Tag Archive for HKV

Finfint i fyrstninga av året

❄ Å vakne opp på HKV 1. januar etter fin-fin fest utan å ha vondt nokon plass.
❄ Langsam rydding og restemateting i fleire stille HKV i 2011-timar.
❄ Reint kjøleskap.
❄ Å stå opp klokka 0420 etter nokre timar svevn for ein lang, fin morgon.
❄ Kvardag
❄ Baggu full av grønsaker og ein nøgd mage.
❄ Ny design hjå favorittnettordboka
❄ Femåring:

fint i oktober

❄ Det er kvitt på bakken slik at eg blir tvinga til å ta bussen.
❄ Stavanger er ein fin by.

❄ Haugaland KunstVerk har laga film.

❄ Knallgrønn augeskugge.
Kulturnatt i Haugesund
❄ Godt og varmt og lyst og fint og han med fjær på veggen på skrivestova på HKV.

Filmfestival!

Som nestenhaugesundar (Torvastad) og filmelskar var det på høg tid at eg faktisk kjøpte meg festivalpass og gassa rundt. Den norske filmfestivalen i Haugesund opna 18. august og varer til den 26.

Eg byrja dagen friskt i går, laurdag med «Letters to Juliet» Det kunne eg forsåvidt spart meg for, for makan til makkverk.

Heldigvis var neste film «Micmacs-Det glade vanvidd» fantastisk fin. Hadde eg kunna fransk hadde han nok vore endå meir morosam. Det ante meg at dei ordspela som krampaktig vart forsøkt oversett til norsk var litt meir elegante på originalspråket. Men det gjorde ikkje så mykje, eg kosa meg i vissheiten om at filmen var endå betre enn det eg oppfatta -som var meir enn godt nok. Viss du likar «Den fabelaktige Amelie fra Montmartre» (same regissør, Jean-Pierre Jeunet), hatar våpen, og er heilt på det reine med at søppel har sin eigen estetikk då er dette filmen for deg. Det eg har notert meg i panna no er å leite fram dei andre filmane frå denne mannen. Han lagar så fine verdenar.

Neste film på programmet mitt var «På vei«. Ein film frå Bosnia og Herzegovina om Muslimar, vesten, religion, menneske, parforhold og familie. Flotte skodespelarar, fine bilete, god historie.

Etter at eg hadde slukt den filmen óg, var det på tide med ei pause. Hundar skulle luftast og både menneske og hundar måtte få seg mat. (Sjølv om mennesket hadde vore fornuftig og tatt med seg gulrotbitar og eplebitar i små plastboksar.) Så skulle Filmfestivalutstillingen opnast på Haugesund Billedgalleri. Festivalutstillar er Leonard Rickhard. Viss ein klikker på lenkene hos Billedgalleriet får ein vite meir om han. Etter utstillingsopningane på Billedgalleriet har det blitt tradisjon at me inviterer kunstnarane og andre gode menneske bort til HKV, fest og baluba. Denne gongen blei det servert wienerpølser og ost med fiselukt. Me tok ein uhøgtideleg versjon denne gongen. Det virka som om folk koste seg. Eg lurte meg likevel vekk nokre timar for å sjå «Bad Family». Aki Kaurismäki, fine skodespelarar, bruntonar og lange tause blikk. Ei god avrunding på filmdagen.

Etter litt meir festing trakk eg meg oppover trappene til skrivehola mi på loftet på HKV der eg har laga ei seng av pallar. Senga er 160 cm lang (eg er 163). Madrassen oppå pallane har eg tidligare kutta ein bit av for å lage hundeseng. Den stoppar omtrent ved knea mine. Eg har sove som ein slik stein, ein slik som ligg i ro, du veit. No har eg kaffi og knekkebrød i kroppen og er snart klar for «The Kids Are All Right» klokka 10.45. Ja, så eg må visst springe.

Inngang 10

Torsdag 11. mars opna Haugaland KunstVerk utstilling på Rogaland kunstsenter i Stavanger. Anne Jorun Salhus dansa, Bjarne Dankel Dy, Simon Næsse og Øyvind Arnøy spelte musikk, Simon Næsse holdt ein tale, og sjølvaste kultursjefen i Rogaland fylkeskommune, John Gunnar Johnsen holdt opningstalen. Til mi store overrasking hadde dei konspirert litt desse andre slik at han avslutta talen sin med å lese ein av mine tekstar. Og han leste han på ein veldig fin måte. Eg blei så glad og overraska at eg blei ganske på gråten. Det hadde seg visst slik at det var nokre der som syntes at tekstane var litt fine. Her er nokre smakebitar frå utstillinga:

alf
Alf Wold

njl
Njål Lunde

norunn
Norunn Fresvig

johan
Johan Ask Vikse

astri
Astri Ræstad

lindbod
Linda Skare og Bodil Bjelland

meg
Og meg

Stemingsrapport i juli

frokost

Slik kan ein også leve. Bobil-liv testing på Torvastad. Denne morgonen høyrde eg på den fine, grøne radioen, eg las litt i «The end of Mr. Y» og så skreiv eg noko som fekk meg til å smile lurt.

traktor

Denne traktoren kan eg kjøre, og ja, eg kan rygge med tilhengar. (Men nokre gonger må eg ta det i to-tre vender før han hamnar akkurat der eg vil ha han). I dag har 29 kjekke kyr fått seg friskt vatn.

sokker

Julepresangane fra i fjor er endeleg ferdigstrikka og overlevert.

bord

Slik blei det mørkebrune spisebordet etter oppussing med «krem» oljemaling. Det er allereie innvia med pizza og fabeldyrteikning. Heimesida til Haugaland kunstVerk er oppdatert.

Og her er ein fin-fin liten logo-film.