Tag Archive for Kvardag

Ny haust

Eg likar skifte av årstid. Haustregnet plikrar på rutene mine. Skuleåret er framleis ferskt. Me ventar på morgonfrost og den herlege vinterlukta. For min del er eg nøgd med dagane mine. Eg koser meg med kremen av kremete norske ungdommar mandag, tirsdag, torsdag og fredag, men eg koser meg like mykje med traktor, kviger og fjos onsdagar og diverse andre dagar. Alle dagar ispedd mynder, religionsfilosofi og pittesmåe historiar.

Kvigene gjer som eg seier, dei kjem når eg ropar og eg kan få dei til å gå dit eg vil. Eg ryggar med tilhengar og futtar rundt på traktoren. Lærer stadig noko nytt og blir betre på det eg allereie har lært.

I morgon skal eg til Sola og høre på Ariane Schelderup frå Barne-og ungdomsfilosofene. Det er duka for kvitebjørnen igjen, Ryfylket si markering av Rasmus Løland sitt forfattarskap. Dette året er temaet filosofi og identitet. Eg håpar eg får nytta dei to prosjektvekene etter haustferien godt.

Oppsummert langt over leggetid: Det er godt å leve.

Vaskefille-freak out

Det var ikkje meininga å vaske heile huset både inni og utanpå i dag, men det er forsåvidt heilt greit å ha gjort det. Ganske så ryddig blei det her også. Det kan rett og slett hende at eg klarer å bruke hovudet til noko fornuftig i morgon på grunn av det. Ryddig hus, ryddig hovud. Det virkar ganske kult å vere slik filosofiprofessor som held på å drukne i papir, men slik fungerer ikkje eg. Ikkje er eg professor heller. Men bokhylla er framleis kaotisk. Det skal ho få vere. Bøker i rekker og stablar blanda med familiebilete og sjongleringsballar. På snora dansar nyvaska klede i vinden, og eg har dansegolv i stova. Eg kjem til å sakne den store edderkoppen som sat midt i eit av glasa kvar kveld, men det kan jo hende ho kjem tilbake og bygger nettet sitt opp igjen.

Dagens lærdom:
1. Det er meininga at det skal gå an å sjå ut av vindauga.
2. Brannvarslarar likar ikkje salmiakk.
3. Kvite ytterdører er dust.
4. Svarte fliser i dusjen er like dust.
5. Å vaske er i grunn ganske gøy.

Sidan vindauga no er så reine skal eg prøve å finne ut om det stemmer at eit fuglepar har reir rett utforbi gjerdet mitt. Kanskje eg til og med kan finne ut kva for slags fuglar dei er.

Ein sjølvbiografi tjuenullnull-tjueti

RS sa her ein dag eit eller anna om at det kjentes som om ho slutta å rekne åra i 2000 omtrent. Hugsen min er ikkje så presis, så eg er ikkje sikker på akkurat kva ho sa. Det er heller ikkje hovudpoenget. Hovudpoenget er at ho fekk meg til å tenkje slik at eg enda opp med å ligge på kne i senga og rable ned notat til ein liten tiårssjølvbiografi. Det er den som følgjer nedanfor. Han er knapp og hentar ut berre det viktigaste. Trur kanskje han kan vere litt morosam. Eg plagast ikkje over å bli eldre. Eg samlar sulten på erfaringar. Bittesmåe erfaringar som eg plukker med meg på dei heilt vanlege dagane. Livet er så komisk om ein tenkjer etter.

I 2000 flytta eg frå Ås til Oslo. Eg mista mormora mi samme dagen som eg kjøpte ein teve eg slepte med meg aleine på tbanen frå sentrum opp til Kringsjå. Eg sat framfor han og strikka ein heil genser mens eg tok exfac, jobba i heimetenesta på Vinderen og helgependla til Ås for å treffe vener.

Eg byrja på filosofi grunnfag og blei kjent med nokre fine folk. Nokre fly flaug inn i to store bygningar i New York. Eg hadde aldri høyrt om dei bygningane før. Nokre minuttar etterpå fekk eg to tekstmeldingar frå ein begeistra lillebror som syntest det heile var råfestlig. Eg syntes meldingane var så festlige at eg sparte på dei.

Fann ein fin gut på debatten på Chateu Neuf. Han skravla eg med slik at me ikkje fekk med oss at tbanen hadde stoppa på Kringsjå, kjørt til Sognsvann, venta ei stund og byrja på turen nedatt. Me havna på feil side av spora.

Sidan reiste me til Tjekkia og Slovakia. Det var beinkaldt. Me måtte halde kvarandre varme. Eg fann ut at eg er allergisk mot marihuanapollen. Då me hadde komme tilbake til Oslo att og skulle reise heim til juletrea spurde han om han kunne få lov til å kysse meg etter jul. Det fekk han lov til. Så fekk han brev om at han skulle få lov til å reise til USA eit år. Like etterpå mista eg lillebror. Det er framleis rart og ikkje heilt til å tru. Dei festlige tekstmeldingane frå han 11. september blei prislause.

Den fine guten passa på meg. Me såg på fotball-VM og padla i kano. Eg grein då han reiste. Eg grein mykje det året. Mor mi fylte 50 i november. Ho hadde stor fest. Då var eg tynn som ein planke. Ho avslørte ein løyndom ho hadde halde på i 17 år. Det var ein koseleg løydom om mjølk og venskap.

Eg sletta ved eit uhell dei to tekstmeldingane frå lillebror og braut fullstendig saman inne på pauserommet på filosofisk institutt. Eg grein i fleire timar.

Eg var slem mot ein ny, fin gut med langt, mørkt hår. Like mørk som han var mild. Eg angrar fælt på det ennå. No veit eg ikkje kor han er. Eg snudde meg og gjekk utan å seie noko. Ville ikkje ta i mot. Eg hadde ski på beina, gjekk opp ein bakke bak Sogn studentby, såg meg ikkje tilbake, reiste heim til nok eit juletre. Eit som mangla ein heil gut på kne ved sida av seg.

Eg konsentrerte meg om filosofistudiane og leikte med dei i FIVH. Høyrde på Arne Næss og Johan Galtung. Det var mykje fredsprat dei åra. Fredsfestival hadde me også, og me gjekk i tog.

Så blei eg forelska igjen. Han hadde snille augo og var litt sjenert. Han var glad i dyr og flink med ord. Eg mista farmora mi. Ho blei gravlagd på samme dato som mormora mi. Her går eg i surr med åra, men eg trur me er komme til 2002 eller 3. Eg fekk han på kroken. Me gjekk ein tur der me kalla kvarandre fruktfat. Etter ei stund blei me sambuarar.

Eg fekk mastergrad i filosofi og fann ut at ein bør ha hund i huset. Eg byrja høyre på P2, fann ut korleis ein stikk hol i egg før ein kokar dei og at det løner seg å leggje tre femtiøringar under gryta når du kokar ris. Då festar ikkje risen seg i botn. Eg lo ein del. Skrudde litt på bil og kjørte Volvo til Lom. Lærte litt html og css. Eg fann også ut kor etisk bevisste ateistar kan vere. Kjøpte ein whippet. Blei lærar og holdt på å gå opp i liminga.

Sambuarskapet gjekk opp i liminga. Eg fekk ei niese. Flytta til Vestlandet. Med på flyttelasset hadde eg ein svensk italiensk mynde. Fann ut at det er lettare å vere nattevakt i 200% stilling enn å vere arbeidssøkjande i NAV.

Kjøpte leilighet og fekk jobb på ein bitteliten skule på ei bittelita øy som sjølv meiner ho er ganske stor. Blei del av Haugesund KunstVerk som fabeldyr, husfilosof og potensiell forfattar. Var ei veke på Utsira. Surra det fullstendig til. Pendla til Sauda der eg fekk agronomkompetanse. Fekk i mellomtida surra det opp igjen. Måkte ein del skit. Fann roen i tredje etasje i Wergelandsgate 19, på skulen og i fjosen. Kastar opp litt for ofte, men søv som ein stein.

Vanleg morgon

P2 klokka 5. 2x slumreknott. Putte hovudet oppi vasken. Fjelge seg. Klede på. Hundar ut i hagen. Frukost. Niste. Skrive setningar. Pakke sekken. Male fjeset. Kjøre til Haugesund via u-sving i ny rundkjøring på Håvik berre fordi det går an. Parkere bilen. Sjå stort, raudt ljos i vinduet til N. Låse seg inn. Kommandere hundane til å stå i ro (noko dei faktisk gjer). Finne nøkkel, låse seg inn, skru av brannalarm. Sjekke rom nr. 6. Ta med hundane opp i tredje. Gi dei vatn. Slokke ljos som ikkje treng å vere på når huset er tomt. Låse seg ut. Gå ned til indre kai. Reise til Røvær. God morgon! :)

Slike enkle, nære ting

Ein treng ikkje fyrverkeri når nordevinden hjelper bladverket i hekken å danse framfor lyset frå lyktestopen.

Det var ikkje noko eigentleg, og det var eigentleg alt

Sidan det har vore litt stilt og kjedeleg her inne ei stund, og sidan eg no sit og er sosial i lag med to gode vener derav ein lagar pitsa og dei to andre sit med kvar sin mac og henholdsvis pratar med folk over nettet og, ja, sit her og skriv på denne bloggposten, så tenkte eg at eg, ja, kunne skrive nett denne bloggposten. Hjernen min har teflonbelegg og er på god veg inn i sumarferien allereie, så eg ba om innspill til noko artig å skrive om. Det fekk eg ikkje. Det er forøvrig upraktisk med slik teflonhjerne når eg står føre to eksamenar dei neste to vekene. Ikkje at det uroar meg. Og det igjen er ei kjelde til uro. Om eg nå var slik skapt at eg uroa meg for slikt. Det er eg ikkje. Eg er den verste kompisen å ha på eksamensdagen. Eg er altfor glad og nøgd både før og etter gjennomføringa. De involverte kan gleda dykk.

Apropo teflon. I dag klarte nokre av elevane mine å ta den same nettquizen fleire gonger der det eine svaret var Einar Gerhardsen. Dei fekk svaret kvar gong, men hadde ikkje sjans å hugse det to minuttar etterpå. Dei er glupe, vanlegvis, mulegvis er dei smitta. Det er jo kjekt som lærar å vite at i alle fall noko av deg virkar inn på dei og utviklar dei vidare i livet om det no enn var i ei negativ retning denne gongen.

Til sist syns eg det er stas at desse tekstane som eg har skrive heng på kjøpesenteret Markedet der HKV får låne lokale fram til dei får ein eller annan kjede til å slå seg ned og lage reir.

tekstar

Det var alt, kanskje kjem det meir. Det er paradokset av i dag.

Det fine i det å gå tom for bensin

Viss ein skal gå tom for bensin i morgonrøsjet på veg frå Karmøy til Haugesund, kor gjer ein det då? Jau, midt på Karmsundbrua på veg oppover. Det er tingen. Så då gjer ein nettopp det, om ein er slug, slik eg jo er. Ein ventar i det lengste med å mate bilen, riggar seg ut om morgonen og reknar med å nå punktet 10-15 meter frå toppen akkurat i det den siste dropen blir brent i motoren. Slik kan ein sørge for at alle dei som skal over sundet på jobb får seg ein roleg tur i sakte fart over brua. Dei får sjå ei kvinne stå avslappa på fortauet og nyte utsikta sørover i deilig, klår aprilluft. Ein snill og hjelpsom mann får lov til å vise kor flink han er til å rygge bilen opp på fortauet slik at han er litt mindre til hinder. Han får stor takk med seg vidare inn i dagen sin, og han har noko fint å fortelje til dei andre når han kjem på jobb.

bru

Etter ei stund kjem det gul bil frå NAF, og ut kjem ein mann med masse skjegg og akkurat passe godt med tid. Me kjører over toppen av brua, og matar bilen mens han framleis står på den gule NAF-bilen. Så må bilen få seg eit elektrisk støyt, for når ein stoppar midt på brua tom for bensin ville det vore lurt å skru av lysa på bilen.

Når ein har komme så langt, og bilen durar og går som om ingenting hadde skjedd har båten til jobb på Røvær lagt frå land. Det gjer at ein må sette seg på HKV fram til neste båten går klokka 10.50. Ein lagar kaffi, ser «Hjernevask» på nrk.no. På dette viset finn går det også an å oppdage at filmen «The nanny diaries» ligg på nrk.no. Kanskje ligg han der heilt til eg får sett han.