Tag Archive for Human-Etisk Forbund

Humanisme

Eg er vel snart innmeldt i Human-Etisk Forbund. Eg har ikkje gjort det tidligare for eg har reagert på at dei i nokre tilfelle har sparka litt blindt rundt seg utan at eg veit heilt kvifor dei er sinte. Eg har ikkje noko i mot kritikk av religionar, men eg kjem nok aldri til å bli ein overbevist ateist. De kan vel eigentleg kome av at eg har vanskeleg for å seie «Ja, slik er det!» Eller «Nei, ikkje på vilkår». Eg seier heller «Eg trur det, eg er nokså sikker». Dette i tillegg til at verda vår er altfor stor og merkeleg til at me kan forstå ho heilt med våre små hjernar som er så fastlåst i logikken me sjølve fungerer etter. Men det er langt fra tilfredstillande å forenkle dette ved å seie at ein som er større og flinkare og forstår mykje meir enn oss har laga dette. Han der store og flinke vil helst ikkje at me stiller spørsmål ved det han sa til nokre menn for fleire tusen år sidan og som nokre andre menn skreiv ned nokre hunderår etter.

Då eg skulle melde meg ut av statskyrkja for nokre år sidan meldte eg meg inn i buddhistforbundet. Eg kjem aldri til å vere praktiserande buddhist, men me er alle buddhistar, og det må jo vere den fredeligaste religionen på jord. Om me då skal kalle buddhismen ein religion. For meg er buddhisme eit filosofisk tankesett. Det er tankane som interesserer meg, ikkje rituala. Derfor kan eg like gjerne migrere til human-Etisk Forbund.

Eg er lærar i Religion, livssyn og etikk både på ungdomstrinnet og mellomtrinnet. Eg lærer sjølv mykje nytt når eg skal starte eit nytt emne, og i vår har eg lært om humanismen og ikkje minst om Human-Etisk Forbund. Det største humanistiske forbundet i heile verda. Ingen utfordrarar. Det er stilig. Det fortel mykje om landet vårt og om historia vår. Eg tror blant anna det fortel kor flinke me er til å tenkje sjølve.

Etter at eg tilfeldigvis ramla innom Humanisterna i Sverige sin test: Hur religiös är du? las eg fleire andre bloggarar som og hadde tatt testen, og som kritiserte han på fleire ulike punkter. Eg skal ikkje gå inn på det her, men de kan lese kritikkane blant anna hjå Den Tvilsomme Humanist og hjå Syltegeek. Grunnen til at eg trekkjer dette fram her er at denne lesninga gav meg eit enda bedre inntrykk av norske humanistar, og at mine fordommar mot dei nok ikkje var basert på eit bredt nok kunnskapsgrunnlag. Det er sjølvsagt slik at ein innanfor Human-Etisk forbund kan få lov å tenkje sjølv.

Og, det var ikkje eg som valde filmen, men i kveld skal eg på Edda kino og sjå «Angels and Demonds». Slik apropo berre. Eg har ikkje ein gong sett «The Da Vinci Code» ennå. Ikkje at eg ikkje har prøvd, men eg fann visst på noko anna ein halvtime uti filmen.