Tag Archive for Foto

Mormor i bilete

På Nesheim med hunden Flinkå

Eg har fått låne det gamle albumet til mormor. Ein del av bileta hadde lausna, og ikkje alle hadde fått fin behandling, men det skal me ordne opp i. Her kjem eit lite utval. Bakpå nokre av bileta hadde mormor skrive kommentarar. Desse er gjengitt med hermeteikn. Kos dykk.


Hilda, Inga Kristine, far (Helge Johan), Ingvald, Sigurd og ? Berta Marie og Flinkå


«I Djupedalen som den var før krigen» Berta Marie, Oskar, Sigurd og Ingvald


«Det er alvorleg å ta bilde»


«Tollak hima frå Amerika, har vert der siden ungdommen» Adolf, Tollak og Kristoffer Aase, Anna Serina Nesheim (fødd Aase)


Foreldra til mormor på Nesheim
Helge Johan, Anna Serine og Astrid Nesheim


«Mor med de 8 ungene. Nesheimfamilien på Stange»
Hilda, Daniel, Anna Serine, Ingeborg, Inga Kristine, Ingvald, Berta Marie, Oskar og Sigurd


«Stor stas. Me har fått traktor (52)»


Thomas


Inga Kristine


Gjertrud Kristine, Inga Kristine og Knut


Knut, Thomas og Gjertrud Kristine


«Den håvelause Kari, farfar, Knut og far»


«Ka seie du far?»


Mor og barn på Stange


«Bestefar får klem av Knut»


«Knut kosar med kalven»


«Knut Selsaas koser seg med føll» (Oldefar på morfar si side)


«På Ferkingstadmoloen» Gjertrud Kristine, Inga Kristine, Knut, Thomas, Olaf og Kenneth (Storesund)

Dunkelzimmerwüderkammer

Ein
mgi

To
mgi

Tre
mgi

Fire
mgi

Etter ein dag med traktorkjøring, kvigeflytting og silopølselapping passar det godt med ein tur på mørkerommet. Bilete som ein må jobbe for å få sjå blir på merkeleg vis mykje finare å sjå på.

Siste november

NaNoWriMo gjekk som forventa. Sjølvsagt har ikkje eg lirt av meg 50000 ord på ein månad. Eg trudde vel i grunn ikkje at eg skulle gjere det. (Eg også nokså blotta for konkurranseinstinkt). Det betyr ikkje at eg ikkje har prøvd kvar morgon å skrive. Men det gjorde eg før det blei november også. Og no har eg funne ut at eg skal prøve å starte dagen endå tidlegare. Eg har hatt klokka på 5, og stått opp litt før halv 6. I går kveld satte eg klokka på 0350, og klarte å stå opp 0450. Det betyr at eg fekk meir enn ein halv time meir. Eg er B-menneske, sjølv om denne historia ser ut til å fortelje noko anna. Det inneber at eg utan problem kan ha klokkeradioen på i ein time, trykke ned snoozeknotten kvart tiande minutt og sovne igjen mellom kvart trykk. Det er altså viljestyrke som hiv meg ut av senga. Hadde eg hatt meir viljestyrke kunne eg hatt på klokka det tidspunktet eg har tenkt å stå opp. I staden må eg vekkjast endå tidlegare. Det er med andre ord eit hardt liv.

Så skar det seg litt i dag, for i går kveld var eg på kvinekorjuleetevitjing og klarte å gløyme veska mi der eg har alt. Det at eg ikkje oppdaga det før i dag morges fortel vel kor opptatt eg er av mobiltelefonen min for tida. Det viktigaste som ligg i den veska (utanom pengekort og slikt) er minnepinnen frå chlas ohlson. Der ligg alt. Godt at dette hushaldet har småe ungar og er oppe i otta slik som meg. Eg må beint fram stikke innom på veg til jobb. (Me snakkast, E). Aldri så gale at det ikkje er godt for noko, for eg fekk i staden tenkje rundt eit anna prosjekt eg har i hovudet. Det involverer månen og jorda i ganske stor grad. I tillegg til det å spinne. (Men ikkje på syklar som står i ro).

Over til det nye kameraet har det vore i bruk, men når eg skulle framkalle bileta i Lightroom oppdaga eg at den versjonen eg har ikkje kan lese rawfilene til kameraet. Tydlegvis er dei annleis for kvart nye kamera, og programma må få dette med seg. Eg likar Lightroom veldig godt, så eg må nok oppgradere. Etter den tolvte. Då kjem lønna. I mellomtida får eg prøve programmet som følgde med kameraet. Eventuelt kan eg sjølvsagt også ta bilete som ikke er i rawformat.

Fjos, Nikon, flink og litt religion

Eg sit og drøyer opninga av eska med mitt nye kamerahus, Nikon D300s. Det har stått i eska si sidan i går då eg reiste ein ærend til Stavanger for å handle på Stavanger foto. Der kan du komme med gamalt utstyr, og få redusert pris på det nye i innbytte. Eg fekk 1200 i innbytte for Nikon D70. Nyskaffa digsar får ofte stå og vente ei stund før eg pakkar dei opp. Akkurat i dette tilfellet måtte kamerahuset vente fordi eg fekk det litt travelt, men no har eg det ikkje travelt lenger. No slappar eg uforskamma mykje av. Slik er det når ein byrjer laurdagen med fjosstell, og attpåtil klarer å takle utfordringar med spinnande utforingsvogner og frosne røyr. Når ein har vore så flink på morgonkvisten er det uproblematisk å vere uforskamma avslappa. Ja, det er vel ikkje ein gong uforskamma når eg tenkjer meg om.

Ellers får eg vel takke På tro og Are for at eg etter å ha tenkt på det ganske lenge har funne ut at det å vere medlem av buddhistforbundet er noko tull. Eg får vel berre innsjå at det er noko muffins i alle slike etablerte tankemønstre som ein skal føye seg inn i uansett kor mykje ein kan hevde at alt er opp til ein sjølv. Ja, for det er opp til ein sjølv. Menneska er fine, litt hjelpelause av og til, men stort sett strevande, flinke og gode til å danne samfunn. Me lever no, det er alt me kan vite og gjere noko med. Eg skulle kanskje ha meldt meg inn i Human-Etisk forbund, men dei seier så mykje rart dei og. Så det spørs om dei kronene eg som norsk statsborgar har knytta opp mot meg berre skal renne inn i statskyrkja. Eg får vel innrømme at eg er litt glad i ho, sjølv om ho gjer meg kaldsveitte i hendene og ganske ofte får meg til å bryte ut -Ka? Det er i alle fall slik at om du køddar med kyrkja på Torvastad, då køddar du med meg. (Eg kan sjølvsagt kødde med både kyrkja og meg sjølv).