Tag Archive for Gadgetar

Apple!

Eg er rik på maskinar frå Apple, sjølv om dei eg har no er relativt gamle. iPhonen min er gammal, og både iMacen og Macbooka er kvite.. Men du verden som dei virkar. Eg har vore lur å nettopp oppdatere til snøleopard på dei kvite maskinane mine, så dei klarer seg utmerka. I tillegg til desse kvite som fungerer fint har eg også liggande ein iBook G4. Eg meiner han blei kjøpt inn i 2003. Han har lenge vore pensjonert, men her forleden dag då eg byrja å savne noko gammal musikk kom eg på at det var der eg hadde lagra han. Det ligg masse musikk på han, for eg hadde ein plan om å bruke han som musikkmaskin her heime. Og så gløymde eg det ut heilt til eg, ja, kom på det igjen. Så eg starta han opp i dag. Han fann det trådlause nettet mitt med ein gong heilt på eigehand, og krangla ikkje på noko. Han står og blenkjer fint på stovebordet, og eg trur han skal få seg ein ny vår som lærarmaskin på skulen. Musikken er no på veg via iMacen over på ein rosa miniharddisk frå Samsung, og skal vidare derfrå til Macbooka som synkroniserast med iPhone.

Konsekvens av bobilsal

I morgon sel eg bobilen. I går, etter å ha rydda og vaska i han, blei det og rydda litt ekstra inne i huset. Der det før låg ei røys med DVD-ar og skjorter i storleik XL klare til resirkulering, ser det no slik ut:

koseleg

Kva film er det som rullar og går, nokon som ser?

I tillegg trur eg nå at eg skal bli skikkelig rik, så i dag har eg vore usikkeleg og stilt eit behov som er langt fra grunnleggjande. Ein kan snarare seie at det rett og slett er heilt unødvendig, umoralsk (i høve til miljøet) og vil gjere augo mine endå meir såre og raude enn dei allereie er. Poseforma augekvite, er det normalt? Uansett, her ligg synden og sug til seg straum:

synden

Synden var forresten litt utriveleg. Eg trur heller eg kallar han Asle.