Tag Archive for Fine ting

Fint i juni

❤ At dei ansatte i lokalbutikken veit kven mor di er og kan gje ho lommeboka som du la att då du handla.
❤ Å vere syklande bonde.
❤ At favorittlammet frå lamminga kjem bort til deg og vil kose (ikkje alelam) (!).
❤ Å ha ein tankestraum der ein går tur med hundane og «seie» Helge ❤ i staden for Trond når ein planlegg dagane.
❤ At hunden smått byrjar høyre på deg.
❤ Heilspeil.
❤ Sterke, brune armar.
❤ Full silo.

Ny haust

Eg likar skifte av årstid. Haustregnet plikrar på rutene mine. Skuleåret er framleis ferskt. Me ventar på morgonfrost og den herlege vinterlukta. For min del er eg nøgd med dagane mine. Eg koser meg med kremen av kremete norske ungdommar mandag, tirsdag, torsdag og fredag, men eg koser meg like mykje med traktor, kviger og fjos onsdagar og diverse andre dagar. Alle dagar ispedd mynder, religionsfilosofi og pittesmåe historiar.

Kvigene gjer som eg seier, dei kjem når eg ropar og eg kan få dei til å gå dit eg vil. Eg ryggar med tilhengar og futtar rundt på traktoren. Lærer stadig noko nytt og blir betre på det eg allereie har lært.

I morgon skal eg til Sola og høre på Ariane Schelderup frå Barne-og ungdomsfilosofene. Det er duka for kvitebjørnen igjen, Ryfylket si markering av Rasmus Løland sitt forfattarskap. Dette året er temaet filosofi og identitet. Eg håpar eg får nytta dei to prosjektvekene etter haustferien godt.

Oppsummert langt over leggetid: Det er godt å leve.

Kjærleik & Karlsons lim


Blid prinsesse frå Røvær

Skulen er godt i gang. Eg har fått ein fin timeplan med tom onsdag eg kan fylle opp med kyr, sauer, motorsag, traktorar, religionsfilosofi og andre fine ord. Eg var på veg til å grave meg ned i kveld, men med spaden i handa kom ein faen i meg og røska godt i nakkeskinnet mitt. Godt det, for der er det stivt og klumpete. Spaden blei satt vekk, eg opna tjatten på fjesboka (eg er i grunn litt redd heile tjatten) der to ulike menneske ville snakke litt. Så tok eg fram telefonen og fekk tak i den gode systera mi. Eg laga meg ei stikkordsliste og prøvde om den nye sykkelbuksa hadde plass til stillongs under seg. Sykkelen er no påmontert vesker og ny lykt. Eg har alvorlege intensjonar om å sykle til Haugesund måndag morgon. Eg var like ved å skrive eit atterhald om at eg ikkje garanterer at dette skjer, men så tenkte eg at, nei, det skal eg jammen ikkje gjere. Eg har rekna på tida, det er ikkje noko problem.

Så, litt Lillebjørn:

Kjærlighet og Karlsons lim

Ta dette brustne hjerte! Smerte er et
billig rim.
Jeg har mere tro på:
Kjærlighet & Karlsons lim.
Smurt på bruddets flate. Legg det under
press.
Mellom tunge bøker. Et leksikon fra A til S.

Når disse tunge tanker banker på mitt
hjertes dør,
og står på smertens terskel, det er da jeg
tenker at jeg bør
få lagd et skilt av messing. Et som lett blir
sett.
Mellom fire skruer: «TUNGE TANKER
UØNSKET!»

jeg tenker på en hjort jeg så en gang.
Så underlig den sprang.
Den gjorde et hopp over en bekk.
Plutselig var den vekk.
Den gjorde et hopp over en bekk.
Plutselig var den…

Ta dette brustne hjerte! Smerte er et
billig rim.
Jeg har mere tro på:
Kjærighet og Karlsons lim…

Jeg har en venn i Bergen. Jørgen er en
praktisk mann.
Han kan gravere i messing. En dag så skal
jeg spørre han.
Hans hjerte er så edelt. De satte det ved
byens port.
Det føles godt å kjenne en som gjør det
såpass stort.

Ta disse tunge tanker! De banker ofte på
hos meg.
Benytter frekt min gjestfrihet og nekter
helt å gå sin vei.
For alle triste sanger fanger min
oppmerksomhet.
De har så mange vakre ord. Det er noe
alle vet.

Jeg tenker på en hjort jeg så en gang.
Så underlig den sprang.
Den gjorde et hopp over en bekk.
Plutselig var den vekk.
Den gjorde et hopp over en bekk.
Plutselig var den…

Lillebjørn Nilsen

TruHåpKjærleik

orkide

I familien vår er orkidèer knytta til trøyst i ein vanskeleg situasjon. Då bror min gjekk bort for ni og eit halvt år sidan ønska far min å kjøpe ein orkidè for å ha med på skulen hans då han skulle fortelje klassekameratane hans kva som hadde skjedd. Men ingen butikkar var opne, og dei ville heller ikkje opne før skulen starta dagen etter. Han slo det derfor frå seg. Då han opna døra heime den kvelden var det fyrste han såg ein orkidè som stod på bordet i stova. Den hadde ein av dei beste venene hans vore innom med, og slik fekk han tatt med seg blomen som symbol på det vakre og sjeldne mennesket bror min var.

Orkidèen på biletet fekk eg i innflytningsgåve av onkel Knut og Anbjørg for tre år sidan. Han har stått utan blomar i omtrent to år, men i dag oppdaga eg denne nye stengelen, byrjinga på nye blomar.

Fint i sommarregnjuli

☂ Timo og Sigval har nettopp fanga og delt ei padde i hagen. Dei pressa ho inn i hjørna ved varmepumpa. Sigval beit av ein (sannsynligvis) fot, Timo gulpa i seg resten. Fangsten var tydeleg ikkje god på smak, men ellers virka dei nøgde med seg sjølv.

☂ Det å sjå på skyene flyte frå sør mot nord er overraskande interessant. Om du kikker vekk berre ein liten augneblink kan dei endre seg radikalt. Dei antar underlege former, gå frå lyse, florlette til mørke, tette på få sekund sjølv om dei berre sig sakte bortover når du held dei under oppsikt.

☂ Niese på fire år som kan bruke ord som ingrediens på heilt riktig plass i setningen og fortel lange historiar om maurtuer og gjess før ho plutseleg spør der ho sit på sofaen om eg veit kven onkel Helge er.

☂ Framtidsfiksjon på HKV i lag med filosofen vegg i vegg samstundes som filmklubben sitt program for hausten snekrast saman i fyrste etasje.

☂ På handletur med søster der to par finsko og eit par vernestøvlar er med i bilen heim. Fin balanse.

Fine ting å gjere i ferien

☀ Agility på Årabrot.
☀ Hjort i kikkerten.
☀ Kjøre vatn til desse dyra:

☀ Gjere kyrkjelege feltgranskingar.
☀ Kjenne på høggravid svigerinnemage.
☀ Strikke nevøhue.
☀ Fotografere gamlefjosen:


☀ Gjere fint lite.

Fine ting å gjere i vinterferien

Vitje kyllingar i fjosen

Lage mørkerom i inneboden

Lese «Prost Gotvins geometri»
Strikke kofte

Sjå utstillingen på Haugesund billedgalleri
Fotografere på revmatismesjukehuset


Seie velkomen til våren