Tag Archive for Kindle

Kindleverden

Eg fann ut at eg trengte nokre filosofibøker, moderne religionsfilosofi, på engelsk (sjølvsagt). På ein sundag. Så eg opna amazon.com, kjøpte bøkene og hadde dei på plass i Kindle sekundar etterpå. Det kosta 70 kroner. I tillegg har eg høyrt eit foredrag på ted.com. Teksten låg der også slik at eg kunne lese i tillegg til å høyre. Eg høyrte ikkje så godt etter, kopierte teksten, la han i eit dokument, laga det om til ein pdf, kobla til Kindle og putta inn pdf-en.

Fyrsteinntrykk, Kindle

Kindle er no opplada og har fleire bøker i seg. Fyrsteinntrykket gjorde meg litt uroa. Det virka som om skjermen var så ustabil og flimrete. Eit søk mens eg venta på oppladinga førte meg til ein mann som ikkje var så begeistra, men forsåvidt var det bra å sjå at det ikkje var unormalt sjølv om det er irriterande. Kvar gong du blar flimrar skjermen i svart ein augneblink før han roar seg ned. Eg reknar med det blir ei vane. Eg kan jo alltids nytte høvet til å lukke augo. Eg kjem vel til å sjå ut som Herbjørn Sørebø, men han var jo ein fin fyr.

Å lese er ikkje noko problem. Skjermen er god å sjå på. Eg har ikkje lest mange sidene ennå, så ei grundigare vurdering får eg vente med. Eg har allereie fått lyst til å kladde på skjermen, vant til iPhone som eg er, men eg trur at viss eg stiller meg inn på «lo-fi er kult» når eg les, kjem det til å gå bra. Knastane er ru å ta på. Det hjelper deg å føle deg fram, men det er jo også litt uvant for ein macbrukar som er vant til at alt er smooth og nais.

ssparar
For kvar gong eg no har satt Kindle i dvale kjem det opp eit nytt, fint svart-kvitt bilete. Som her, nokre fuglar. Darwin sine finkar mulegvis.
ssparar
Og Jules Verne. Hadde også Virginia Wolf oppe, men ho tok eg ikkje bilete av. Eg reknar med ho dukkar opp igjen. Innstillingane har eg ikkje vore innom ennå. Der kan eg sikkert styre dette meir.
plugg
Denne pluggen var alt eg fekk å putte i veggen, men usbkabelen reknar eg med kan puttast inn i ladaren til iPhonen.
bokliste
Eg har vore på gutenberg.org og lasta ned nokre klassikarar. I tillegg har eg lasta ned ei norsk bok på feedbooks.com «Tvilsbekjennelser» skrive av Arnfinn Pettersen Alle desse har eg lasta ned til macen, og putta inn i Kindle manuelt. «Daniel Deronda
hadde eg lasta ned på amazon frå før, og den fann Kindle då eg kobla meg opp på trådlausen.
futteral
Slik ser Kindle ut i futteralet (som har skreddarsydde fester).
Det som gjenstår no er å leite rundt i innstillingane. Eg har også lyst til å finne ut kor eg får tak i desse to-vekes prøveabbonementa på to ulike aviser. Dei spratt ikkje fram av seg sjølve. Ja, også får eg vel byrje å lese.

Kindle(i hus) og UPS(fail)

Sit med godt innpakka Kindle framfor meg mellom armane mens eg skriv. Eg har også ei uggen kjensle i magen. Delvis skuldast ho at eg er svolten, delvis at eg nettopp har fått hjarta i halsen. Tidlegare i veka kom futteralet reisande. Det kom med DHL, og ein hyggeleg fyr ringte til meg då eg var på jobb for å finne ut kor eg var. Han lurte på om det var greit at han la pakka i postkassa, og det sa eg ja til. Det er ikkje så mange pøblar på Håvik. Dette var vel på torsdag trur eg. På fredag hadde UPS prøvd å levere pakke nr. to som eg no sit og vaktar. Ingen ringte, men eg så på trackingen at dei ville prøve igjen, og at signering var påkrevd. Greit i grunn det.

I dag skulle eg ikkje så langt sidan det er haustferie, men eg tenkte eg skulle ringe for å høyre kor langt dei var komne, og om dei kanskje hadde lyst å levere på HKV i Haugesund heller. Då eg ringte UPS omtrent klokka halv ni i dag morges tok dei telefonen, men ingen sa hallo. I staden stod eg ei lita stund forfjamsa og høyrde på to svenskar som diskuterte eit eller anna i bakgrunnen. Eg gav opp og drog på eit kort møte på Karmøy rådhus. Då eg kom heim igjen ringte eg ein gong til. Etter å ha blitt blåst hovudet fullt av grim musikk fekk eg ei dame i tale. Ho kunne fortelje at dei kom til å levere ein gong mellom ti og fem, og at det ikkje var muleg å få tak i personen som kjørte bilen. Ho sa eg kunne feste ei ærklæring på døra om at det var greit å levere uten underskrift, men det var jo litt underleg syntes eg, og dessutan var det ikkje noko problem for meg å halde meg heime. Eg har no slikt å gjere.

Etter ei stund sjekka eg trackinga igjen. Det var då eg fekk hjarta i halsen. No hadde eg fått pakka og signert for ho. -Kafanken! (Ja, det var det eg sa). Eg virra ei stund rundt i ring på gulvet mens eg sa liknande ting som –Kafanken! Eg las omatt at eg hadde signert:
Tracking Number: 1ZA722W86683500903 Service:EXPRESSWeight:1.20 LbsShipped/Billed On:10/05/2010Delivered On: 10/11/2010 10:54 A.M. Delivered To: HAAVIK, NO Signed By:K SKJOELINGSTAD Location:RESIDENTIAL
Thank you for giving us this opportunity to serve you.
Sincerely,
UPS

og stimte ut i nabolaget i berre tøflane for å finne den lømmelen som hadde signert for pakka mi og stukke av med ho. Eg såg for meg at ein av dei (normalt veldig kjekke) naboane mine sat og tafsa på pakka mi med skulande augo og eit grådig glis. Heile tida var eg heldigvis også relativt rasjonell slik at det første eg gjorde var å sjekke postkassa.
Der pakka låg.

Rett nok er det ikkje nummer på husa her, men ein har berre fire dører å velje mellom. Eg meiner, kor lat er det lov å vere. Gje dessutan UPS-arbeidarane ein mobiltelefon slik at dei kan ringe til dei som dei så fint ønsker å «serve». Ok, ut kom det. Eg har snart roa meg ned. Men før eg kan opne pakka må eg nok spise litt. Pakka ho får liggje og godgjere seg litt. Den obligatoriske ventinga før avdekking. Slik er det berre her i huset.

DHL: 10 poeng
UPS: fleirfoldige minuspoeng.

Eboktips?

Kindle er no i Oslo. Futteralet kom i går. Eg mistenker Kindle er på veg over fjellet eller rundar Sørlandet i løpet av dagen. I mellomtida prøver eg å finne fram til gobitar å putte inn i han. I dag fann eg denne sida: http://bergenbibliotek.no/blogg/utpakking-av-kindle-3. Nokre som har andre boktips?