Nittande desember byrja det å snø. Glade kvitringar på facebook og tidelibom. Det snør kvart år ein eller annan gong i løpet av vinteren sjølv i ytre strøk av Rogaland. Viss me er heldige ligg snøen nokonlunde kvit omlag ei veke før han regnar vekk igjen. Den nittande desember håpa me et snøen ville ligge i alle fall over jul. Det hadde vore så kvitt og fint og triveleg.
Den nittande januar hadde snøen lege i ein månad akkurat like kvit og fin. Me satte kryss i taket, Tenk det!
Den tjuande desember var mange allereie lei av snøen. Den tjuande januar var alle lei av snøen. Ungane og. Eg veit berre om ein person som då framleis var glad i snøen, men han likar nok veldig godt å gå på ski.
No har snøen lege i over to månadar. Det var fint å ha kvit snø den mørkaste delen av året, men no står sola tidleg opp og går seint ned. Me treng han ikkje lenger no. Eigentleg er ikkje me så hugne på snø i det heile tatt. Dei fleste av oss tykkjer snøen er finast oppe på fjellet, så kan me vitje han når me vil.
Det har blitt mars, og då brukar det stå snøklokker i alle grøftekantar og hageflekkar. Dei kjem, eg veit dei kjem, men eg saknar dei så! Til tross, i dag augna eg håp. Eg brukar helse våren velkomen ved å gå ute i berre genser. Det kunne eg i dag.
At eg har hue og skjerf på er uvesentleg. Det er genseren som skal vere bar.
Eg gjekk til cooperativen for å handle mat. På veg dit fann eg dette flotte vårteiknet:
Dette er ikkje direkte eit vårteikn, men eg tykte det var ganske fint:
Blid og nøgd handla eg meg ferdig, nudlar, eple og oliven. Eg brukte ikkje lang tid. Likevel hadde det skjedd så altfor mykje i mellomtida. Då eg kom ut att hadde det byrja snø. Mykje. Eg måtte ta bilete av snøen inne frå bereposen.
Tilbake på HKV såg eg slik ut:
Slik såg det ut ute:
Dette er hua mi. Ho blei jo i grunn ganske fin.