. Austin mente blant annet det ville være vanskelig å skille dem fra de som kun ser på Jesus som en god filosof. (Som meg).

Men det var ikke det som var poenget med denne posten. Jeg fant fram til en liste over hva det vil si å gjøre som Jesus gjorde. Jesus var en stilig radikaler. Her er posten kopiert. (Jeg fikk lov).

http://johnsmulo.com/Christianity/be-like-jesus-two-years-on.html


1. Get baptized by the craziest guy in town.
2. Say and do things that are guaranteed to make religious people want to kill you. Repeat again. and again, and again, and again, and again and don’t stop unless forced.
3. Do amazing things for people and ask them to not tell anyone.
4. Hang out with the most despised, marginalized, looked down upon, and shunned people you can find.
5. When possible, forgive and restore people, even if they betrayed you.
6. Live in a way that provokes gossip.
7. Win the most grace competition.
8. Keep the party going. 
9. Serve people (note: nose plugs may be required).
10. If you’re sad, cry.
11. Empower people to do the extraordinary.
12. Act like a rock star in a hotel temple.
13. Radically simplify theology.
14.Break human-made religious laws. Repeat consistently.
15.Prioritize the most important over the important.
16. Let women with questionable backgrounds pay your bills

Det var så mange html-feil, så jeg valgte å forenkle litt. Klikk på John Smulo sin blogg for å se linkene til bibelsteder.

Menneske

Noken menneske er meir menneske enn andre menneske. Dei menneska som er aller mest menneske blir ofte lagt inn periodevis eller permanent. Eg er veldig nysgjerrig på kva det er desse menneska er i kontakt med. Kanskje har dei fått auge på noko, blitt rørt av noko me andre berre såvidt kjem nær med ein utstrekt peikefinger ein sein kveld om sommaren, eller kanskje midt på vinteren under eit pledd saman med dei aller beste venene gjerne med ein alkoholhaldig drikk i handa som me berre sippar til.

Eg vil jo helst sleppe å komme heilt dit, sjøl om eg gjerne skulle hatt litt innsikt. Å vere altfor menneske gjer at mennesket ikkje fungerer særleg godt. I alle fall ikkje i det samfunnet me har laga oss. Ikkje veit eg heller korleis eit sånt samfunn skulle arte seg, der dei aller mest menneskelege menneska kunne leve ut alle sine sider, utan sut og utan å komme utriveleg i vegen for dei andre. Det er noko der ute ein stad (eller aller lengst inne) me blir verna fra, me heldige mange som ikkje er meir menneske enn godt er for oss.

Eg er ikkje kunstteoretikar. Det eg nå skal påstå om kunst held ikkje vatn akademisk. Akademia er ikkje kunstnerisk. En akademikar kan vere kunstnar, men då har han lagt akademien mellombels på bokhylla.

Ein kunstnar må ha det vondt. En kunstnar kan ikkje vere heilt og fullstendig fornøyd og tilfredsstilt fysisk og mentalt. Lidelse, i buddhismen, er ikkje-dekka behov. Behovet for å forstå, for å elske og bli elska. Behovet for kontakten med dette noke som ikkje gir oss svar på kvifor me er her på eit pittelite rundt objekt som heng i lause lufta ein fargelaus stad der det ikkje eingong er luft, berre tomrom. Godtvondt. Hugsar dokke det, særleg kanskje fra då dokke var litt mindre? Eller kanskje dokke opplevde det så seint som i går kveld. Lidelsen i det å kverne rundt, samtale om tema me veit me ikkje får svar på, det kan vere ein lidelse som er godtvond. Som å klø på eit myggstikk det snart går hål på. Me held fram, held fram, held fram. Noke driv oss i å prøøøve. Åååh, finne ut av dette her. Det gir oss noke. Det er eit forsøk på å dekkje eit grunnleggjande behov. Det er noke me ikkje får tilgang på. Me klarer ikkje å slå oss til ro.

Det blir kunst ut av det udekka behovet. Det er noke i oss som me prøver å få ut. Det er som om me veit at svaret ligg i oss ein stad. Det strøymer ut gjennom fingrane, penselen, orda, musikken. Me har noke her som kan svare på det me ikkje eingong veit nok om til å stille spørsmålet. Me vrengjer oss i forsøket på å få det ut. Og det blir kunst av dette. Eg trur det er så enkelt som det. Eg skal ikkje påstå at mykje av det som i dag kallast kunst fell utanfor. Eg berre tenkjer det for meg sjølv stilt i mitt indre.

Ein kunstnar slår seg ikkje til ro. Noken vernar seg mot det som driv undringa ved å gøyme seg bak Bibelen, presten, vitenskapsmannen, filosofen. Dei peikar: – det er dette eg har valt, nå er eg ferdig. Andre slår seg ikke til ro. Dei kjenner betre til mennesket i seg, dei lar mennesket i seg få utfolde seg, utfordrar det. For noken uheldige (kanskje) tar det menneskelege fullstendig overhand. Kunstnaren kan bli alfor mykje menneske. For dei aller fleste av oss er det heilt trygt å la mennesket i oss sleppe betre til. Viss du ønskjer ei meining med livet, kvifor ikke nytta høvet me har som menneske til å vere det endå litt meir. Ikke ver så redd for å miste grepet i det du har klamra deg til. Det er skikkeleg gøy å velte seg i undringa, og det dekkjer eit behov eg er viss på at du har.
Lykke til!