Tag Archive for Fjos

Ny haust

Eg likar skifte av årstid. Haustregnet plikrar på rutene mine. Skuleåret er framleis ferskt. Me ventar på morgonfrost og den herlege vinterlukta. For min del er eg nøgd med dagane mine. Eg koser meg med kremen av kremete norske ungdommar mandag, tirsdag, torsdag og fredag, men eg koser meg like mykje med traktor, kviger og fjos onsdagar og diverse andre dagar. Alle dagar ispedd mynder, religionsfilosofi og pittesmåe historiar.

Kvigene gjer som eg seier, dei kjem når eg ropar og eg kan få dei til å gå dit eg vil. Eg ryggar med tilhengar og futtar rundt på traktoren. Lærer stadig noko nytt og blir betre på det eg allereie har lært.

I morgon skal eg til Sola og høre på Ariane Schelderup frå Barne-og ungdomsfilosofene. Det er duka for kvitebjørnen igjen, Ryfylket si markering av Rasmus Løland sitt forfattarskap. Dette året er temaet filosofi og identitet. Eg håpar eg får nytta dei to prosjektvekene etter haustferien godt.

Oppsummert langt over leggetid: Det er godt å leve.

Fine ting i desember

✷ Å få ein god klem av ein god ven som held deg godt fast sjølv om du luktar fjos.
✷ Jublande ungar i snøen på Røvær.
✷ Å skulle til å skrive på fjaseboka at det umuleg kan finnast noko meir idiotisk i eit heilt lass univers enn ein PC, for så å finne ut at Mac-en er minst like idiotisk, og til sist oppdage den einaste idioten i stova: ho som har kobla ledningane feil.
Lightroom 3 på veg i posten.
Dra meg i flettå.
Wham! Last christmas.
Love actually
✷ Kristine som tar bilete av den broderte julekalenderen sin kvar dag og legg det ut på fjaseboka.
✷ Carl Frode Tiller
✷ Har ennå aldri vore på julebord, men skal på juleverkstad to gonger.
Espen Eckbo som Ove Hoff på Storbynatt.
✷ Og til slutt, ein julepynta fjos:
På tradisjonelt vis har fjoskollegaene mine satt opp julekrybba med vegen fram til stallen. Gjetaren med sin noko overdimensjonerte sau (med nisselue) har komme lengst. Bak han kjem ein engel, og lengst bak ser me dei tre vise menn.
julefjos
Jesus er sjølvsagt ikkje født ennå.
julefjos
Han ligg her på ein tallerken (eller på ei sky alt etter som ein ser det).
julefjos
Opptoget kjem nærare og nærare for kvar dag fram til julafta
julefjos
Det er fint lite ein ikkje kan pynte.
julefjos

julefjos

julefjos

julefjos
Og om nokon lurte der dei sit og stappar i seg knallgod mat:
julefjos

Fjos, Nikon, flink og litt religion

Eg sit og drøyer opninga av eska med mitt nye kamerahus, Nikon D300s. Det har stått i eska si sidan i går då eg reiste ein ærend til Stavanger for å handle på Stavanger foto. Der kan du komme med gamalt utstyr, og få redusert pris på det nye i innbytte. Eg fekk 1200 i innbytte for Nikon D70. Nyskaffa digsar får ofte stå og vente ei stund før eg pakkar dei opp. Akkurat i dette tilfellet måtte kamerahuset vente fordi eg fekk det litt travelt, men no har eg det ikkje travelt lenger. No slappar eg uforskamma mykje av. Slik er det når ein byrjer laurdagen med fjosstell, og attpåtil klarer å takle utfordringar med spinnande utforingsvogner og frosne røyr. Når ein har vore så flink på morgonkvisten er det uproblematisk å vere uforskamma avslappa. Ja, det er vel ikkje ein gong uforskamma når eg tenkjer meg om.

Ellers får eg vel takke På tro og Are for at eg etter å ha tenkt på det ganske lenge har funne ut at det å vere medlem av buddhistforbundet er noko tull. Eg får vel berre innsjå at det er noko muffins i alle slike etablerte tankemønstre som ein skal føye seg inn i uansett kor mykje ein kan hevde at alt er opp til ein sjølv. Ja, for det er opp til ein sjølv. Menneska er fine, litt hjelpelause av og til, men stort sett strevande, flinke og gode til å danne samfunn. Me lever no, det er alt me kan vite og gjere noko med. Eg skulle kanskje ha meldt meg inn i Human-Etisk forbund, men dei seier så mykje rart dei og. Så det spørs om dei kronene eg som norsk statsborgar har knytta opp mot meg berre skal renne inn i statskyrkja. Eg får vel innrømme at eg er litt glad i ho, sjølv om ho gjer meg kaldsveitte i hendene og ganske ofte får meg til å bryte ut -Ka? Det er i alle fall slik at om du køddar med kyrkja på Torvastad, då køddar du med meg. (Eg kan sjølvsagt kødde med både kyrkja og meg sjølv).

Påskepraksis

kopplam
Det er vår. Ganske enkelt.

motorsag
I byrjinga av påsken var eg med og skoga på Skjølingstad. Eg likar det ikkje. Eg er livredd dei store trea. Panikken min ser ein ikkje på dette biletet, men eg var ikkje oppå der når treet til slutt datt ned. -Nei, gjer resten du, sa eg til han som sat og såg på. Så sprang eg i sikkerheit.

motorsag
Eg likte best å stå slik og sjå på.

motorsag
Når trea hadde komme ned var dei kjekkare å ha med å gjere.

Flink!

I helga har eg vore avløysar hos desse dyra

forgang

Når eg skal gje dei silo kjører eg denne vogna i forgangen. Ho er elektrisk og går anten fram elller tilbake eller ho står i ro. Fleire alternativ er det ikkje, ein kan ikkje styre farten. Det er akkurat plass til vogna i forgangen. Ein kan ikkje få hjula ned i etene (der maten ligg), men jammen kan ein sette seg bommeleg fast.

vogn

På fredag, like etter at sjonkel sjef hadde dradd av garde (bokstaveleg!) kom eg skeivt ut. Viss det hadde skjedd for eit halvt år siden hadde eg ikkje visst råd, men denne gongen måtte eg klare det sjølv. Adrenalinet steig, det var meg eller vogna. Eg marsjerte roleg bak alle kosserompene (ein spring ikkje i fjosen) og fekk dradd vekk den siloklompen som låg under eine hjulet og var tua som velta vogna. Tilbake med meg, rygge og rette opp. Vogna stod parallelt med båsane, eg trudde eg hadde kontrollen. Det hadde eg ikkje. Eg kjørte framover igjen og flopsi der velta ho endå verre enn før. No låg ho inntil båsane med det eine hjulet fritt i lufta. Men eg fekk ikkje panikk. Eg labba rundt igjen og måtte denne gangen henge med heile tyngda mi på vogna for å få vippa ho tilbake. Eg rydda så godt eg kunne framfor ho, og prøvde igjen. Og det gjekk! Eg hadde sigra over det oransje monsteret, og var sjefen i fjosen. Kossar og kalvar var imponert, og eg, eg var høveleg nøgd.

Eg siterer Lotta frå bråkmakergata:
Det är konstigt med mej. Jag kan så mycke. Ja jag kan allting faktiskt.

Og takk til deLillos, nok en gang:

Flink
Herregud, hvor flink du er med både armer og ben
Det er søren meg genialt hvordan du kombinerer dem
Herregud, hvor flink du er til å dusje og kle på deg selv
Nå har du jaggu meg stått opp og er våken helt til det blir kveld

Ja du er flink, flink, flink, flink, flink, flink, flink, flink, flink
Ja du er flink, flink, flink, flink, flink, flink, flink, flink, flink
Herregud, du er så flink og spesiell

Herregud, hvor flink du er til å spise ristet brød
Og du klarer å steke bacon helt til den blir sprø
Herregud, hvor flink du er til å si hei og hadet til folk
Nå har du faen meg rukket å spørre om hva du gjør i sin nye jobb

Ja du er flink, flink, flink, flink, flink, flink, flink, flink, flink
Ja du er flink, flink, flink, flink, flink, flink, flink, flink, flink
Herregud, du er så flink og spesiell

Ja, du er søren meg flink
For deg er allting mulig
Du kan lage ting, 100 % naturlig
Du er selveste mennesket
For deg går allting an

Du er så god til å tenke
Du kan legge en plan
Har du lagt en plan?
Har du lagt en plan?
Du må legge en plan

Herregud du er så flink til å være menneske og ikke dyr
Ja, du kan sette i en kontakt, du kan trykke på en knapp på masse dyrt utstyr
Fy faen å flink du er tross alt og likevel
Etter alle disse år på jord så klarer du og ligne på deg selv

Ja du er flink, flink, flink, flink, flink, flink, flink, flink, flink
Ja du er flink, flink, flink, flink, flink, flink, flink, flink, flink
Herregud, du er så flink og

Ja du er flink, flink, flink, flink, flink, flink, flink, flink, flink
Ja du er flink, flink, flink, flink, flink, flink, flink, flink, flink
Herregud, du er så flink og spesiell.

kosse

Agronomspirer på tur

Agronomelevane ved Vinterlandbruksskulen i Ryfylke har vore på tur i Ryfylke og på Jæren. Me har sett mjølkerobotar, vikingtidsauer, automatiske foringsvogner, juletre, nydelege kalvar som sprett omkring, ikkje snurten av ein einaste gris, ein stor haug sukkerroer og ein heil masse skit.

Her held eit juletre i handa mens eg instruerer fotografen i ikkje å ta biletet akkurat slik:
juletre

Mjølkerobotar og automatiske foringsvogner var fascinerande å sjå på, men ikkje særleg triveleg. De som imponerte mest var eit nytt fjøs med ammekyr, rase Limousin. Stemninga i fjøset var god, kyr og ungdyr rolege og trivelege.

Det var ikkje berre eg som likte dei:
limousinkos

Her ligg kalvane i lag med mødrene sine på mjuk halm og kosar seg:
kalvar

Dette bildet viser ikkje kor fine kalvane er, men tenk deg karamellar:
ammeku

Her: glorifisert:
limousin

Det luktar gras

silo
Siloen på Skjølingstad er nå fyld til randa med maursyredynka gras.

silo
Det gjeld å stue graset godt.

silo
Vakthund for å passa på maursyra blei hyra inn for anledninga i form av ein whippet. Han har hovudsakleg fokus på gardskattane.